Luke tolv 2013
M
Nå eg på toget y
retning Oslo. Eg prøvde å lasta opp eit togbilete eg nettopp tok, men fekk det ikkje til, så det får bli denne gjengen frå København i staden. Nettet er ustabilt, så det blir spennande å sjå om eg får til å posta dette. Toget var ein havtime forseinka på grunn av togtull mellom Ganddal og Klepp, eg hadde i utgangspunktet ein time på meg til å nå toget vidare, men eg kosar meg og slapper av. Eg har nettopp vore i kafevogna som var av den mest moderne typen og koste meg med grove wraps med snøfrisk og røykt aure med deilig yoghurt frå Urtehaven. Stor forskjell frå den tradisjonelle menyen. Nå har eg vore utan nett nokre timar, men nå glimta det jammen til att… Eg er nå på Jerstad stasjon. Det er blå skumring ute og koseleg å drikka kaffi inne. I Kristiansand hadde me teke att forsinkelsen og skal nå vera i rute. Eg gler meg over det… Bilete nummer to er frå Kristansand stasjon midt på dagen. Det kom litt feil inn, men eg fekk ikkje til å fiksa det. Gjer det seinare. Som de ser er det ein av desse mørkaste dagane i året der det nesten ikkje blir lyst i det heile tatt. Det verste er at eg liker slike dagar. Eg synest mørket er koseleg. Eg trur eg tilhøyrer ein minoritet som synest at sola godt kan venta nokre veker ekstra med å snu…
Av alle sære toaktivitetar » til hygge og nytte» som dei ville sagt i Kardemommeby, tek eg truleg bortimot prisen i dag. Eg sit her ho heklar klede til fem miniatyrbamsar eg hadde med i handveska… Veldig koseleg og veldig nedstressande. Den unge guten med piercingar, naglebelte og høyretelefonar smilte nettopp så koseleg til meg då eit lite rosa nøste trilla ned på golvet. Eg går snart fru Pigalopp ein høg gang… Nei, set meg på eit tog når akslene og pulsen er på veg oppover…
Heidi