Gå til innhald

Skoddeheimen

november 26, 2013

skoddelandskap Ryfylke

Slik såg det ut då me kjørde for å besøkja farmor på laurdag. Det  låg skoddeslør over deler av landskapet, medan det var heilt klårt andre stadar.  Det var vakkert å sjå på. Grå skodde og grått ver får fram fargane i naturen på ein heilt spesiell  måte. Då me kom fram, låg skodda tett kring husa.  Leif er flink fotograf, synest eg. Slike bilete får aldri eg til å ta, men eg kan sjølvsagt skulda på utstyret…

I dag har det vore veldig grått her og, og visst har me vore ute med ungane i dag og, det er då tysdag. Det var slikt tett, tett regn ute,  som er ein slags utvida variant av skodde. Ein har ikkje opplevinga av at det regnar spesielt heftig, men blir likevel gjennomvåt etter kort tid. Ungane var så våte då me kom opp att, at me måtte vrenga av dei heile regndressane før dei fekk lov til å sleppa inn frå yttergangen. Så var det utdeling av plastposar som dei kunne ta heim våte gensrar, bukser, luer, sokkar og vottar i. Mykje av det var klart til å vris opp. Sjølv har eg funne ut at det eg kanskje burde ønska meg til jul var ein god gammaldags sydvest. Med regnhette på ser ein mindre enn ingenting, og det er nesten litt uansvarleg når ein er ute og går i trafikken med hærskarer av seksåringar. I dag vart brillene så skoddete og doggete i tillegg, at eg til slutt gav opp og la dei i lomma. Då er det godt å ha sjåande kolleger. «Nei sjå der står det jammen nokon og sel ballongar på torget!» sa eg oppmuntrande til den eine gjennomvåte guten eg leigde i handa. Han forstod ikkje kva eg meinte, og sjølv innsåg eg og at det var ein merkeleg aktivitet ein grå og våt novemberdag. Då guten ikkje såg ein einaste ballong, gjekk det opp for meg at det eg såg var refleksvestane og ranselovertrekka til dei av elevane våre som gjekk fremst i rekkjene og hadde begynt på oppstiginga mot skulen. Kanskje svømmebriller med styrke i blir neste julegaveynskje…

Håret har vore vått i heile dag, for kvar gong eg er i ferd med å tørka sånn nokonlunde har det vore tid for ein ny tur ut. Nå sit eg her som ei våt kråke og hutrar etter vegen heim frå kveldsjobben. Eg drikk varm te og et curamed med sitron og repsisls med honning. Det er forsøket verd å prøva å slå tilbake forkjølinga som kriblar i halsen. Eg skal på jentetur til København med gode venninner i helga og har ikkje tid til den slags. Heldigvis held eg meg som regel på beina i det lengste laget.

Og her er eit fint bilete av den fine farmora mi på snart nittisju. Ho er snikfotografert i ein ubevakta augneblink, og er derfor langt meir lik seg sjølv enn på dei fleste bilete. Det vitale glimtet i auget er på plass, og potteplantene i vindaugskarmen er ein fryd. Ho seier det er dei ho har å stella for nå, og at dei heldigvis treng henne…farmor med diktbok 1

 

I dag blir det rett og slett ein tidleg kveld, men først tek me oss tid til nokre fine dikt av den franske lyrikaren Paul Éluard, gjendikta av Kjell Heggellund.

Definisjoner

En levende mann på en levende hest møter en
levende kvinne som holder en levende hund i bånd.

*

Den svarte kjolen eller den hvite kjolen? Store
sko eller små?

Paul Éluard

De små rettferdige

På latterhuset ler en fugl i vingene.
Verden er så lett
At den ikke lenger kan holdes på plass
Og så munter at den ikke mangler noe mer.

*

Hvorfor er jeg så vakker?
Fordi min Herre vasker meg.

Paul Éluard

Og nå håpar eg dyna er varm og god slik at eg får varmen i meg. Tenk snart er november over alt. Litt av ein fart tida har lagt seg til å ha…

Heidi

From → Farmor, haust, Poesi, Skule, veret

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: