Gå til innhald

Augusthelg der aust

august 25, 2013

image.

På Oslo S, like ved tigaren, gjorde dei klar til eit internasjonalt opptog då me kom ut frå stasjonen. Der stod dei oppstilde, dansarar frå Thailand, musikanter frå forskjellige land, folk kledde inforskjellige folkedrakter, eit norsk skolekorps og ridande politi. Me fann vel i grunnen aldri ut kva og korfor, men etter å ha sett på toget, så la me i veg etter dei opp Karl Johan. Me hadde funne ut at for oss ville det vera nesten like raskt å ta toget til Oslo og T-banen til Jar. Sidan me likevel ikkje kom til å rekkja første del av hageselskapet me var på veg til, som var ein tur langs Lysakerelva, fann me ut at me kunne unna oss ein laurdagspromenade langs Karl Johan, og så ta banen frå Nasjonalteateret.

Når det er ei stund sidan sist Oslotur, er det litt overveldande å landa der midt i valkamp og sensommar. Ganske mykje av det som ville vore relativt oppsiktsvekkjande heime, løftar ein ikkje på augeloket for her. I tillegg til det myldrande folkelivet, med gatemusikantar og gateteiknarar, selgjarar av «Folk er Folk» og «= Oslo», vart folk intervjua av nrk, det var tiggarar overalt, nokre av dei sat med skilt der det stod at dei var norske og trong pengar… På eit gatehjørne stod ein mann utkledd som ein ulv… Det var deilig sommarvarme, og folk gjekk rundt med kaffi i pappkrus og høge isar. Eg gav 20 kroner til ei rom-dame og prøvde å forklara at eg ikkje hadde meir myntar. Likevel insisterte ho på at eg skulle få ei rose av henne. Seinare fekk me kvar vår rose frå arbeiderpartiet, og på trikken litt seinare kom ei dame bort og gav meg sine to roser. «Så får du en liten bukett.» Eg takka nei til ballongar frå Fremskrittspartiet, men tok i mot ei gratisavis og mange brosjyrer med fine valgløfte frå diverse parti som hadde rigga seg til med stand. Enkelte av dei, som «piratpartiet», ante eg ikkjebom eksistensen av. Utanfor Nasjonalteateret hadde «Dansarar for miljø», ei lita forestilling, og på banen fekk eg eit smil frå Trond Viggo.

Joffe og Elisabeth hadde dekka eit koseleg langbord ute i hagen mellom blomar, frukttre og bærbuskar, i beste «Hipp-hipp-hurra-stil» . Det var så varmt at me vart sitjande ute både med fin middag, og seinare med dessert, kaffi og kaker. Det einaste problemet var at knotten etterkvart vart nokså nærgåande. Etter ein koseleg kveld overnatta me på sofaen hos Eva Mari og Henrik som så ofte før, og i dagtidleg var det kaffi og frokost på terrassen. Eva Mari og eg gjekk tur med hunden, og ende på ein benk i gravlunden. Inne i kyrkja var det gudsteneste, og der me sat høyrde me korsongen og solosongen heilt klart. Til slutt var det solosong av den salmen som ha fulgt etter meg dei siste åra. «Jeg synger meg en blå, blå salme, når dagen svinger hatten til farvel…»

Me rakk og familielunsj i hagen til svigermor og svigerfar, som nå er blitt hagen til Astrid og Einar. Den varmrøykte laksen frå i går smakte like nydeleg som i går, og etterpå var det kaffi, druer og biscotti saman med plommer frå hagen i Kirkeveien. Det er ikkje ofte me er samla med alle brørne til Leif og alle svigerinnene i Bærum. I fjor sommar levde begge foreldra og. Det kjennest som ein ny epoke er starta. Biletet øverst på denne posten er frå lunsjbordet i føremiddag.

Nå er me på toget att. Då me kom til stasjonen fekk me vita at det var store forsinkelser på grunn av at dei hadde hatt svikt i signalanlegget. Denne gongen viste det seg rett og slett å ikkje gjelda vårt tog. For ei fin helg me har hatt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: