Luke 19 -2013
Omsider kom adventstjerna som eg kjøpte på Illum bolighus i København på personaltur i vår til sin rett. Betre seint enn aldri. Ho er meir lilla enn det ser ut til her. Nå har eg fått juleferie. Det kjennest heilt fantastisk. Det har gått litt på høggir i det siste, så det skal bli godt- å roa livet ned litt. I dag hadde første klasse forestilling for resten av skulen, me måtte ha to rundar for at alle skulle få koma og sjå på. Av og til er forestillingar litt i sterkaste laget når ein er trøytt i utgangspunktet, men i dag gjekk det som ein draum. Det skuldast meir enn noko vår veldig dyktige usikklærar Torill, som hadde ei fast hand om det heile. Med høge, klare barnestemmar og seksårssjarme, så har dei eit godt utgangspunkt.
Første ferieaktivitet var intens jobbing med å få julebreva klare til sending. Eg syntest nesten at eg måtte få dei i veg i dag om eg skulle ha håp om å få dei fram til jul. Etter å ha send dei av garde traff eg min gamle klassekamerat Morten frå vidaregåande skule, og me fekk ein koseleg prat. I går på teateret møtte eg min gamle venn Knut frå same klassen. Det var i grunnen eit merkeleg samantreff, for eg ser dei ikkje ofte, men nå har eg altså fått daglege påminningar om ei tid som eg hugsar som veldig fin som er borte for ganske lenge sidan. Det er i grunnen fint å tenkja på kor mange fine personar ein rekk å bli kjend med i løpet av eit år.
I kveld var det å pynta ferdig til jul, i alle fall i stova og på kjøkkenet. Då eg lurte på om det var meir hjelp å få, fekk eg høyra at det ikkje var lett å hjelpa når eg ville ha alt på min måte. Eg innser at det er rett, og at det faktisk stemmer at eg til og med flyttar rundt på pynten for å få han der eg sjølv vil ha han. Av og til har eg tenkt på at jula er ei kvinnegreie der me liker å ha bukta og begge endane, medan mange menn pustar roleg heile adventtida og ikkje går av vegen for ein tur innom Esso julafta klokka fem for å kjøpa julegavar. Nå høyrest eg ut som om eg forfektar tradisjonar frå hundre år tilbake. Kanskje eg tek heilt feil og er på veg med farleg fart til meg å vera ned i ei kjønnsrollegrøft. Eg skal ikkje setja det endå meir på spissen, bare reisa spørsmålet om det er gjengs at me stressar mest med jula og at me helst vil bestemma. Eg håpar i grunnen at eg tek feil, og det å reisa spørsmålet er sikkert ikkje politisk korrekt i seg sjølv ein gong.
I morgon vil eg baka til jula og til Sunniva sin heimkomst. I morgon kveld er ho her om alle fly er i rute. Reisa hennar har allereie begynt. Eg gledar meg veldig. Eg gledar meg og over at ngrid og Oddvar rakk å flytta inn i det «nye huset» før jul. Dei flytta faktisk i dag, og alt ser veldig fint ut.
Det kjennest litt som å juksa i ludo å pynta juletreet ferdig allereie i dag. For meg er det tre dagar for tidleg, men nå er det gjort. Og snart er det god jul «heilt på skikkeleg». Og draumen bak all den kvinnelege hyperaktiviteten er jo at det skal bli «heilt vidunderleg» å feira jul. I alle fall for barna, og det sjølv om barna er vaksne og vel så det…
Heidi
Kosa deg med å få Sunniva heim.I går var eg og søster di og henta døtrene våres.Heilt tilfeldig var dei på same flyet.
Koseleg.Kjekt å få ungane heim 🙂