Skip to content

Luke 5- 2013

desember 5, 2013

image

Akkurat nå er eg kjempeglad fordi eg har fått hjelp til å få til melodien på julesongen min. Det kan vera at eg gjer små justeringar med teksten, men sidan dette er veldig ferskvare akkurat nå, må eg skunda meg å leggja han ut i tilfelle nokon skulle ha bruk for ein julesong veldig fort…

Her ligg notene

Julefred 

og teksten er blitt slik:

Julefred

Vinterkvelden legg seg rundt husa, det er mørkt, og det er desember,
snart kjem natta, ho pakkar inn fjell og tre, men her inne er julefred.
Lysa er tende, me sit saman her, ser eit bål flamma i peisen,
kjenner det store kvila i alt smått, alt er stille, – og det er godt.

Du som låg heilt nyfødd i stallen, du som  var liten i det store,
kom med kjærleiken din, kom og finn oss att, kom til oss, det er julenatt.
Natta er mørk, og me sit saman her, kom og finn oss, for me lengtar,
tenn våre lys midt i det store nå, vis oss vegen som me skal gå.

Stjernenatta la seg rundt husa, det er mørkt, og det er desember,
sjå det lyser frå hus og frå juletre, det er natt, det er julefred.
Stjernene lyser, det er julenatt, våre lys skin nå i natta
lys i det store tende i det små møter lysa på him´len nå.

Heidi

Melodien er i utgangspunktet laga av Halvard, men han og eg gjekk oss litt vill, og han vart lei av maset mitt fordi eg aldri vart fornøgd, og han ikkje fekk det til heilt som han hadde tenkt. Nå har eg fått dei flinke og snille musikarkollegene mine, Torill og Øyvind Bøylestad til å hjelpa meg med justeringar, og så fall det heile på plass. Det var så godt å få prosjektet i hamn, for eg hadde så lyst til å få prosjektet i hamn før det vart jul.

Dagen i dag har gått «blåsbortdagen» i hundremeterskogen ein høg gang. Det bles og det bles, og i ettermiddag har det fyke snø og. Me valde å ikkje senda seksåringane ut etter klokka ti i dag, og her på Jæren skal eg lova at det skal mykje til før me held ungar inne på grunn av vind. Taket har blåst av hus her i nabolaget, tre har velta og takpanner har sust gjennom lufta. Husfotografen min har vore på fotojakt i uveret, og så snart han er ferdig med å redigera bileta slik han vil, legg eg ut nokre av dei her.

I morgon får me besøk av ein pianostemmar, og det blir den store «Rydda -og -pynta -til -advent -dagen.» I tillegg må eg prøva å få skrive mest mogleg på manuset til tiandeklasseforestillinga, og kanskje gjera ein innsats for å få noko ut av barnebokhistoria eg laga saman med elevane på skapande skriving om den vesle engelen som ikkje fekk til å tenna julestjerna.

nesten rennedrev

 

tak av hus

drivhus storm

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: