Gå til innhald

Den fine plassen me bur på

september 29, 2013

bakke i sollys

I dag var me på hausttakkefest i kyrkja. Det var fint pynta med frukt og grønsakar frå lokale gartneri, tre barn vart døypte, eit storband med mange barn og organisten på trøorgel framme i koret framførte ein lokal variant av «What does the fox say?»

døypefont hausttakkefest

altar med grønsaksdekor

Gudstenesta blei avslutta med at oorganisten spelte på det same orgelet med gassmaske a la Kaizers Orchestra. Me er jo litt stolte av at dei kjem her i frå, så det må markerast litt i kyrkja og…

organist med gassmaske

Etterpå var det misjonstivoli med hoppeslott, kasting av svamp, klatring på bruskassar, grilling av pølser, steiking av lappar og diverse anna. Litt seinare på dagen skulle det vera pilgrimsvandring langs strendene, men i dag tok eg og fotografen min ei alternativ vandring på Undheim,  opp mot vindmøllene med kamera. Det var så fint septemberlys og så mange fine motiv, så me måtte plukka oss litt fine bilete til å ha på krukker på dataen akkurat som andre plukker bær for å koka syltetøy. Problemet mitt er å begrensa seg, nå vil eg helst leggja ut masse bilete med det same, men eg får kanskje begrensa meg litt…

Eit litt eksotisk bilete er desse lamaane. Me finn dei faktisk beitande på Undheim, ein av bøndene har lamaar saman med sauene. På veg heim kjørde me gjennom Undheim sentrum og kom forbi smia til Eli, som me kjenner frå turen til Makedonia for nokre år sidan. Ho har kjøpt den gamle smiegarden og lagt mykje arbeid ned i både smia og hagen utanfor. Det blir brukt som selskapslokale og lokale til små arrangement. Denne blide handlekraftige dama inviterte til kaffi i smia då me stoppa og sa hei. Det var kjempekoseleg.

lama bryne

Vel heime hadde me først ein planlagd middag og så felles kveldsmat for familien med nysteikte runstykke sidan Oddvar fyller 25 år i morgon. Eg hadde gløymt å opplysa Odd Christian om tidspunkt, så han bomma på det og kom ikkje før dei andre hadde gått, men nå er han her og skal få seg kveldsmat han og.

Lyrikaren i dag heiter som sagt Erling Christie. Han gav ut fleire kritikarroste diktsamlingar før han datt og skada hovudet sitt alvorleg då han var bare eit par og tretti år gammal Før i dag har me møtt den einsame ulven Roger, her kjem det eit nytt dikt før me forlet han. Det passar i dag.

Septemberklarhet

September tenner sin klarhet
Nu gløder livet
i høstens dypnende rum

sakte synker
bergene inn i jordens drøm

Og utydet går vi
inn i det varme mørket
som gjemmer vår stillhet.

Erling Christie

Nå skal eg ta meg av gjesten som kom forseint. Heldigvis er det nokre rundstykker att.

Heidi

From → Barna mine, haust, Natur

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: