Gå til innhald

Ei rask oppdatering

november 24, 2013

image

Nå luktar det deilig av middag som kokken min kokar på kjøkkenet, og om tjue minutt får me middagsgjester. Eg gler meg til å få besøk av Torhild og Per Magne, for nå er det frykteleg lenge sidan sist. Litt seinare får me endå meir besøk, og er er ekstra heldig skal eg helsa på ein nyfødd i dag, så skal det skrivast er det best å gjera det nå. Å få halda eit nyfødd menneske er for meg det aller næraste eg kjem på å røra ved det heilage. Blir det ikkje i dag, så håpar eg det blir ein sjanse ein av dei første dagane. Eg lurer på om det er mange som har det som meg at dei bare må laga noko av alt. Bretta sjokoladepair til figurar, teikna dekor på alle papir og laga noko av appelsinskalet. Eg har ein nesten tvangsmessig trong til å laga noko av appelsinskal, og har aldri før stådd fram med «skavanken». Kanskje det er fleire der ute som lir av det same? Clementinskal er ekstra takknemleg som formingsmateriale (eg trener på at det ikkje heiter mandarinar), og her er ein føradventengel og andungen Kvakk-kvakk…

image

I går hanka me med oss Odd Christian og reiste inn for å besøkja farmor. Ho fyller 97 år om mindre enn to månadar og steller framleis seg sjølv og alle dei fantastiske potteplantene sine på eiga hand.

image

På ferga over hadde dei begynt med noko nytt i kafeen selde dei «take-away-lappar» eller sveler som det heiter på fergespråket. Seks sveler for 60 kroner med smørkrem i eit lite beger. Dei var så store som pannekaker og såg veldig innbydande ut. Så varme og nysteikte var dei at me ikkje kunne lukka loket på øskja før me gjekk til bilen. Det skulle vera ei overrasking for farmor at me kom, så på vegen stoppa me og kjøpte med oss frokostbrød, ambrosiabrød og ei julerose i raud potte som sending. Det var grått i veret, men naturen langs vegen er veldig fin.

image

Då me kom, hadde farmor høyrt ryktene likevel, og stod klar med varm ovn og ein pizza ho hadde teke ut av frysa. Eg blir så glad kvar gong eg ser henne, for at eg verkeleg får lov å ha henne framleis. «Det får du spørja mor mi om,» sa far då eg spurde han om noko sist sundag. Det kjennest sikkert ungdomeleg å kunna sei den setningen når ein nærmar seg 74 år. Nesten som i «Den sjuande far i huset.» Det er ok å vera nest nederst i slektsleddkjeden enn så lenge… Ho vart veldig glad for å sjå Odd Christian, det var så lenge sidan sist. Eg likar å sjå når det blir tend lys i begge auga til folk, og det gjorde det då ho opna døra.

image

Me snakka litt om korleis det kjennest å vera menneske når fingrane blir for stive til å strikka med, og når det er vanskeleg å balansera med gryter og kar på kjøkkenet, sjølv om ein har gjort det heile livet. Eg forstår nesten litt for godt korleis det må kjennast. Og at det er ei stor sorg i å sjå både jamngamle og dei i generasjonen under bli sjuke og døy. Heldigvis var me einige om at det er mykje å vera glad og takknemleg for og.

image

Nå er gjestene venta om fem minutt. Eg får gjera meg klar til å leika vertinne. Ha ein framleis god sundag.

Heidi

From → Barna mine, Farmor, Mat

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: