Skip to content

Mørk november

november 12, 2013

image

Dette biletet er teke i Sandtangen der me var på tur i dag. Me fekk med oss både regn, hagl og sol. Her inne i skogen hadde me pause medan store regndropar blanda seg med kaffi og kakao i koppane våre. Det gjeld å kle seg godt, og me lyser godt opp i skogen når me kjem på lange rekkjer med gule refleksvestar, fargeglade regnklede og rosa og gule regntrekk på ranslane.

image

Det er ikkje lærarane som legg i veg med paraply, bare to turgåande damer me passerte på vegen. Vel framme fekk ungane leia kvarandre i blinde og etterpå prøva å finna att dei trea dei hadde kjend på. Så fekk dei utdelt forstørrelsesglas for å utforska naturen saman to og to. Det vart sett lupe både på sporene bak på ormegraset og på innhaldet i gamle stubbar.

image

Og vel heime fekk dei høyra historia om Sidharta Gautama som skulle skånast frå alt vondt og som liten prins ikkje måtte få sjå gamle menneske, fattige menneske, sjuke menneske eller døde menneske. Då han skjøna korleis verda eigentleg hang saman, sa han frå seg rikdommen og reiste ut for å søkja Sanninga om livet. Det slo meg at historia har likskapstrekk med historia om Tornerose som og vaks opp på eit slott, og som måtte skånast frå spinneteiner. Begge måtte bryta grenser foreldra ville setja opp for å skåna dei, men sidan Tornerose vart dronning og Sidharta Gautama Buddha, så gjekk det kanskje bra til slutt. Det gjekk bra til slutt for elevane våre og, miljøarbeidaren vår varta opp med nybakte bollar med kanel på toppen. Det smakte veldig godt for båe små og store med ei kosestund i lyttekroken på slutten av ein innhaldsrik skuledag. Eg skriv lite om jobben min her av nokså openlyse grunnar, men i dag unna eg lesarane mine eit diskret lite innkikk. Heldige dei av oss som jobbar i skulen…

Halvard spelar piano

Og heldige dei av oss som framleis har ungdomar i huset. For min del betyr det mykje koseleg pianomusikk og spennande diskusjonar.

Dagens lyrikar heiter Pål Eikås. Boka hans har eg og kjøpt på ryddesal på bibliotek. Ho kom ut på Eide forlag i 1999 og heiter ambisiøst nok «Boka mi om deg». Sidan dette vart eit skuleinnlegg kan eg jo nemna at forfattaren er lærar.

eg kjenner
steinen i egget
din puls av kjærleik

og min hug til
fuglar
som dreg meg
mot ditt

*
grip han etter henne
faldar ho vengene ut

lyfter seg i oppvind

slår inn på ei hylle i
mannfallets svarte vegg

*

haustjente

du finn vel
noko
å gje bort

aus alt
over meg
*

gå roleg inn i
seinhausten
med alt ditt
vakre

frys ikkje
salt hav
så får eg gjere mitt

*
men vegen er enno
lang
over bruer

til øvst i
skaret
der skodda letta

*
til bygda lengst ute
dei sa
ho var vakkert
*
til tøveret
mellom dei
enno
så usikkert

*
til fjørelangs
der varmbølgja ventar

*
Eg var fjellmann
heilt til du kom.

-No likar eg store båtar
på ope hav.

*

han
sjenert
rører i kaffikoppen

ho
sjenert
rører
i kaffikoppen

Pål Eikås

Ei fin lita bok med blått omslag med naturbilete frå Lofoten på. Vår eiga bok ventar me på framleis. Kanskje ho kjem i morgon?

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: