Skip to content

Luke 20- 2013

desember 20, 2013

image

Nå har vi vaska gølvet, og vi har børi ved… Sjølv om me ikkje har sett opp fuggelbaind, så er eg omtrent der eg hadde håpa å vera før me skal henta Sunnigull på Sola, i alle fall nesten. Det er framleis ganske rotete på arbeidsromet, men det er jo mange dagar til jul, jo…
Og i dag har det vore litt av same kjensla som det er å vera liten og gleda seg til julekvelden. Eg har ikkje sett Sunniva sidan tidleg i august, og nå veit eg at ho gler seg veldig til å koma heim. Om litt over ein time skal me henta henne på flyplassen, dersom flyet er i rute, og ho er i alle fall trygt framme på Skiphol, og det er jo nesten heime i denne samanhangen. Eg har brukt dagen til å vask rydda, baka aniskringler og julegeiter, og til å laga ein peparkakedeig etter ei gammal svensk oppskrift eg kom over. Det blir spennande om den siste deigen blir brukbar, for eg oppdaga då han skulle inn i kjøleskapet at eg hadde gløymt å tilsetja seks desiliter mjølk… Eg varma han forsiktig opp og rørde i mjølka. Det vil visa seg om det funkar… Og for å vera heilt ærleg: Resten av baksten svarte ikkje heilt til forventningane det heller, men kanskje alle andre synest det er kjempegodt? Eller i alle fall har vett til å lata som om?

Eg fekk ein trist beskjed i dag, Gro Lingjærde som eg tok kristendomskunnskap grunnfag saman med på MF er død. Me har harr julekortkontakt alle desse åra, har møtt einannan nokre gonger med ujamne mellomrom, og av og til snakka på telefon. Eg visste at ho har vore alvorleg sjuk i mange år, men siste eg snakka med henne var ho likevel glad og optimistisk.  Gro utdanna seg til prest. Då eg møtte henne på MF hadde ho allereie jobba nokre år som sjukepleiar, men hadde funne ut at ho ville omskolera seg. Eg er sikker på at ho var ein fantastisk prest, ho var varm, klartenkjande og modig. Seinast i går sat eg og tenkte på om eg skulle skriva julebrev til henne. Fred over Gro sitt minne.

Det som gjorde meg glad i dag er at eg vart tipsa om at diktboka vår vr anmeld i Jærbladet denne veka av Audun Skryten.

image

Han er ein person som det betyr litt for meg å få «god karakter av». Setninga: «Ho forsvarer nemninga lyrikar», er musikk i øyrene mine. Dei siste åra har eg nemleg kjend på at eg svært gjerne vil vera lyrikar. Dessverre opplever eg at det har blitt eit smalare og smalare felt. Små forlag gir ikkje ut lyrikk lenger, og eg har inntrykk av at færre enn før les dikt. Eg gler meg over at han meiner at boka på 120 sider ikkje er for tjukk. Eg tok vekk ein tredjedel av dikta eg opprinneleg hadde fordi eg opplevde dei som litt uferdige. Den diktsamlinga eg gav ut i fjor var omtrent like tjukk, men den innehaldt dikt eg hadde skrive over meir enn ein tjueårsperiode. Denne gongen har eg, med nokre ganske få unntak, skrive alle dikta i løpet av ca ti månadar, for nå hadde eg ikkje ei oppdemd mengde tekstar slik eg hadde sist.

Og kor går vegen vidare med lyrikarprosjektet? Me får sjå. Eg kan nok ikkje belaga meg på same tempoet, for eg kan ikkje rekna med at folk vil kjøpa bok av meg kvart år. Eg burde nok prøva å marknadsføra tekstane andre stadar enn her heime, men eg orkar ikkje tanken på å vera pågåande selgjar av meg sjølv. Me får sjå kor vegen går hen. Det eg har planar om akkurat nå, er å skriva barnesongar for «ung kirkesang», og så har eg tenkt å laga ei idébok for dei som driv skapande skriving i kulturskule og skule. Men likevel kjem eg nok til å smugskriva ein del dikt, eg trur ikkje eg klarer å la vera. Eg set og stor pris på at anmeldaren liker bileta til Leif og måten me har brukt dei i boka vår. Rett og slett veldig oppmutrande. Takk til Audun Skryten.

Koseleg var det og å få besøk av Torhild og Magnus i kveldinga. Magnus skal snart til Bolivia, så det var synd han akkurat mista å møta Sunniva. Dei kom med julegavar, julebrev og ei gigantisk fruktkorg. Det var koseleg å sitja med tende stearinlys i ei ryddig stove og prata, eta kveldsmat og spela piano. Sidan det med ryddige stover langt frå er sjølvsagt her i heimen, set eg stor pris på det… Og eg set umåteleg pris på å ha gode venner.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: