Livet byr på overraskingar
Odd Christian hadde meld seg på Stavanger halvmaraton saman med ein kollega og ein kompis. Sidan han har vore skada, har han ikkje fått trent så mykje som han hadde tenkt, men fann ut at han ville starta likevel.
Eg og far hans fann ut at dette måtte me få med oss, så me stod klar saman med andre heiagjengar, først i Hafrsfjord etter ca ei mil, og så i målområdet utanfor Stavanger Domkirke. Så langt hadde han aldri sprunge før i eitt strekk, og eg er stolt og imponert over at han klarte det. Det er meg sjølv ein uendeleg fjern ting å gje seg i kast med, så eg forstår nesten ikkje at folk orkar. Nokre av deltakarane såg forresten ut til å vera tjue år eldre enn meg, så kanskje eg framleis har ein sjanse om eg skulle koma i det moduset… 😉 På bIletet viser det at det gjer bittelitt vondt i beina etter at ein har kryssa mållinja, men slikt må ein vel rekna med. Nå ligg katten på ryggen og malar ved høgre handa mi, eg kjenner henne godt nok til å vita at ho prøve r å lokka meg i ei felle, nemleg å klø henne på magen, slik at ho kan angripa handa mi…
Katten maler på skrivebordet, og mannen maler på loftet. Det må vel vera gode greier. Sjølv må eg vel prøva å få skikk på huset, sjølv om eg mykje heller ville ha sitte her. I dag åt eg forresten Sushi for først gongen. Det smakte godt.
Heidi
From → Barna mine, Kattar, Livet og alt ein burde ;-), Mat, Uncategorized