Skip to content

Luke 11 -2013

desember 11, 2013

engel i mørke

At datoen i dag er 11-12-13 er jo litt stilig. Sidan det ikkje er meir enn tolv månadar i eit år, blir det ingen slike på ei stund. Denne dagen har og vore av det intense slaget. Først øving med nokonogtjue ivrige åtteåringar som skal spela teater i kyrkja på skulegudstenesta. Prest og organist stilde sporty opp klokka kvart over åtte for å øva med oss i to timar. Bra jobba Stein og Per Olav. Nådde opp tids nok til å øva med tre førsteklassingar som skal lesa dikt på fellessamling på torsdag, og rakk til og med kaffi og eit par knekkebrød før det var tid for vakta mi. Etter skuletid var det planlegging, og så kom eg på at eg hadde ryddeveke på arbeidsrommet. Takk ukjende velgjerar som tømde to av tre søppelsekkjer for meg, eg hadde jo tenkt å ta det.

Bilettane til Lillehammerturen er henta, og eg har vore i Stavanger med ein venninnegjeng for å eta ute og ha ei lita førjulsfeiring. I det eg stod og tok ut pengar i ein minibank, heldigvis ikkje veldig mange, kom ei av venninnene mine og vart ståande og prata med meg medan eg tok ut pengar. Då eg skulle betala for maten nokre timar seinare var ikkje sedlane i lommeboka mi, eg må rett og slett ha gløymt å få dei med meg. Heldigvis låg bankkortet fint på plassen sin. Me gjekk opp til minibanken etterpå, bare for å ha gjort det, men sjølvsagt var det ingen pengar der. Det kunne jo tenkjast at nokon hadde sett opp lapp der det stod «Til deg som tok ut pengar kl 19.00: Du gløymte dei i luka og kan få dei att om du ringer…» Slike ting skjer meg, så det kunne jo henda, men denne gongen var det ikkje slik. Nå kan eg bare håpa at dei som fann litt ekstra pengar i banken verkeleg hadde bruk for dei, eller at dei gav dei til frelsesarmeen sidan dei ikkje visste kven sine pengar det var. Det nyttar ikkje å irritera seg i alle fall… Sidan eg aldri må betala fartsbøter så har eg råd til det…

Restaurantbesøket vart forresten litt særeigent i seg sjølv, eg skal ikkje seia kor det var, men ein tydeleg stressa kelnar rota først med menyen, så snubla han og mista ting i golvet to gonger, eit par av oss fekk servert lunka kaffi og då me hadde betalt, kom dei og sa at me hadde betalt 500 kroner for lite. Me var heilt sikre på at summen var rett, det var telt over to gonger, og to av oss visste at dei hadde lagt ned femhundrelappar, men nå låg det bare ein der. Me sa at me var heilt sikre, og han sa at han var heilt sikker på at me bare hadde betalt ein femhundrelapp. Me sa at han måtte ha mista han på vegen, noko han var sikker på han ikkje hadde. Så forsvann han og kom tilbake med pengeseddelen som han hadde funne på golvet… Han beklaga, og det hadde han vel forsåvidt grunn til. Det er mykje komikk i ein gjennomsnittleg dag…

Nå pakkar eg koffert og skulle eigentleg inn hit og skriva at eg ikkje har tid til å skriva i dag. Eg skal til Lillehammer og ha ei fin helg med gode venninner. Eigentleg skulle eg ha gjort mykje heime sidan der er sitat songen: «Lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra… Eg får heller vera duperflink og supereffektiv når eg kjem heim att… Turen har vore bestemt i lang tid, og eg gler meg verkeleg. Den første nytelsen er elleve timar på toget i fred og ro eller kva det nå måtte vera nsb har å by på i morgon.

Heidi

image

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: