Julesong
Det er snart advent- Eg har sikkert skrive litt allereie om at eg har jobba litt med ein julesong. Kanskje det rett og slett er på tide å la han få litt plass her. Eg er slett ikkje sikker på om han er heilt ferdig, men akkurat pr nå ser han slik ut.
Vinterkvelden han legg seg rundt husa,
det er mørkt, og det er desember,
snart kjem natta, ho pakkar inn fjell og tre,
men her inne er julefred.
ref
Lysa er tende,me sit saman her,
ser eit bål flamma i peisen,
kjenner det store kvila i alt smått,
alt er stille, – og det er godt.
Du som kom som ein nyfødd i stallen,
du som var liten i det store,
kom med kjærleiken din, kom og finn oss att,
kom til oss, det er julenatt.
ref
Natta er mørk,og me sit saman her,
kom og finn oss, for me lengtar,
tenn våre lys midt i det store nå,
vis oss vegen som me skal gå.
Stjernenatta har lagt seg rundt husa,
det er mørkt, og det er desember,
sjå det lyser frå hus og frå juletre,
det er natt, det er julefred.
ref
Stjernene lyser, det er julenatt,
våre lys skin nå i natta
lys i det store tende i det små
møter lysa på himlen nå.
Heidi
Og i dag har eg hatt fleire timar med ein nyfødd liten gut på fanget. Det var så utruleg fint å få helsa på han. Når nokon plasserer eit nyfødd menneske i armane mine, er eg nesten i himmelen… Lukka til med alt som skal skje deg, lille venn. Han ankom heimen i ein liten brun bjørnedress med øyrer på hetta og hale på rumpa, og var heilt til å eta opp.
Heidi