Gå til innhald

Å såmenn, vær rene på hendene

august 22, 2013

hestar i rapsåker

Det er ei stor omstilling i eit menneskeliv å begynna på skulen. Eg vil tru at for dei aller fleste foreldra kjennest det både høgtideleg, vemodig, spennande og kanskje litt skummelt når son eller dotter allereie er så store at dei skal få ranselen på akslene og begynna på skulelivet sitt. Spesielt dersom det er eldstemann det gjeld, tenkjer eg. Så står me der og er lærarar, miljøarbeidarar, miljøterapeutar og SFo-ansatte, og vil så veldig gjerne ta i mot alle saman på ein god måte, og ynskjer dei alle alt gost som tenkjast kan i det dei forlet startstreken og set i gang med det store løpet. Veldig mange er allereie imponerande sjølvhjulpne og flinke til å ordna opp, men det er mange tannhjul som skal setjast i gang, mange reglar ein skal læra å forhalda seg til, og mange songar ein skal læra å syngja. Dei aller fleste har ein heil del kompetanse på desse arenaane etter fleire år i barnehage, men det let seg ikkje fornekta at skulen er ein annleis arena med nye og annleis krav.

Det er fint og høgtideleg og viktig å vera blant dei vaksne som står der og tek i mot dei, og meir enn noko er det forferdeleg travelt. Me vil så gjerne at desse første vekene skal bli fine og spesielle for alle saman, og det er mange spørsmål å svara på, litt snørr og tårer å forhalda seg til, ein del skosnorer å knytta, ranslar å lukka, bøker å halda styr på, mjølkekartongar å opna, og mange forventningar å innfri. Det kan nesten samanliknast med dei første vekene med ein ny baby eller ein valp. Det er intenst og spesielt og viktig. Alt saman på same tida…

Eg hugsar koss det kjendest å begynna på skulen. Stort og viktig, veldig kjekt og ganske skremmande. Men så vidt eg hugsa vende me oss til det ganske raskt. Ganske store forskjellar er det likevel. For 45 år sidan hadde vel dei færraste av oss sett sine bein i ein  barnehage. I «Barnetimen for dei mi

nste», eit fast morgoninnslag i barndomen hende det at dei slutta med setningen: «Og nå skal kanskje du i parken eller i barnehaven…» Park» trudde eg at eg visste kva var, for det hende me mata duer i Stavanger. «Barnehave», der i mot… Dei einaste assosiasjonane eg hadde låg meir i sundagsskulesongen:

«Jeg vet en deilig have, der roser står i flor, den skapte Gud til gave for alle barn på jord». Hage var noko ganske prosaisk, men have måtte vera ein stad «der roser står i flor». Og at det leika barn mellom desse blømande rosene, som stod i flor, kva nå det måtte vera, var ikkje vanskeleg å tenkja seg.

Med vårt nokså manglande kjennskap til barnehagar, hadde me likevel ein viss kompetanse på det frie barnelivet dei fleste av oss levde, litt på sida av dei vaksne, heilt til me var sju år. Likevel, eller kanskje nettopp derfor, det var stort å begynna på skulen. I alle fall var det det for meg, det er kanskje farleg å uttala seg på vegne av alle andre… Likevel er det fascinerande korleis barneminna dukkar opp, når ein omgir seg med barn. I dag sat eg i sandkassen med ein gjeng ungar og bygde hus. Eg tok meg i å verkeleg sakna den vesle grøne rombeforma vaskepulverausa som eg brukte til å leika i sanden med då eg var fem år. Ein kunne nemleg bruka botnen til å laga eit veldig fint mønster i sanden som såg ut nesten som kunstferdig lagde steinheller utanfor sandhuset. Akkurat den hadde det vore fint å ha i dag. Eg hadde forresten ikkje sandkasse, bare ein sandhaug som far skulle bruka til å støypa med i den store reia som stod ved trappa. Eg hadde forresten høyrt lese  i barnebøker at det helst skulle vera sandkasse, så ein dag prøvde eg å laga min eigen sandkasse ved å tømma uttallege små bøtter med sand ned i lysgrava framfor eit kjellarvindu. Det var ikkje populært…

Men etter 27 år i skulen, og etter å ha send i veg fire eigne barn i tur og orden, har eg vel nesten meir erfaring med andre sin skulestart enn med min eigen ein gong for lenge sidan. Likevel, eg har fått sett det frå minst tre sider. I dag skal eg sleppa til ein far, her på sida. Og ikkje ein kva for helst slags far. Lyrikaren Kolbein Falkeid har skrive ei uvanleg vakker skildring av det å senda eit høgt elska barn til skulen for første gongen. Eg går ut frå at Unn for lengst er vaksen… Kanskje begynte ho på skulen omtrent samtidig med meg? Men mykje er likt i dag og… Ikkje minst kjenslene…

God tur, skolepike

(til Unn og dei andre)

God tur, skolepike.
Med den røde ranselen som en soloppgang på ryggen,
og flettene lik gardiner trukket til siden
for nakken din, denne hvite nonnen
jeg alltid har lyst til å si omforlatelse til,
går du
til dine første skoledager.
Ansiktet ditt ryker av en forventning
like eksplosivt fruktbar
som en nybrøytet åker i regnskoglandene.
Å såmenn,
vær rene på hendene og barhodete
når dere med såkorg går ut på dette jordet.
Jeg tror ikke kunnskapene dere kaster ut
er spilt korn, men jeg vet;
alt som uten baktanker,
uten skepsis, umaskert
og uvettig vergeløst
går ut til livet med tilliten
som et kostbart gulleple i hendene
er hellig.
Så god tur med deg, skolepike.
Kolbein Falkeid

Og så, ein av mine eigne førsteklassingar. Ei stund sidan det og…

Halvard seks år

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: