Skip to content

Veker i oktober

oktober 23, 2013

oktober i Sandtangen

Dagane er intense og vekene går fort. I går var me på tur i vind og tett bortover-regn. Ungane var våte og kalde då me gav opp og gjekk tilbake til skulen. På gangen rant det bekkjer av vatn frå skuleranslar med regntrekk og frå våte regnjakkar og regnbukser. Golvet måtte moppast tørt for regn, refleksvestane var dyvåte, det draup frå luer og ullgenserar. Dei fleste hadde heldigvis skifteklede og ungar med vått hår, kalde fingrar og tøfler på beina fekk leika og teikna inne i klasseromet. Brødskivene dei åt ute var våte og kakaoen godt utvatna.

I dag har me hatt FN-markering inne og hundrevis av ungar song: «Mange tunger som kan si, ord som gjør deg glad og fri, det er vi, det er vi, morgendagens søsken, som søsken av jorda, bror sol, søster vind, står du og jeg sammen med kinn i mot kinn, du ser mine  hender som rekkes mot deg, jeg ser dine øyne som smiler mot meg.»… I morgon skal dei ut og springa for å samla inn pengar til Idas hjelpefond. Me får håpa at det har regna frå seg i løpet av natta slik at barna slepp å springa med regbbukser og gummistøvlar.

Det har vore fint innever i ettermiddag. Halvard og eg har hatt ein betre komlemiddag, og så har me sett film saman med Ingrid med Oscar og Cleopatra: «Finding Neverland» med Johnny Depp. Det var fint.» Nå er det kvelden eg skal leggja meg tidlig, men sidan klokka som oftast er lite samarbeidsvillig når eg har tenkt å gjera akkurat det, så får eg skunda meg å skriva ferdig.

Dagens forfattar heiter Eva Dønnestad, og er ein forfattar eg identifiserer meg ganske mykje med. Ho er omtrent på min alder, og skriv dikt om tru som det er lett å kjenna seg att i. Den boka eg har i bokhylla mi heiter » sju  steg  mot  det  røde», og kom ut i 1995.

FORENING

Smelt mine
tapre forsøk
inn i ditt
hjerte av gull.

Eva Dønnestad

KNEBØYENDE INNSIKT

Et slitt gulv
to utgåtte sko
en knust krukke
og et langt mørkt hårstrå
flekker av olje

lukt av salt

så allminnelig
så lenge siden

så hellig
så nært…

Eva Dønnestad

Så får me inntil vidare verkeleg kjenna på hausten med stor H. Nå er trea i ferd med å snøyast for lauv, og vinden ruskar godt. Det er nesten garborgsk akkurat nå:

Det er haust det ruskar ute, med regn og kalde vind,
småfuglen flyg mot rute og ville gjerne inn,
men
under omnen god,
der ligg på sekkjepute han gamle Mons i ro.

Eg har eit minne om at eg sit på teiknesalen på Ålgård skule, på ein slik pult der stol og bord hang saman, og skreiv av akkurat det verset med penn dyppa i blekkhus. Det vart sjølvsagt litt av eit søl, og mykje arbeid for det vesle rektangulære trekkpapiret. Det vart ikkje færre flekkar av at frøken hadde sagt at viss me var uheldige og fekk ein liten blekkflekk i boka, kunne me prøva å laga noko fint av han, kanskje ein liten blom. Eg opplevde det mykje meir spennande å teikna ting av uheldige små blekkflekkar enn å få formskrifta jamn, fin og prydeleg. Eg hugser at det brukte å stå i dei vurderingsbøkene me fekk heim kvar sommar: «Det kunne vært ønskelig at hun hadde skrevet noe penere…»

Nå høyrest det ut som om eg gjekk på skule i oldtida, men eg trur ein eller annan hadde tenkt at me hadde godt av å læra å skriva med penn og blekkhus før me fekk lov til å bruka fyllepenn med patronar. Det må vel ha vore på den tida den første aninga bør ha kome om at det ikkje budde nokon stor kalligraf i meg, men eg hugsar me følte oss litt store og flinke då me fekk skru loket av blekkhuset og setja det ned i den vesle fordjupinga i pulten som var laga for denslags.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: