Skip to content

Luke 9 -2013

desember 9, 2013

image

I dag blir det ei luke med liten opning, og dagen har skjedd og skjedd nesten heilt utan pause. Det mest spesielle som har hend meg i dag er at eg har vore hos tannlegen og lagt noko på framtennene som gjer at eg ikkje kan tygga. Det er ikkje siste nytt i munnlås, om nokon skulle koma på den tanken… I sommar brekte eg av ein bit av den eine framanna, og nå har eg fått det fiksa. Dei har lagt eit plastbelegg over biteflata på framtennene oppe og det går ned på baksida av tennene.  Fordi det skal slipa seg til av seg sjølv etterkvart, kan eg ikkje bita saman jekslene. Trøysta er at om 6-7 veker skal det ha gått seg til. Ja, ja, ein får sjå optimistisk og humoristisk på det. Då eg kom ut lurte eg på om eg i det heile tatt er i stand til å eta andre ting enn suppe. Det har eg funne ut at eg er, og har nesten, men bare nesten begynt å venna meg til det…

I morgon er det først juleverkstad, så rle-timar om Lucia og så nesten rett på skapande skriving der me skal gjera ferdig det eg håpar skal bli ei biletbok om englane som ikkje får til å tenna julestjerna fordi brytaren har blitt gammal og stør… Å skriva saman med barn og ungdomar er ein merkeleg ting. Handlingane kan ta dei merkelegaste retningar, så blir det min oppgåve å sensurera det som ikkje kan vera med utan å drepa den litt rampete kreativiteten som ligg bak. Oppgåva var at me saman skulle laga ei bok som kan brukast i barnehagar og på småtrinnet. Nå har eg tenkt ut korleis me skal få til å laga enkle, men brukbare bilete. Det gjenstår å sjå om ideen fungerer. Det er nok ein god idé at eg ikkje blir sitjande oppe og skriva heile natta i alle fall.

Huset til Ingrid og Oddvar er rett og slett i ferd med å bli ferdig. Det ser ut som om dei skal klara å vera inne til jul. At Ingrid samtidig har tre eksamenar ho skal avvikla og helst klara seg bra på, er ein ganske stressande situasjon. Så langt har ho klart seg bra, og snart er det juleferie. Sunniva er på inka-trail i Peru og vandrar rundt i fjella med dei andre volontørane og turførarar. Det er sikkert kjempespennande, men samtidig er det uvant å ikkje kunna ha dagleg kontakt med ho.

Nå lukker eg luka utan lyrikk i dag, det vil seia, eg leitar etter eit dikt førsteklassingane skal bruka på forestillinga i neste veke. Kanskje eg skal avslutta med det?

Det falt eit lite snøfnugg
på klokkaren sin hatt,
det falt eit lite snøfnugg
på halen til ein katt.

Dei to små snøfnugg ropte:
Kom hit, kom hit, kom hit:
Så kom det tusen snøfnugg
og så vart verda kvit.

Og så var klokkar Hansen
blitt borte med sin hatt,
tilbake stod ein snømann
og ropte på sin katt.

Halvdan Rasmussen

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: