Gå til innhald

Ensom ulv- Realitysekvens frå 2 F Sandnes videregående skole 1979

september 28, 2013

tatovert mann

Aktørar: Knut, Per, Anne Mette og Heidi- elevar . Øyvind Andersson lektor i norsk. Stad: Grupperom på skulen. Aktivitet: Gruppearbeid i norsk.

Elevane sit aleine på eit grupperom. Dei har med seg skriveblokker og pennal. I tillegg har dei kvar sitt ark med eit dikt dei har fått i oppgåve å jobba med. På arket står det fylgjande dikt:

Ensom ulv

Roger, den ensomme ulv
jager i neonlys-
fryktet fra Torvet til Grand.

Saklig tygger han ut sin forakt
snerrer mot alle smilende par
og nedkaller innett
forbannelsen over verden
Mens han med øynene iskoldt myrder
samtlige bløtdyr i frakk

kaster seg trenet på linje fem
og suser i natten avsindig
hjem til divanen på Sinsen
Hvor Marilyn lenge har ventet
med sultne lepper og krevende barm.

Erling Christie

***

Knut:                       Ja ha…

Anne Mette:         Ein av oss må skriva.

Heidi:                     Æg kan skriva.

Knut:                      Heidi skrive.

Me ser for oss Roger den ensomme ulv som går med eit hardt image rundt i byen og ser stygt på folk. Han har sikkert stram dongeribukse og skinnjakke. Så langt er alle einige.

Per:                      E han norske?

Heidi:                   Ken?

Per:                      Forfattaren? E det «Ørling Christie» elle «Ærling Christie»? Hette fyren Råger helle Rodjer?

Me tenker oss om. Namnet høyrest jo veldig engelsk ut. Kanskje er han i slekt mef Agatha Christie.

Anne Mette:      Men an går jo rondt i Oslo, då. Det va ett herligt bilde de me «Bløtdyr i frakk». Eg ser det for meg.

Heidi:                  Di kan jo ha øvesett i frå engelsk å bara fonne navn på norsk.

Anne Mette:      Eg tror an e norske.

Heidi:                Det passe jo atte an hette Rååågerrr, dæ æ et veldigt hardt navn. Og Marilyn, dæ høyrest jo mjukt å romantisk ud. Hu æ sikkert veldigt forelska og så sede u heima å venta mens han æ ude i byen.

Per:                   Eg tror de e porno. Eg trur´kje u finst-

Knut:                Ke meine du nå?

Per:                   Marilyn. Dokke hørre vel atte det e et pornonavn. Det e ingen så hette det. An ska sikkert hjem å lesa pornoblader og se film.

Heidi:              Hæ?

Anne Mette og Knut:           Hæ?

Heidi:             Æg trur dæ æ kjærasten ans.

Per:               Dette e ikkje eit kjærlighedsdikt. Det e ett dikt om begjær. Ser dokke ikkje det.

Heidi:            Nei.

Knut teiknar i skriveboka si, ein sint liten mann med løfta armar. Han teiknar to snakkebobler. I den eine står det «Begjær» i den andre står det «Porno». Han viser teikninga til Heidi som knisar.

Per:                Skjerp dokke å ikkje ver så barnslige.

Etter litt meir diskusjon kjem lektor Andersson, med eit småironisk, men vennleg smil mellom barten og fippskjegget. (Det som er omtrent som han på dei gamle malingsboksane til Bjerke.)

Andersson: Koss går det med dokker då?

Knut:            Bare bra.

Heidi:          Me lurde på om forfattaren va norske.

Andersson: De e an.

Heidi:         Me tenkte på namna. At Råågerr æ ett veldig haardt navn å  Marilyn ett mjukt, og atte dei ska understrega personligheden deiras.

Lektoren slår over på mjukt bokmål og seier med pusekattstemme og rulle r:

Andersson: Roger? og Marilyn? (det siste namnet uttalt hardt på tysk med tilnærma militært tonefall.

Heidi:          Jamen navnå ska jo ikkje seist sånn?

Andersson smiler ertande.

Per:          Er tror det e snakk om porno. Damå finst ikkje.

Me ser litt oppgitte på han. Andersson smiler endå breiare.

Knut:       Ka tror du då, Andersson?

Andersson: Se ka det står. Hu vente med sultne lepper og krevande barm. Kanskje mannen har ei dama så kreve for mye av an. Atte an streife rondt i byen for å slippa å komma hjem te ei så vil spisa an levande. Då e an kanskje ikkje så tøffe. Men bare fortsett dokker, dette va
interessant.

Han går.

Knut:       Va ikkje det vel søkt?

Heidi:       Æg likte vår tolkning bære.

Per:           Eg tror det e porno.

Anne Mette ser ut som ho kanskje trur at læraren kunne ha hatt eit poeng, men ser litt oppgitt ut.

***

Og sidan har Roger streifa rundt i meir enn tretti år utan at eg har tenkt på han. Ikkje før han dukka opp i den neste diktboka mi, som altså er skriven av Erling Christie. Til mi forbausing oppdaga eg at gruppearbeidet med tolkinga av dette diktet faktisk låg spikra i minnet. Samtalen var omtrent som over, sjølv om eg har måtta ta ein Knausgård og flikka litt på dei få detaljane eg var usikker på.

Eg lurer på korfor ein plutseleg hugsar slikt så tydeleg så lenge etter, og om nokon av dei andre hugsar noko som helst av det. Me fekk vel aldri heilt avklart korleis det var med Roger sin mentale tilstand og kven som venta på han, men eg må innrømma at Per O faktisk hadde eit poeng sjølv om eg ikkje såg det då. Og at det læraren sa ikkje var heilt borti natta heller. Eg må ha hatt god tru på meg sjølv, for eg var heilag overbevist om at eg hadde rett…

Og til mitt forsvar kan det kanskje seiast at eg heilt sikkert var den einaste av oss som kunne hatt lyst til å sitja på grupperomet resten av dagen for å tolka fleire dikt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: