Gå til innhald

Madicken

oktober 30, 2013

Madicken fargebilete

I dag har me vore på teater. Eit litt surrealistisk sådanne. Ingrid studerer drama denne hausten, og klassen hennar har sett opp fire små Astrid Lindgren- stykke, framførte i kvar sin blackboks, der studentane fekk tildelt eit stykke, har laga manus og regi og sjølve vore skodespelarar. Nå har dei tre dagar med skuleforestillingar, og to kveldar med opne forestillingar. Ingrid si gruppe har laga ein nokså surrealistisk variant av Madicken. Stykket blir spelt av porselensdokker, marionettedokker og buktalardokker på eit gammalt loft. Då me kom inn var alle dokkene i frys, så gjekk dei over til å visa Madicken-forteljingar. Madicken sine mørke sider blir fjernstyrte av ein svarkledd joker i ei kiste som kjem fram i ein del situasjonar og gjer Madicken til ei marionettedokke som utfører ting ho eigentleg veit er heilt gale.

Skrikemadicken

Madicken si mor er plaga med konstant hovudverk, og rår nok ikkje alltid med å vera ei god mor for døtrene sine. Dei blir ofte overlatte til hushjelp og barnepike Alva, som i vårt tilfelle lever med ein hemmeleg draum om å heller vera operasongerinne. Her er Alva med kvit parykk spela av Ingrid, som syng eit utdrag frå katteduetten…

syngemadicken

Til slutt lokkar «skuggen» Madicken til å hoppa frå taket med ein svart paraply slik Abbe har sagt at han har gjort. Han gjer eit forsøk på å dra Madicken med seg inn i kista, men dei andre klarer å halda henne fast.

På biletet under er skodespelarane lukkeleg ferdige med kveldsforestillinga. Han bakerste gjorde ein fantastisk innsats som Jokeren i kista. Dei andre er frå venstre, Abbe, mor til Madicken, Alva, Madicken og Lisabeth.

Madicken, Ingrid

Eg var imponert over dei. Det er litt kjekt å sjå at ungane faktisk ender opp med ein del av dei same interessene som ein har sjølv. Nå har eg sett både Ingrid og Sunniva laga teater. Det er veldig inspirerande. I nokre familiar spelar dei handball eller spring orientering. TIl slikt er me delvis heilt ubrukelege, så det er godt me kan finna ein fellesnemnar på ein annan arena…

 Ingrid Madicken

Her er ei stykk glad dotter etter forestillinga. For anledningen med dokkekjole, fletter, porselensdokkesminke og lange falske augnevipper.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: