Skip to content

Min kropps vaktar…

september 27, 2013

image

I dag har eg vore flink jente og gjort mi borgarplikt mot meg sjølv og helsevesenet. Eg stod opp like tidleg som eg pleier, og reiste med tog inn til Stavanger for å bli mammografiscanna. Det høyrest jo eplekjekt og daglegdags ut å uttrykkja det slik, men sanninga er langt meir nevrotisk. Då eg vart kalla inn i vår, passa datoen veldig dårleg. Den kjekke dama på sentralen prøvde så godt ho kunne å finna ein ny dato, men det var ikkje så lett, for det var så travelt både på jobb og heime. Me vart samde om at eg sjølv skulle ringja og be om ny time… Tanken har streifa meg i månadsvis, og for to veker sidan samla eg motet og ringde inn. Eg bad om å få time ein fredag, og det fekk eg, heldigvis var det fjorten dagar fram i tid, så eg fekk litt tid til å psyka meg opp… Problemet er ikkje sjølve undersøkjinga, men det faktumet at ein eit par veker seinare kan få eit brev som snur statusen din frå heilt frisk til veldig alvorleg sjuk. Fantasien min er det ikkje noko i veien med, og eg er ikkje dummare enn at eg skjønar at ein dag kan det vera min tur til å få ein diagnose som alle er redd for å få. Mammografiscanning har blitt kritisert med grunnar eg godt kan forstå; Det skapar engstelse å vita at dei kan finna noko, ein kan få falsk alarm om at noko er gale, og bli forferdeleg redd. Ein kan oppleva falsk tryggleik fordi dei ikkje finn ting dei burde ha funne. Alt dette er eg veldig med på. Samtidig innser eg at det er for dumt å finna ut at ein har ein kreftsjukdom som er oppdaga for seint fordi ein lot vera å møta når ein vart innkalt.

Men kjekt er det ikkje for nevrotikarar som meg. Eigentleg påstår eg at eg ikkje er nevrotikar, men eg må nok innrømma at på eit par felt i livet har eg tendensane, eller kanskje me er mange som opplever det slik.  Etter dei obligatoriske livmorhalsprøvane blir eg skjelven på hendene bare eg opnar postkassen i vekene etterpå, sjølv om dei aldri har funne noko gale, og det heller ikkje har vore nokon grunn til å tru at dei skulle finna noko. Nå er eg altså i mammogrfialderen. For to år sidan var eg forresten innom ein privatklinikk og fekk utført same undersøkjinga fordi eg følte meg litt engsteleg, så heilt ute av stand til å ta ansvar har eg ikkje vore, men du all verda kor skummelt det var…

På toget til byen, såg eg ein fisk hoppa høgt over vannflata i Frøylandsvatnet, og håpa det kanskje var eit teikn på å vera frisk. «Skjerp deg, Heidi», seier rasjonalisten som trass alt bur ein plass inne i meg til slike tankar. At siste stasjonen før byen heiter Paradis, kan knapt nok tolkast som eit teikn på noko som helst, sidan stasjonen nå eingong har det namnet uansett korleis ein snur og vender på det. Eg hadde vore litt redd for å ikkje finna fram, men det gjorde eg, og eg vart teken mildt og snilt i mot då eg kom. På venteromet sat to damer som heilt tydeleg kom frå eit anna land, som var ute i same ærendet som meg. Kanskje det er løysinga, tenkte eg. Få samkjørt desse timane med ei venninne eller ei syster, det kunne kanskje gjera det heile litt hyggelegare. I det eg gjekk inn døra til bygningen tenkte eg det eg alltid tenkjer når eg går om bord på eit fly: «Eg kan jo bare snu og gå…» Men til nå har eg aldri gjort det.

Dei tre damene eg møtte var snille, vennlege og varme. Det er fint på ein slik plass. Eg klarer ikkje å la vera å sjå humoren i sjølve undersøkjinga, som utan å gå i detalj inneber ein del strekkjing, draing og dytting.  Deler av kroppen blir plutseleg eit undersøkjingsobjekt som uheldigvis heng fast i resten av meg, og deler av det som foregår får meg til å tenkja på brødbaking… Så var det over og eg var fri til å gå ut og vera antatt frisk inntil det motsette er bevist. Eg vart informert om at eg ville få skriftleg svar innan tre veker, og viss eg vart kalla inn att, var det veldig ofte bare fordi dei ville undersøkja noko litt nærmare, som veldig ofte viste seg å vera heilt i orden…

image

At det første eg såg då eg kom ut av bygningen, var ei lita kvit fjør, kan jo tolkast på meir enn ein måte, og eg registrerte at eg ikkje likte at eg møtte ei dame med ei slik rosa «Til- kamp- mot- brystkreft -sløyfe». «Skjerp deg,» sa eg veldig oppmuntrande til meg sjølv. «Nå er du heilt latterleg. Det måtte eg vera einig med meg sjølv i. Eg spaserte litt i bygatene for å venta på at butikkane skulle opna klokka ti. Sola skein frå lyseblå septemberhimmel, og det var ein nydeleg haustmorgon.

image

image

Då dei opna på Fretex, gjekk eg inn for å sjekka bokhyllene der for diktbøker. Det einaste eg fann var tre eksemplar av ein antologi som heitte sånn ca: «Når livet går mot slutten.» Eg bestemte meg for å ikkje kjøpa den, slike dikt finn eg jo overalt i den hylla eg har frå før. I staden gjekk eg på Design Forum, eller kva det heiter nå. Der møtte eg ei smilande ekspeditrise som etter ei stund spurte meg: «Men er det ikkje Heidi..? » og det var det jo. Ho skunda seg å fortsetja med å seia: «Ja, du kjenner jo ikkje meg, men eg veit godt kven du er…» Det er alltid ei merkeleg kjensle når folk seier slik, og me fekk ein veldig koseleg prat. Det ende med at eg kjøpte eit par forferdeleg dyre vintersko, som var på halv pris, men var dyre likevel. Eg fann ikkje ut av skonummeret, men fann ut at dei passa sjølv om dei var romslege… Etter å ha kome heim ser eg at det er eit mykje større nummer enn eg vanlegvis brukar. Men fine er dei. Eg får prøva ein gong til og sjå om eg skal byta dei eller behalda dei. Det er typisk for sko, at mitt nummer 38-39 aldri ligg i tilbudskassane fordi det er så vanleg.  Det er forsåvidt fint å vera gjennomsnittleg stor av og til. Eit par gummistøvlar med kraftig sole kjøpte eg og. Det kan koma vel med når ein skal springa etter seksåringane i sleipt terreng og over glatte fjellknausar at ein er sikra nokonlunde bakkekontakt.

image

Eg bestemte meg for at sidan eg hadde vore så flink og ansvarleg i dag, så fekk lunsjen min bli ein softis. Eg sette meg på ein benk på Sølvberget i sola og såg på folkelivet i gatene medan eg åt. Eg hadde observert ei tiggande Romkvinne i ei sidegate, og bestemte meg for å tømma lommeboka for myntar eg kunne leggja i koppen hennar. Då eg kom bort, var det ei eldre romkvinne der og, og då den yngste hadde takka fint for ca tretti kroner, tok den eldste opp ein pappbit der det stod: «I´m hungry», eg prøvde å fortelja at eg hadde gitt pengane mine til ho andre, men fekk litt vondt av meg. Den eldste dama kunne ha vore mor mi i alder, tenk om ho hadde blitt nøydt til å tigga på gata. Det kunne jo faktisk vera at ho var svolten… Ho må ha sett på ansiktet mitt kva eg tenkte, for ho sette i gang: «You so beautiful, so very very beautiful, Jesus, Jesus Christus,» ho korsa seg.  Viste det på utsida av meg at det appellerte å snakka om Jesus? I så fall var det jo i grunnen fint…» Eg tok opp lommeboka og gav ho ein femtilapp. Frå seminaret i sommar hugsa eg at femti kroner var omtrent det dei gjennomsnittlig fekk på ein heil dag. Ho auste velsigningar over meg, så tok ho den høgre handa mi og kyste ho hardt. Ho haldt seg på det eine brystet og sa enten noko om at ho hadde så vondt eller at ho var så glad. Eg la handa mi på skuldera hennar og sa «Gud velsigne deg og.» Eg veit at det er veldig mange tankar om korleis ein skal forhalda seg til tiggarar, men eg klarer ikkje la vera å tenkja: «Tenk om det er sant at dei er svoltne og sjuke, og så går eg bare forbi med eit kaldt og lukka hjarte.» Seinare møtte eg att same dama. Eg lurte på om ho kom til å tigga om meir, men det gjorde ho ikkje, i det ho passerte meg, sende ho eit skikkeleg slengkyss og smilte stort.

image

På toget høyrde et eit lite klikk eg er glad eg undersøkte nærare. Det var bankkortet mitt som hadde falt på golvet… Det kunne vore veldig fort gjort å gløyma det der. Då eg kom av toget heime, møtte eg mi gode venninne Astrid. Ho vart med meg opp til kyrkja og fekk rydda unna det eg hadde gløymt att etter bønevandringa, så nå treng eg i allefall ikkje tenkja meir pådet. På butikken på veg heim møtte eg så mange koselege folk, fleire av dei tidlegare elevar av meg. Eg kjende meg godt ivareteken av livet og den fine dagen. Eg handla inn til lapskaus som nok er ferdig nå. Eg håpar i alle fall ikkje han er svidd, for her sit eg nå og skriv. På torget i Stavanger kjøpte eg blåbær og solmogne plommer. Lenge leve livet… Nå må eg bare hugsa å avlysa den tannlegetimen som ikkje passar…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: