Skip to content

Ansikt

oktober 3, 2013

kanin på benk i parken

Kvar einaste dag er eg omgitt av ansikt. Ansikt som fortel meg historiar, ansikt som seier noko til meg. Ansikt eg har problem med å gløyma og ansikt som får noko eg ikkje heilt kan forklara til å skje inni meg. I vår kultur er me oppdregne til å ikkje stirra på andre fordi det er påtrengjande og uhøfleg. I andre land har eg opplevd at folk kan stirra interressert og uhemma utan å ha dei same sperrene. Vårt eige ansikt kjenner me stort sett frå spegelen, og frå fotografi som me ofte eigentleg ikkje synest liknar på den me trur me er. Ei velkjend gåte frå lesebøker og Donaldblad er :»Kva er det du eig, men som andre brukar kvar dag?» Svaret på gåta er «Namnet ditt». Svaret kunne nesten ha vore «ansiktet ditt.» Det er rart å tenkja på at dei eg lever nærast på kjenner ansiktet mitt mykje betre enn eg gjer sjølv. Døtrene mine har kommentert det begge to når dei ser meg sjå meg sjølv i spegelen. «Du trur det er slik du ser ut, mor, men det er det ikkje. Du har bare det uttrykket kvar gong du speglar deg.»

Eg er glad i ansikt. Eg likar å sjå på portrett. Eg treng ikkje kjenna dei personane som eig ansiktet for å bli betatt av det. Ofte kan eg tenkja at eit fotografi av eit ansikt er heilt nydeleg, men samtidig skjøna at dei som eig ansiktet truleg ikkje ville likt biletet. Me vil gjerne at ansiktet vårt skal sjå rynkefritt ungt og harmonisk ut. Det er kanskje ikkje slik det virkar. Det me har opplevd står på ein eller annan måte skrive i ansiktet vårt. Odd Børresen skreiv det så nydeleg i eit kjærleiksdikt til ho som var kona hans, om veiene i ansiktet hennar og at han gleda seg til å sjå korleis ho kom til å sjå ut når endå meir liv ein gong skulle stå skrive der. Då bestemor døydde hadde eg ei sterk oppleving av at døden tok vekk skrifta i ansiktet hennar. Så lenge me er i live skal me bera med oss ansiktstrekka våre. Viktigare enn botox og silikon er det vel at det bur nokon i blikket vårt og at det i beste fall måtte vera ei viss utstråling av varme frå ansikta våre.

I dikthylla mi har eg tre lyrikksamlingar av ein forfattar som heiter Henning Kramer Dahl. Han er eitt år yngre enn meg, og den første diktsamlinga hans, Barfrost, som eg sit med i hendene akkurat nå, kom ut på Gyldendals forlag i 1983. Desse dikta er altså skrive av ein person som sansynlegvis ikkje var meir enn 20 år då han skreiv dei. Eg er imponert. Mitt eksemplar av boka er eit utgått eksemplar frå TIme bibliotek. Det er då ein litt hyggeleg tanke at bøker som ingen vil låna kan få eit nytt liv hos meg. Mange av desse bøkene hadde fortent ei betre skjebne, men det er bare slik at diktsamlingar sjeldan blir utlånt…

Eg har vald meg ut eit dikt om ansikt, denne teksten vart ugangspunkt for skriveriene mine i dag.

Ansiktene

Ansiktene
disse selsomme flekker
som bare eksisterer på passfotografier
smiler gråter synger dør
fra avisenes grå rasterbur
og åpner munnene som for å si noe
bak skjermer av refleksbehandlet glass

ansikter
disse øyne disse lepper denne hud
idet du hurtig passerer vinduet
ansikter
du har sett dem i tusener
uthulte og grå
der de uskyldige glir forbi
utenfor skallet ditt
seilende
rundt og rundt
i sine egne skall
ansikter
alle ser de like ut gjennom tårer
ansikter
du har aldri sett et eneste
alle sammen har de ansikter
hun som danser
på slak line over fuglebadet
har et ansikt
den gamle mannen med skjelvende hender
bakerst i kaféen
har et ansikt
den som spytter på deg

har et ansikt
Skjønt du ser bare spyttklysen
de redde har ansikter
de tapre og alle stakkarene har et
de heslige og de forrådte

de som spør og de som svarer
og de som bare går
har et ansikt

ansiktene
du pustet imot og glemte.

Henning Kramer Dahl

Eg har fått haustferie etter sju intense og flotte veker med oppstart i første klasse. Eg har ikkje fått heilt tid til å kjenna korleis det kjennest endå, men eg trur det blir bra.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: