Skip to content

Å leva heilt og meiningsfullt

november 1, 2013

kanal Danmark

Eg har lyst til å dela noko frå boka eg les, den indre rytmen av Charles Ringma.

De som ber flykter ikke fra virkeligheten. Bønn er ikke flukt. Det er ikke å se ned på seg selv. Det er ikke å håpe at noe magisk skal skje. Det er ikke å si «Jeg er hjelpeløs og håpløs og følgelig trenger jeg Guds hjelp.

Bønn er heller det stikk motsatte. Bønn er å hevde seg selv, ikke å fornekte seg selv. Det er å si «Jeg har behov for å leve et helt og meningsfullt liv. Derfor trenger jeg visdom, veiledning og oppmuntiring fra en kilde utenfor meg selv. Bønn er å se den virkelige verden i øynene, ikke å fornekte den.»

Charles RIngma

Eg har og lyst til  gjenfortelja ei forteljing eg nettopp las.: EIn kunstnar hadde i ei openbaring fått sjå Kristi ansikt. SIdan hans spesialfelt var mosaikk, laga han ein mosaikk som framstilde Kristi ansikt, slik han hadde sett det i synet, og slik ingen andre i bygda hadde sett det. Før biletet skulle monterast, braut det ut krig. Kunstnaren fekk vita at fienden ville øydeleggja biletet han jobba med, derfor gav han folk i byen ein mosaikkbit kvar til oppbevaring inntil vidare. Krigen varde lenge, og då han tok slutt var den einaste måten å gjenskapa biletet på, at folk kom og la sin mosaikkbit ned som ein del av eit stort puslespel. Om kunstnaren var død veit eg ikkje, men verket lot seg ikkje skapa på ny. Kanskje han bare hadde mista visjonen etter den lange tida, og var ute av stand til å gjenskapa ansiktet han  ein gong hadde sett?

Det er ei fin historie. Det merkelege er at eg brukte det same motivet i boka eg sende til trykking i går. Historien las eg først i dag morges. I mine dikt står det om ein puslespelbit eg har fått utdelt og som eg heilt roleg, og utan større styr og faktar skl få leggja frå meg på bakken. Dersom alle andre gjer det same kan me gleda oss over å sjå store og underlege bilete veksa fram.

Kanskje dette kan vera min puslespelbit i dag? Kanskje nokon kan bruka det i det store biletet me alltid lagar saman? At biletet til slutt skal bli Kristi ansikt hadde eg ikkje i tankane då eg skreiv dikt, men det er ein vakker tanke.

glasmaleri Bryne kyrkje

Og her kan det passa å slutta med eit utsnitt av det vakre glasmaleriet til Per Odd Aarrestad frå kyrkja vår.

Heidi

From → Barna mine, Skriving, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: