Skip to content

Luke 8- 2013 andre sundagen i advent

desember 8, 2013

image

Slik såg det ut i går kveld før regnet kom og tok snøen med seg att. Eg sit her og gjer meg klar til å vera kveldens gjest i Hinna-kyrkja om ikkje så lenge. Eg skal fortelja, lesa dikt og snakka om advent. Eg har ikkje lyst til å vera eit menneske som gir inntrykk av at ho veit det meste om korleis verda held saman, og som skal belæra andre om kva som er rett og lurt og godt, sjølv om det hender at eg trur eg veit det… Eg skal fortelja eit jødisk folkeeventyr om Moses som møtte ein gjetar i ørkenen. Gjetaren sette ut den beste mjølka han hadde kvar dag og fortalde Moses at han gav mjølka til Gud. Moses fortalde denne enkle mannen at han lite hadde forstått og viste han at det var ørkenreven som drakk mjølka etter at det var blitt mørkt. «Kva har du gjort, Moses, spurde Gud han natta etter i ein draum. Du har øydelagt det finaste denne mannen hadde. Kva veit du om at eg ikkje liker mjølk? Eg liker mjølk veldig godt, og sidan eg ikkje kan drikka ho sjølv, har det vore ei glede for meg å dela ho med den vesle ørkenreven.» Poenget i historia blir at det er så lett å tru at ein er blant dei som skjønar betre. Ein vil gjerne læra andre korleis ting eigentleg skulle vera, og skjønar ikkje at når alt kjem til alt er det ikkje så mykje me skjønar nokon av oss.

Så skal eg lesa frå 1.Kor 13.

«Om eg har profetisk gåve,
og kjenner alle løyndomar
og eig all kunnskap

og om eg har tru
så eg kan flytta fjell
,
men ikkje har kjærleik
då er eg ingenting.

Omtrent det var det eg hadde på hjartet då eg kjende etter og prøvde å lytta. Først hadde eg tenkt på noko anna, men det vart dette. Og same koss det går, så er det viktig for meg. Viss eg får tid vil eg lesa nokre dikt og. Det går nok bra. Og i heimen går juleførebuingane sin skeive og litt skakke gang, men jul blir det. Den innvikla peparkakedeigen med masse sirup, peppar, ingefær, kanel og eg veit ikkje kva som skulle overnatta i kjøleskapet, viste seg å vera særs vanskeleg å jobba med. Han smuldra seg opp og var mest umogleg å kjevla ut. Og kakene vart gode til slutt, sjølv om det bare fungerte med dei minste formene. Eg lo litt av at dei kostar ni kroner boksen på Kiwi og Rema, men sjølvsagt er mine betre…

Eg sende Halvard ut for å kjøpa lyspære til den store papirstjerna, men han kom heim med feil pære. Eg reiste bort for å bytta og gløymde yoghurten eg kjøpte samtidig. I alle fall finn eg han ikkje. Og eg går ikkje bort for å spørja om eg gløymde han i kassen. Nok rot for i dag. Nå er begge stjernene klare, men får ikkje til å henga dei opp på ein nokonlunde kontant måte. Den på kjøkkenet heng nå på eit vis i sytråd etter ei teiknestift med ledningen festa med tre sikkerheitsnåler i gardinet, men til og med eg ser at det ikkje er fint. Har trua med å ringa etter far viss ingen her heime klarer å hjelpa meg…

image

I går hadde me ein koseleg kveld hos Karleif og Linn, det er alltid så fint å koma dit. Og dei er veldig flinke til å få hengt adventstjernene sine opp på ein god måte…

image

Og dei hadde fine lykter i snøen ved trappa.

image

Og varm gløgg til vandrarar som kom inn.

Nå får eg gjera meg klar. Ha ein fin sundagskveld.

Heidi

2 kommentarar
  1. Hei Heidi. Du var ein flott «kveldens gjest» på kveldsgudstenesta i Hinna i kveld, på ingen måte belærande. Å dela er eit verb som uttrykkjer ein viktig kristen praksis. Takk for det du delte med oss! Helsing Arne

  2. Tusen takk, Arne 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: