Hummar og sjampanje
Me
har lese bloggen din, seier ei av venninnene mine, men du har ikkje skrive om den gode sjampanjen. Torer du ikkje vedstå deg det på bloggen? Jo, men eg drakk eplemost, og det var min mat eg skreiv om. «Men skriv om at dei hadde god sjampanje der og?» «Det er greitt. Tilsaman hadde me hummar og sjampanje, det er då standsmessig?» » Ja, skriv det!» Og sånn vart det. Håpar eg får til å lasta ned litt fleire bilete og…
Her er flotte gatemusikantar frå Højbroplads og ein ny smakebit frå utstillingsvindu. Bamsane har på barnetøy som blir solgt i butikken.
I kveld har me vore i tivoli. Det var tusenvis av lykter tusenvis av folk, heilt kaotisk og heilt vidunderleg. Dei andre søv etter ein lang dag. Eg bør vl gjera likeså… Heidi
Oj vad många fina ryska dockor! Jag får lust att skaffa några.
Och jag håller med väninnan om att det inte är dumt med Champagne 🙂