Gå til innhald

Oktoberfredag med syster

oktober 25, 2013

oktoberlauv 2

Eg starta dagen med å ha eit møte med ei som kanskje skal hjelpa oss med layouten på boka. Det gjekk liksom plutseleg opp for meg at om alt går som det skal, så står eg snart med ei bok i hendene. Det var ein god og spennande tanke. Nå får me sjå kva som skjer. Det blir etter alt å dømma ei dikt- og fotobok, og me kjem til å leggja siste hand på vår del av verket nå i helga, håpar eg.

Den fantastiske systera mi, har bare ei forresten, fyller år i dag. Sidan eg hadde ein fleksibel dag, så inviterte eg på lunsj på kjøkkenet. Det var veldig fint å ha to-tre timar i lag bare me to. Det blir ikkje så ofte lenger, i fleire år jobba me i lag, i den same klassen faktisk, og det beste var at det var kjekt kvar einaste dag. Me var innom ein butikk der dei hadde fått inn julepynt allereie. Eg pleier å vera sterk motstandar av å ta jula på forskot, men dette året gler eg meg til å pynta til jul. Det har sikkert samanhang med at Sunniva kjem heim til jul den 20. desember, og då har eg ikkje sett henne på nesten eit halvt år. Ute er det framleis langt frå vinter, det har vore ei veke med masse vind og regn, og meir er det viss i vente, men i dag var det opphald, og det er framleis fine haustfargar ute.

Eg har kjøpt eit eksemplar av den nye salmeboka som kom ut i denne veka, det er litt stas sidan eg har med to eigne salmar og to omsetjingar som eg er ansvarleg for. Så kjøpte eg med den nye boka til Magnus Malm, som eg fekk varmt anbefalt av Torhild. Det er litt rart å sjå sine eigne tekstar på trykk i ei salmebok. Så har eg tre forespørslar om å lesa dikt, fortelja og «halda foredrag». Det er spennande og fint, men samtidig litt skummelt å få brukt den delen av meg sjølv av og til

Sunni og Thea

Innimellom det andre, så chattar eg med Sunniva i Bolivia. Der er fantastisk at teknologien er slik at me kan vera i dagleg kontakt på trass av den lange avstanden. Dette fine biletet er teke av henne og venninna Thea, som ho reiser saman med, sist helg då dei berøkte saltørkenen og varme kjelder. Sunniva står til venstre. Dessverre var Thea uheldig på turen. Ho datt og brekte to ribbein. Det eine ribbeinet kom til alt overmål borti den eine lunga. Sidan dei var langt borte frå sivilisasjonen, kom ho seg ikkje til lege før etter tre dagar, då vart ho lagt inn på sjukehus. Nå har ho kome heim og må ta det fullstendig med ro inntil vidare. Veldig god betring, viss du les dette Thea. Det er slike gonger det er godt å ikkje vera aleine. Sei til Sunniva at ho må stella godt med deg.

Dagens forfattar heiter Arnljot Eggen. Boka «Sprekker i muren», kosta19 kroner då ho kom ut på «Det norske samlaget». Og til dei svensktalane vennene mine, eg veit at det forlaget høyrest suspekt ut på svensk, men på norsk er det heilt ok, og det største nynorske forlaget vårt… Han har nokre veldig korte dikt han kallar forkortingar, som er i form av ein setning. Eg har veldig sansen for dei.

Det er greitt å kunna skuva framtida framfor seg.

Mitt liv, kvifor møtest vi så sjeldan på same plassen?

I blinde har eg funne deg, men aldri ved å leita ivrig.

Mitt liv, du er den hemmelege avtalen eg for ofte kjem for seint til.

Arnljot Eggen

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: