Skip to content

Naturtur til Rømø og harrytur til Tyskland

oktober 9, 2013

image

Etter å ha forlatt Ribe, sette me gps-en på Rømø. Det fine med Danmark er at ingenting er langt vekke, så det tok ikkje lang tid før me kom til Rømø-diket. Me trudde at det gjekk ei bru over til Rømø, men det viste seg at vegen gjekk over ein slags sanddemning. I dette området er det veldig stor forskjell på flo og fjøre, og det er tilhaldsstad for mange vadefuglar. Det gjekk an å stansa bilen fleire stadar ute på diket for å fotografera og for å gå ned til strandlinja og sjå. Me såg mange hegrer, og eg trur me såg traner og, men det siste er eg ikkje heilt sikker på.

image

Med jamne mellomrom var det slike rekkjer av stolpar frå demningen og utover i havet. Eg veit ikkje heilt kva funksjon dei hadde. Langs demningen beitta det sauer, og me såg den største fugleflokken eg trur eg har sett driva med flygeøvingar. Det kunne sjå ut som om det kanskje var titusen fuglar i flokken, og dei var som ei stor  svart sky over himmelen.

image

Sjølve øya Rømø var ikkje stor. Det var fine sykkelstiar der, og det såg kjekt ut å sykla. I havna låg detei ferge som gjekk til den tyske øya Sylt som ligg like ved.  Me vurderte litt å ta ein tur til Sylt, ,men droppa det sidan det var ganske dyrtk og dessutan ventetid med ferga. Etterpå såg eg eit heilt magasin i ein butikk som handla om Sylt, og då angra deg nesten litt, for det såg så fint ut der, men me får ha det til gode. Nede på stranda i sørenden av øya, var sanden hardpakka. Der var det mange som dreiv med «bil-kiting», det vil seia at dei kjørde rundt i små bilar med segl og vinden dreiv dei framover, det var og store mengdar med folk som sende opp dragar i ulike storleikar og fargar. Det såg ut til å vera utruleg langgrunt der. Det var nok skikkeleg fjøresjø då me var der, og vatnet såg bare ut til å liggja eit par desimeter over sandbotnen så langt me kunne sjå. Ein mann vassa langt, langt ut, men vatnet rakk han ikkje lenger enn til knea.

Sidan me nå var veldig nære Tyskland, fekk me lyst på ein svipptur over grensa. Me kom til eit kjøpesenter som tydelegvis hadde skandinaviske turistar som hovudmålgruppe. Folk kom trillande ut med «pallevis» av ølboksar, og som seg hør og bør var det ein stor pornobutikk der. Det var nesten som å koma til Svinesund… Eg hadde eit håp om å finna yndlingshårshampoen min, som er forferdeleg dyr i Norge, men eg fann han ikkje og, det fekk bli ein annan type. som eg håpar er i det minste heilt grei. Den store overraskinga var at og på kjøpesenteret så var alt gjort klart for jula. Eg trudde mest ikkje mine eigne auger, eg truddde julepynten på Brugsen i går var ein raritet, men her og var det masse juleting utstilde rett innanfor inngangen. Ein kunne for eksempel velgja i store mengdar juletrepynt. Som du ser under så er det in med både gule andungar og rosa cupcakes på juletreet, så me er nok litt konservative i heimen, ser det ut til. Eit av dei julekuppa du kunne få med deg var ein ståande elg i julenissedrakt, omtrent like høg som ein tiåring. Dersom du trykte på ein knapp ein eller annan plass, så spelte og song han «Walking in a winterwonderland». Ein kunne og få kjøpt peparkakeformer i alle tenkjelege og utenkjelege fasongar. Det verste er at eg angrar litt på at eg ikkje kjøpte former som kunne laga små lam, g-nøklar, piggsvin og hundar. Det er nesten litt flautt å skriva det, men eg er heilt vill etter peparkakeformer. Eg trur ein eg deler bu med kasta ein del av dei då me renoverte kjøkkenet, fordi han ikkje såg hensikten i at dei tok opp så mykje plass når eg brukte dei ein gong i året…

image

Det var lyskjeder med blinkande julenissar, og det var enorme mengder adventkalenderar. Ein av dei vart marknadsførd som kalendaren til far, der låg det ulike typer små drammeflasker bak lukene…

image

Her er det ulike sjokoladekalendarar. Kanskje eg burde ha kjøpt til mine vaksne barn, men for meg er det uendeleg lenge til jul…

Etter turen til Tyskland, vart det litt langt å kjøra heilt til Odense slik me opprinneleg hadde tenkt. Det ende med at me stoppa i ein liten by heilt sør på Jylland, som heiter Sønderborg. For meg kunne me gjerne kjørt lenger, for eg elskar å sitja i bilen og sjå landskapet susa forbi. Dessutan hadde me ei veldig fin lydbok å lytta til. «Norwegian wood» av den japanske forfattaren Haruki Murakami. Eg anbefalar boka på det varmaste. Likevel måtte eg respektera at sjåføren min syntest han hadde kjørt langt nok for i dag. Me kom fram til Sønderborg i sjutida og til min forbauselse så hadde det allereie begynt å mørkna. Er me verkeleg kome så langt på hausten utan at eg har lagt merke til det?

Det var ein koseleg by, sjølv om gågata var nokså tom etter at butikkane var stengde. Det var mange restaurantar og små kafear å velga mellom. Det merkelege var at då me skulle lesa menyen på utsida av to av kafeane, så viste det seg at det me trudde var meny var ein meny for kva dei skulle servera når dei snart skulle begynna med julefrokost… Er verda gått heilt av hengslene, me er jo bare litt over ei veke inne i oktober? TIl slutt valde me ein liten italiensk restaurant. Eg åt deilig torsk med sjampinjong og aspargessaus, kokte gulrøter, steikte grønsakar og kokt ris. Kjærasten min åt skalldyrpizza med heile blåskjell. Begge deler var veldig godt. Før maten fekk me små flate brød og kvitløkssmør. Det var kjempegodt.

image

Etterpå sleit me litt med å finna vegen tilbake til hotellet, og ikkje hugsa me namnet på gata eller på hotellet, men heldigvis låg opplysningane på mobil gps-en så me fann fram etterkvart. Hotellet i kveld er eit lite familiehotell, langt enklare og billigare enn det i går. Det første hotellet me sjekka ut såg ut som eit kvitt slott, men det var dobbelt så dyrt som dette. Me får klara oss utan hotelltøfler i kveld, og det er ganske lytt mellom roma, men heilt greitt. Den søte vertinna, som såg litt trøytt ut sa at me ikkje trong stå opp grytidleg for å få morgenmad.

Nå høyrest det ut som om huset har gått til ro. Klokka er ti på halv to og reisekameraten min har sove i meir enn to timar, men så var han då og på morgontur i Ribe før eg vakna i dag tidleg…

Eg får kanskje prøva å posta dette, og krypa under dyna eg og. Internett svikta meg slik at eg vart sitjande kjempelenge og plundra fordi eg ikkje hadde lyst til å mista teksten. I morgon ber det til HC Andersen- land om alt går som me har tenkt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: