Gå til innhald

Lucifers munn

august 30, 2013

uversskyer

Eg kom ikkje så langt som til  å presentera lyrikaren for i dag. Ho heiter Heidi Bonde, og eg sit med debutsamlinga hennar i hendene. Denne heiter Lucifers munn. Eg liker dikta hennar. Dei fører meg ut i eit slags drøyme- og tankelandskap. Eg tenkte å sitera nokre av dikta, og kanskje koma med litt frie assosiasjonar sånn innimellom.

De  lune dur

Den lune dur
fra tåkelurene
havets aldri hvilende
innsigelser
det er alt vi har
vi som ikke
går til bunns.

Heidi Bonde

augustbad

Havets innmat

Havets
evige trang til søvn
manetens uformelige drøm
tangblærenes vuggende sug
skjellenes bløte puter
algenes rolige pust under
vindens teppe.
Iblant lykkes det meg
å vekke en tangloppe
Iblant sløyer jeg
en fisk og finner innmat

Heidi Bonde

Akkurat som meg så har ho eit nært forhold til havet. Eg kjenner meg att og kjenner meg ikkje att i hennar hav. Det er spennande å kjenna på andre sine bilete og kjenna kva det gjer med mine eigne, og med meg.

Havet skyver månen opp

Havet skyver
månen opp
gjennom glassvinduer
under kjølen
ingen fisk
ingen føtter
i månens bakhode
en pil fra Neptuns buestreng.

Heidi Bonde

Kanskje veldig mange har det som meg? Når eg er på fotoutstilling, får eg veldig lyst til å fotografera, når eg er på kunstutstilling, får eg frykteleg lyst til å mala, og når eg les andre sine dikt, får eg frykteleg lyst til å skriva dikt eg og.  Nå når eg systematisk les fleire diktsamlingar kvar einaste veke, får eg veldig mange tankar og bilete inne i hovudet, og får veldig lyst til å skriva. Og skriva har eg sett av tid til å driva på med, så det er noko eg faktisk kan bruka litt tid på.

Løvheng

Bak ordet er
stillheten
jeg lister meg innpå
igjen og igjen
utrettelig
løfter jeg
mine vinger
for en dag
å komme igjennom
løvhenget.

Heidi Bonde

Og eit haustdikt til slutt.

I øst er aksene tunge

Jeg høster
mine korte strå
i øst står kornåkrene røde
jeg teller
mine valmuer
i valent gress
i øst er aksene tunge

jeg veier
sitronsommerfuglens
ene vinge
i øst er aksene tunge.

Heidi Bonde

valmue c c

Dette utruleg vakre valmuebiletet fann eg på creative commons under signaturen http://www.photoree.com. Det er sjeldan eg brukar creative commons-bilete, for eg er ikkje heilt sikker på korleis det virkar, men eg tek ein sjanse. Så vidt eg har forstått, så ligg dei der for at ein skal kunna dela, men eg veit ikkje om ein kontaktar opphavsmannen på eit eller anna vis?

Nå får eg ta eit skritt vidare i fredagen min. God helg, alle saman.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: