Gå til innhald

Neste sekund

september 28, 2013

image

Det er ikke mulig

Det er ikke mulig
å være rask nok. For
neste sekund
er Nå
allerede fortid
.

Hans Børli

*

Heilt frå eg var lita, har den tanken ofte slått meg at «akkurat nå kjem aldri igjen».  På onsdag sa Arne akkurat det same utan at eg hadde sagt det først, så det er vel kanskje ein allmennmenneskeleg tanke det og, akkurat som alle dei andre rare tinga eg trur eg er aleine om å gå rundt å tenkja på. Eg hugsa at eg som barn prøvde å halda fast sekund og minutt. Eg kunne bestemma meg for at nå vil eg hugsa for resten av mitt liv at eg akkurat nå spring ned Solåsbakken med gul bukse, flagrande hår og tresko på føtene.Eg innsåg nok allereie då at det var nokså begrensa kor mange sekund ein kunne rekna med å hugsa om førti år.

Ein aldrande Hans Børli seier det same i diktet øverst på sida. Eg har vakna til ein strålande vakker morgon. Det er vindstillende, og utanfor vinduet mitt har eg eit gulnande bjørketre. Medan eg sit her og skriv, slepper dei gule bjørkeblada taket eit og eit, og svever som store flate regndropar forbi ruta mi, kvar gong det er ein antydning til vindpust. Frå her eg sit, ser eg sitrande gule blad, som framleis held fast i kvisten og lurer på om dei skal sleppa taket eller ikkje.  Septembersola er som ein lyskastar inn i stova, med alt det måtte innebera, men sidan skrivedagen min vart veldig amputert i går, så aktar eg å skriva litt før eg gjer «meir fornuftige ting».

Først av alt ville eg ta farvel med Hans Børli, slik at vandringa gjennom bokhylla kan halda fram. Nå har eg brukt nesten to månadar på å gjera meg ferdig med bokstavane A og B i diktbokhylla mi, så de skjønar de har mykje godt i vente. Av og til lurer eg på om dette sterke diktfokuset kan bli for sært for dei som les her, men eg skriv jo mykje anna og, så for dei som ikkje har heilt same lideskapen for lyrikk som meg, så er det fullt mogleg å hoppa over dikta… Meir dikt til folket, seier eg nå likevel, men tek gjerne i mot synspunkt.

Eg hadde gløymt kor sterkt berørt eg blir av Hans Børli sine dikt. Eg les alltid fort gjennom ei diktsamling og legg inn gule lappar på dei dikta eg har lyst til å ha med her.  I boka «Hans Børlis beste dikt», låg det sikkert førti slike lappar etter gjennomlesinga, så det de får presentert her er etter ei streng luking av lappar. Eg må jo vidare i prosjektet mitt. Dersom nokon lurer på kva dei går glipp av, så finst heilt sikkert alt han har skrive på det næraste biblioteket.

3691711_84c1c04035

Blåknapp og tiriltunge

Jeg sleit ut et leksikon
i strevet med å tyde
alle fine og fremmede ord jeg kom over
i bøkenes vidløftige verden. Men
de ordene jeg virkelig behøvde
for å få menneskehjertene i tale,
fant jeg aldri i leksika
eller ordbøker. Nei,
de grodde fritt
som villblommer
langs turstien min.
Ingen orkideer,
men løvetann og sulublom,
blåknapp og
tiriltunge.

Hans Børli

Ei natt for nokre år sidan drøymde eg at eg såg meg i spegelen og at eg var blitt gammal. Ansiktet mitt var meir rynkete enn ei sviske, og håret tynt og kvitt og fjonete. Det er ikkje så vanskeleg å tolka som draum betrakta, men det berusande var å vakna og koma ut av denne draumeskodda der ein ikkje kan skilja om det er verkeleg eller om det bare var ein draum. Eg vart fyld av ei intens glede over ikkje å vera heilt der endå, at framleis er det i beste fall langt fram, og framleis er eg med litt velvilje nesten ung. Barack Obama og eg er like gamle, og han blir framleis sett på som ein ung president. Eg er ikkje oppteken av evig ungdom i betydning evig ung og evig pen, ikkje meir enn dei fleste i alle fall, men eg likar tanken på at eg framleis kan koma til å ha nesten halve livet framfor meg…

image

Eg har skrive her før om reisa gjennom alderdom mot døden har eg på ein måte meir eller mindre fått oppleva med fire personar det siste året, og på meg har det gjort inntrykk. Sidan Hans Børli har skrive mykje om dette, eigentleg heilt frå han var ung, men spesielt mykje mot sin eigen alderdom, så klarer eg ikkje la vera å la han sleppa til med noko av dette før me tek farvel med han. Etterpå lover eg å skifta spor.

Å bli gammel

Det er grått å bli gmmel
ubotelig og ensomt
som reveskabb.
Og det verste er at
du aldri klarer å slite over
den langtøyde navlestrengen
som binder deg til dine unge år.

Plutselig kan du gripe deg i
å springe barføtt i graset
og hoppe i kåte sprett
over barndommens muntre vårbekker
skjønt du i virkeligheten sitter på en stein
og støtter haken til krokstaven
og kjenner slitasjegikta rive i
gamle stabburtunge bein.

Hans Børli

*

I høyde med solfallet

Jeg har alltid ferdes i låglandet. Og der
lever du alltid
i høyde med solfallet
.

Hans Børli

*

Menneske

Hendene mine var alltid
tomme. Og samtidig
fulle av Alt.
Holder jeg høgra ut i vinden
ser jeg planeten Jorden
lande midt i den ru handglata
varsomt ,
skinnende som ei marihøne
med summende sølvvinger.

Hans Børli

Til sist eit dikt som likeeins som det første likegodt kunne ha vore ei helsing frå meg som frå Hans.

Diktet jeg alltid drømte om

Når diktet jeg alltid drømte om
streifer sinnet mitt,
da fyker ordene unna,
lik tørrlauv på rimgrå mark
når en storfugl letter i skogen
med tunge vingeslag.

Hans Børli

Nå skal eg bruka nokre timar på å prøva å fanga mine eigne dikt, men først strekkjer eg ut armane på den måten de veit og ropar: Mooooorna, Hans! Men legg merke til den varme undertonen i stemmen min. Han kjem nok tilbake hit.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: