Første sundagen i advent
Med nytend adventlys, ein dansk svibel som eg fekk på ein butikk i føremiddag, lilla adventduk, knalloransje klementinar og eit honningkakehjarte frå julemarknaden i tivoli. Eg er nå trygt heime etter ein fantastisk helgetur. Flyturen heim gjekk heilt utan komplikasjonar og alle er glade og fornøgde. Akkurat nå held eg på å landa heime i kvardagen, nei, sundagen min, – det kjennest fint.
I føremiddag hadde me den siste byvandringa i fine, fine København. Veret var litt mindre grått og innimellom kikka til og med sola fram. Byen er som sagt pynta til trengsel allereie. På gavlen på det mest fornemme teateret i byen, sit HC Andersen flankert av lysgardin og les eventyr for barn.
Og framfor huset står det store tinnsoldatar i stram givakt.
Dei ser ut til å ta oppgåva si alvorleg.
Me fekk eit glimt av ekte gardistar og, som marsjerte spelande gjennom gatene med bjørneskinssluer, fløyter og trommer. Helst ville eg springa etter dei for å fotografera, men eg innsåg at eg aldri kom til å nå dei att. I går prøvde eg å springa etter ein mops som sat i bagasjekorga framme på ein bybudsykkel og passa på pakkane som skulle leverast, men eg nådde ikkje fram i tide då heller. Eg eignar meg viss best med motiv som står stille…
Eg er imponert over vinduskunsten, som har mykje eventyr i seg. Mine ganske designbevisste venninner har teke meg med til butikkar eg knapt visste eksisterte som acne og Malene Birger. Eg har vore velvillig fargekonsulent og sånn, men det eg har kjøpt med meg har stort sett vore julepynt. I dag var det plutseleg min tur, me spaserte forbi ein Gudrun Sjödinbutikk som skulle opna om fem minutt, og me bestemte oss for å venta. Eg gjekk ut der i frå med ny strikkekjole, nytt silkesjal og ein grøn strikkejakke i ein farge eg aldri før har hatt, men i dag var det min tur å velgja å lytta til fargekonsulentane. I tillegg fekk eg med ein lilla hyasint som takk for god handel, og tollarane var snille og lot meg ta han med heim til gamlelandet.
Gardistane fekk eg aldri fotografert, men desse to sat på gata og spelte vakkert for oss både seint i gårkveld då me gjekk heim til hotellet og i dag føremiddag. Det var den same melodien begge gongene, «Glade jul» i overgangen mellom november og desember, på klassisk gitar og trekkspel midt mellom to kommunale søppelspann. Dei smilte så fint til oss at eg måtte tømma den nye lommeboka for danske myntar.
Vel heime att var det tid for clementinar, svart kaffi, havrekjeks med brunost og danske mandlar med hindbærstræk. Det er ikkje så verst heime heller. Nå skal eg ta med meg eit knekkebrød og resten av kaffien og kosa meg med Downton Abbey.
Heidi