Skip to content

Luke seks 2013

desember 6, 2013

image

Luke seks inneheld for oss i heimen to nystemde piano. Pianostemmaren held på med Halvard sitt piano nede i kjellarstova akkurat nå og er ferdig med pianoet vårt i stova, som er eit gammalt Steinweg-piano frå trettitalet. Han påstod at det var eit fint instrument, men det viste seg å vera veldig tidkrevjande og vanskeleg å stemma, så nå håpar eg han får ein lettare jobb i kjellaren. Halvard har etterlyst dette med pianostemming lenge og instendig, så nå blir han glad. Eg håpar det blir endå meir pianospeling i huset, for det er så koseleg med levande musikk. Halvard har hatt eit skikkeleg pianokick i haust og eg gler meg over å høyra kor store framsteg han gjer sjølv om han ikkje får undervisning. Han rakk bare to år med piano i kulturskulen før han gjekk over på el-gitar, og det er litt synd, for han kosar seg verkeleg med musikk.

Då den veldig trivelege pianostemmaren jobba med stovepianoet vårt, oppdaga eg kor fint det er inni. Det er masse messing, forsiringar og forsnirklingar, og i tillegg er det fascinerande både å sjå på arbeidet og på kor komplisert eit instrument eit piano i grunnen er. Overraskinga var at det pianoet Halvard arva etter farfaren, som takstmannen meinte ikkje var verd noko, nå har fått diagnosen eit veldig sjeldant, fint og godt instrument. Eg trudde det var eit typisk sekstitalspiano, men i fylgje stemmaren så er det mykje meir enn det… Det er kjekt å snakka med folk som har eit pasjonert forhold til det dei driv med. Nå ser det mellom linjene ut som om eg har hengt over den stakkars mannen heile dagen, så eg må skunda meg å fortelja at det har eg ikkje…

Akkurat nå er det stille etter stormen, men vermeldingane tyder på at det framleis er mykje ver i vente. Det ligg eit lag med snø, så ute er det vinter. Ungane må haldast innomdørs på skulen for å vera sikker på at dei ikkje får takstein og liknande i hodet, og det har blese av fleire hustak i nærleiken. Heldigvis er julebordet me skal ha i dag ikkje så veldig langt unna, og eg har klart å ordna meg skyss både til og frå. På den måten slepp eg å gå rundt og grua meg til eventuelt rennedrev og spegelglatte vegar på heimturen.

Eg er framleis glad og takknemleg for at julesongen min kom heim til jul. Det er nok litt i seinaste laget til at nokon får brukt han dette året, men det kjennest godt likevel. Seint i går kveld, då me såt og høyrde lyden av stormen med lenestolane trekte inn til peisen og varmande bål mot to lag ullsokkar, fekk me vita via internett at Nelson Mandela var død. La oss vera glad for at det finnest og har funnest slike menneske som han her i verda. Ein mann sa på radioen i dag at Mandela hadde så sterk utstråling at ein ikkje bare merka det når han kom inn i rommet, det var menneske som påstod at dei bokstavele talt kjende auraen hans dersom han kom inn i ein bygning. Det høyrest nesten ut som ei helgenlegende, men det er ikkje tvil om at han var eit menneske med ein sjeldan form for karisma. I tillegg til å læra verda noko om menneskeverd, håpar eg at han har lært oss noko om det å tilgje.

Dagens diktar er ein av mine favoorittar. Eg veit at eg har sagt det om mange allereie, og at det høyrest nesten ut som eit refreng, men Kolbein Falkeid har eg verkeleg sansen for. Me er forresten i slekt, han er syskenbarnet til farmor, som er fødd Falkeid. Det betyr dessverre ikkje at eg har frekventert dei same familieselskapa som han… Nå skal eg sjå om han kan by på eit dikt som kan passa for dagen i dag.

Tidlig morgen på vei til jobben

Tidlig om morgenen på vei til jobbeb
er du med på å vikle små begivenheter
Ut av innpaknikningspapiret-

At ungene morser adjø til deg på vinduet.
At verkstedarbeideren kakker snadda mot gjerdestolpen

før han hiver seg på sykkelen.
At karene som bygger ut den vesle lekeplassen
setter veskene med mat og termos fra seg
i den flyttbare bua
og at tobakkshandleren
starter opp den snåle bilen sin

for å være på plass i god tid.

Ubetydeligheter alt sammen.
Men forsynt med fotnoter
om at dette skal du savne mest
engang.

Kolbein Falkeid

Nå har stemmaren avslutta arbeidet og spelt vakker musikk på begge pianoa før me avslutta med ein koseleg prat ved spisebordet. Ha ein framleis fin dag. Eg for min del avsluttar med vakker julemusikk.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: