Gå til innhald

Sjel og tanke

august 19, 2013

lommeur

Det blir snakka veldig mykje om at ein må ta ansvaret for kroppen sin, for å eta sunn mat, trena regelmessig og få nok svevn. Det er eg heilt einig i, meir enn det sikkert kan sjå ut til, til og med. I dag vil eg likevel slå eit slag for at me ikkje må gløyma resten av mennesket heller. Sjel og tanke kan og samanliknast med musklar som har godt av å bli brukt.

Etter fleire år i fast fylgje med Martin Lönnebo og boka «Veven», har eg nå funne meg det ein kanskje kan kalla ei ny treningsbok for sjela. Boka heiter «Den indre rytmen,» og er skriven av Charles Ringma under rettleiing av Henri Nouwen, ein katolsk prest som døydde i 1996, og som var ein stor tenkjar og teolog.  Charles Ringma har undervist i sosiologi og religion på eit australsk universitet, jobba med rusmisbrukarar i Australia og blant fattige i slummen i Manila. Ikkje minst det siste fortel meg at han er eit handlande menneske og ikkje ein livsfjern teoretikar. Ringma snakkar om tid og prioriteringar og dette at mange av oss, både i kyrkje og samfunnsliv,  lever i eit stressunivers med alt me skal rekkja, der tidskabalen alt for sjelda går opp, og der me ender opp med å bli heilt utmatta.

Ringma meiner me har forsømt noko viktig, nemleg å leva oss tilbake, pusta roleg, og søkja Gud i stilla for å bli fylde opp på ny med kjærleik, mot og kraft og fred. Det er ganske motstraums på mange måtar, men for meg høyrest det veldig rett ut. Eg håpar dette er ei bok som kan virka positivt inn på livet mitt, den eg er, og den eg gjerne vil vera. Eg trur dette er tankar som kan vera bra for fleire enn meg, så eg tenkte å koma med små sitat frå det eg har lese denne siste veka. Eg tenkjer at kanskje ein eller annan kan trenga akkurat desse tankane skkurat nå…

Mens energien ebber ut, forsøker vi å rekke mer og mer. Vi ligner trær som er rykket opp med rot og ligger der og spriker villt med røttene i været. Vi strekker engstelig armene mot himmelen og ber om ekstra utrustning når vi i stedet burde bli plantet på nytt i næringsrik jord. Det handler ikke om å gjøre mindre, men om å prioritere annerledes slik at vi tar oss mer tid til å være stille. I stillheten finner vi ny styrke og nytt håp.

Vi er ofte redde for å være alene. Redde for hva vi kan finne ut om oss selv dersom vi tar oss tid til å være stille… Redde for å innse hvor ubetydelige vi er, hvor lite vi har oppnådd, og at vi faktisk en dag skal dø…. Likevel trenger vi å være alene. Vi trenger å gjenoppdage oss selv, og vi trenger å varme oss i lyset fra Guds kjærlighet gor å kunne møte vår smerte og vår mangel på besluttsomhet med nytt håp og tro. Når vi lærer å være alene og å være stille, rydder vi vei så vi kan møte Gud med åpenhet og ærlighet. Da vil vi gjenoppdage at vi verken kan skylde på andre eller flykte fra virkeligheten.

Vi er nødt til å se oss selv i øynene og innrømme vår egen smerte og frustrasjon. Og enda viktigere. I vår ensomhet må vi erkjenne hvor lite kraft vi har til å oppnå det gode og få kontroll over vår egen tilværelse. Vi må opptre beslutsomt, og ta ansvar fo  egne valg. Samtidig må vi innse at vi ikke er herrer over egen skjebne. Denne innsikten trenger ikke drive oss til fortvilelse. Den kan hjelpe oss til bedre å forstå hva det er å være menneske. Og den avdekker vårt behov for å komme inn i et forhold til Gud der vårt strev blir byttet med tillit.

Charles Ringma

Eg innser at desse sitata truleg kan vera nokså provoserande for nokon, og eg tek gjerne i mot innspel på akkurt det. Men for meg er det blitt litt av kjernen i livssynet mitt at eg ikkje treng å prestera heile tida, ikkje treng å vera perfekt. Eg kan lena meg mot tilliten. Akkurat det siste appellerer til meg, for på ein del område er eg av natur både smånevrotisk og litt av ein kontrollfreak.

Då eg valde å skriva akkurat dette i dag, så var det med ein liten baktanke i forhold til dagens lyrikar som heiter Oskar Stein Bjørlykke. Oskar Stein har blitt sett på som ein av dei verkeleg betydningsfulle lyrikarane i Norge dei siste 30-40 åra. For meg er det ekstra kjekt å seia at eg faktisk kjenner denne mannen frå det verkelege livet og. Eg møtte han for 28 år sidan då eg gav ut mi første diktbok. Eg var 24 år og forstod ikkje kor stort det var å faktisk få ei heilt ekte bok antatt. Oskar Stein var forlagskonsulent for meg, og tok varmt og generøst i mot meg heime i huset sitt for å gå gjennom tekstane mine saman med meg. Kor generøst det var, skjøna eg heller ikkje den gongen, men eg møtte opp med ei ganske stor grad av ærefrykt, for eg hadde lese både dikta hans og artiklar om han. Seinare har me jobba i lag i ei språkkonsulentgruppe i samband med liturgien i den nye gudstenestereformen. Det var eit arbeid det var veldig spennande å få vera med på. Ei av dei bøkene han har skrive, som eg set aller mest pris på er «Hans Klure», ei bok som kom ut i 1974. Her ser me livet gjennom auga på ein mann som kanskje av andre blir sett på som ein litt einfaldig bygdeoriginal. Eg har lyst til å vidareformidla nokre av dikta der i frå:

IV

Da e møkje svære folk i verdo. Da
e kje så monge her. Men da finst
no sorten.

Og kvar gong eg ser dei, så tenkje
eg so så:

Me har rett til å leve me óg.

 

XI

Veit du ka me gjere?

Jo, me teke da galna.

Og så dalga me te da.

 

LIX

I stidlo finne me da fina.

Ja, da fina.

 

Lxxx

Stundo kjeme da fina te oss.

I dottavis

 

VXV

Viss eg e forleien for mat, så
kjøpe eg meg mat.

Viss eg e forleien for hesjastaur, så høgge eg ein hesjastaur.

Viss eg e forleien for heila livet,
da e då me må be.

La gå at det e långt fram.

La gå at det e månge bratte bakkar.

Men det e me så går di,

og me gjer oss ikkje.

 

Oskar Stein Bjørlykke    (Hans Klure)

Tinghaugbakken

Heidi

3 kommentarar
  1. ALL VERDAS's avatar

    Sjølvsagt, vil eg mest seia, sidan du alltid talar til meg i det du skriv: Eg har og desse dikta i diktboka mi, skrivne inn for hand for lenge sidan. – La gå at det e» longt fram. Men det er me so går, og me gjev oss ikkje!

  2. ALL VERDAS's avatar

    Og Veven av Martin Lönnebo har eg og. Der har eg henta dette tipset: Skriv ei setning kvar kveld om kva du takkar for den dagen – det blir ei bok om det gode livet ditt. Boka til å skriva i, kan du kjøpa her: http://www.allverdas.no/butikk/papirvarer
    🙂

  3. heidiskriv's avatar

    Takk for gilde innspel 🙂 Kanskje eg har sitert Oskar Stein feil på det siste diktet? Det tok eg nemleg direkte frå minnet… Eg og har sånne handskrivne diktbøker, og eg les i dei rett som det er. 🙂

Legg att svar til ALL VERDAS Avbryt svar