Rose og nattergal
I føremiddag kjørde me til Odense, me hadde tenkt å ta ferga over frå Syd-Jylland, men det viste seg at tidsplanen vår var så i utakt med ferjerutene, at me bestemde oss for å kjøra via Kolding og over brua lenger nord. Det var ein veldig fin kjøretur me hadde i dag og med høg hausthimmel over eit fargesprakande landskap. Då me kom fram etter bortimot tre timars kjøretur, sette me i frå oss bagasjen på hotell Ansgar og sette kursen for sentrum for å bruka dagen best mogleg. Akkurat som eg meinte å hugsa frå barndomen, så er Odense ein nydeleg by. Biletet over er henta frå den gata der HC Andersen mest sannsynleg vart fødd for litt over 200 år sidan i stor fattigdom. Me hadde bestemd oss for å bruka deler av dagen i HC Andersen museet, men først var me innom ein meksikansk restaurant og åt kjempegod lunsj, nachos med oksekjøtt og fajitas med kylling.
HC Andersen har eg eit sterkt og spesielt forhold til. Eg trur eg torer å seia at han stod for mi første store litterære oppleving. Til jul det året eg var fire eller fem år, fekk eg ei blå eventyrbok med HC Andersen sine eventyr. Far las for meg om kveldane, eg hugsar at me låg på magen på golvteppet og las. Aller mest elska eg eventyret om «De ville svaner» i all si gru, men det gjekk og herleg kaldt nedover ryggen min når han las om reisekameraten som eigentleg viste seg å vera ein død mann, og om Lilleklaus som lokka Storeklaus til å drepa bestemor si for å selgja henne på torget. Ei venninne sa til mor i mitt påhøyr at ho ikkje trudde HC Andersen passa for så små barn, eg var livredd at ho skulle høyra på det etter mitt syn uforståelege rådet, men heldigvis vart ikkje privilegiet inndrege.
Eg likte og godt det om tinnsoldaten som forelska seg i ballerinaen med tyllskjørtet og via magen på ein fisk ende i same flammen som henne og vart til eit tinnhjarte. Etterpå har eg lese HC Andersen eventyr for både ungane og elevane mine, men det som har gjort at eg vart verkeleg godt kjend med han var 200 årsjubileet for fødselen hans, då laga eg og Jan Ivar eit stykke som heitte «Rose og nattergal» som var utdrag frå ulike eventyr og fortelkingar, som me sette opp med dramaelevane våre. Av ein eller annan grunn fekk me blod på tann og laga forestillinga «Raude sko- Ei reise gjennom HC Andersen sitt liv og diktning.» Det vart ei meir enn seksti minutts forestilling som eg og han spelte som forteljarteater. Rammeforteljinga var at han var eventyraren frå «Den flyvende koffert», og eg var dronninga i «Prinsessa på erten», me var dømde til evig liv og reiste derfor rundt og fortalde om HC Andersen og eventyra hans. Stykket begynnar me at me kjem for seint til toget. Me fortel då historia om mennesket HC Andersen, og i tillegg har me med tre av eventyra hans. Me går ut og inn av rollar og vekslar mellom forteljing og teater.
Medan me laga forestillinga, las me alt me kom over av biografiar om HC Andersen. Det var både hjarteskjerande og provoserande. Me fulgte han gjennom ein tøff barndom i fattigdom med ei alkoholisert mor og fulgte han då han tretten år gammal reiste til København heilt aleine med målet å bli berømt dansar og skodespelar. Han bar nok preg av denne barndomen heile livet, og hadde ikkje alltid så lett for å forhalda seg til andre menneske alltid. Som Jan Ivar sa; eg sluttar nesten å lika fyren. Men eg vil påstå at etterkvart vart me glade i han igjen, og for meg har han blitt ein stor kunstnar med mange såre og litt merkelege menneskelege trekk. Han var hypokondar, noko fleire av oss kan kjenna seg litt igjen i… Det blir fortald at han ofte la ein lapp på nattbordet før han la seg til å sova der det stod fylgjande tekst: «Eg er bare skinndød». Han hadde nemleg ein ide om at nokon kunne finna han død om morgonen og begrava han, og så var han kanskje bare skinndød og vakna opp att i kista. Til hans forsvar kan eg fortelja at eg av eigen erfaring veit at det ikkje er bare enkelt å ha ein veldig velutvikla fantasi. Eg var sjølv redd for å bli levande begravd, fordi Morten i nabohuset hadde fortald at dei ofte fann kloremerker på innsida av kistelok viss dei grov dei opp att. Korfor nokon skulle grava opp att kister, seier ikkje soga noko om…
I alle fall var det litt som å besøkja ein gammal venn då eg gjekk omkring på HC Andersen- museet, som er nytt og veldig fint. Me reiste rundt med forestillinga i sjetteklassane i kommunen i fem vintrar trur eg, og den sjette vinteren spelte me for pensjonistane i kommunen, så manuset kom skikkeleg inn under huda. Eg trur me kunne teke det veldig fort opp att viss me prøvde på det.
Etter museumsbesøket skilde me lag. Leif hadde lyst til å jogga ein tur, og eg ville gjerne kikka litt i dei koselege handlegatene. Etter det eg har skrive dei siste to dagane, torer eg mest ikkje fortelja kva eg kjøpte i dag… eg kjøpte julepynt…. Det var så fint sett fram diverse julesaker på tilbod i eit par butikkar at eg nesten kom i julestemning…. Det må vera ein dansk tradisjon det å selja juelpynt til halv pris i midten av oktober. Det eg ikkje fann i dei to bokhandlane eg var inne i, var diktbøker. Er det ingen som kjøper lyrikk lenger? Det ser ikkje slik ut… Eg spurde riktig nok ikkje heller, for eg såg for meg at då måtte dei henta ei stor gardintrapp og gjera seg veldig umak med å henta ned diktsamlingar frå ei gøymd hylle oppe under taket, og då vart det litt flautt viss eg ikkje fann noko eg ville kjøpa.
Derimot har eg kjøpt meg nye raude vintersko. Duckfeet, eit merke som eg haldt på å kjøpa på nettet for nokre år sidan. Skorne har akkurat den fasongen som namnet skulle tilseia, og dessverre harmonerer det veldig godt med fasongen på dei medfødte føtene mine. Ein kvar normalt smal sko vil ha same effekten på mine breie tær som ein veldig spiss sko på ein normal fot… Dei kjennest vidunderleg gode ut på føtene, er dyre, og er ganske koselege, om ikkje direkte elegante… Ekspeditøren sa at «De koster rigtignok lidt, men så varer de til gengeld i hundrede år». Det høyrest bra ut. Eg likar sko som varer i hundre år.
Og så liker eg den måten danskane syklar på. Dei syklar på damesyklar med låge sete og korg på styret. Så sit dei oppreiste og syklar akkurat som meg. Eg har aldri fått heilt dreisen på den norske sykkelmåten der ein har kondomdress og sykkelsko og ligg langflate over bukkestyret sjølv om ein bare skal til butikken og kjøpa ost og knekkebrød. Når eg er i Danmark og Amsterdam og sånn, så forstår eg at eg er ikkje ei gammaldags pyse på sykkelen min, eg er bare kontinental…
Nå skal me ut og sjekka nattelivet i Odense…
Heidi




