Gå til innhald

Luke 24- Julafta -2013

desember 25, 2013

julletre 2013

Ein innhaldsrik dag har gått inn for landing, og eg unnar meg sjølv å bli sitjande litt for å skriva nå når freden legg seg i og over huset. Eg trudde det skulle kjennast roleg og avslappa å vera bare oss sju som høyrer huset til på julekvelden, men jammen vart det ganske travelt like vel. Det var første gong me skulle laga til pinnekjøt, og eg trur me vatna det litt for godt ut eller kokte det i litt for mykje vatn, for det vart mindre kraftig i smak enn eg er van med. Ikkje alle ungane er glade i pinnekjøt, så me dreiv og organiserte dobbel meny. Med julegraut midt på dagen, var det bare så vidt me klarte oss reint grytemessig, og det var ein kunst å få all maten til å bli ferdig samtidig. Ingrid hadde påtatt seg å ta ansvaret for desserten, og kom med veldig god riskrem i ei stor skål.

For første gongen gjekk me til den seine gudstenesten, den som begynner klokka fem. Tidlegare har me alltid vore på dei litt meir kaotiske barnegudstenestene, men i år hadde me god tid sidan me skulle vera bare oss. Dette vart ein rolegare form for julegudstenste med vakker song frå Hilde Selvikvåg. Det som gjorde mest inntrykk på meg elles i gudstenesta var nok då me song eitt og eitt vers av «Solbarn, jordbarn» med bøn mellom versa som forgjekk slik at presten snudde seg mot sør, mot vest, mot nord og mot aust og bad for både barna og dei vaksne som budde der og dei utfordringane dei lever med. På julafta passar det godt å gje kollekten til Kirkens nødhjelp og minna oss om at nokon treng pengane våre endå meir enn me gjer sjølve.

Hør oss,
møt oss,
stjernebarn stig ned,
så jordens folk i alle land
finner julens fred.

image

 

Det vart ein veldig koseleg kveld, og gavane var mange og fulle av omtanke. Eg hadde ynskja meg noko frå Bolivia som var knytta til kyrkjeliv på ein eller annan måte, og mellom fleire fine bolivianske presangar frå Sunniva, fekk eg denne fine julekrybba som har fått plass på pianoet.

image

Den aller sjeldnaste gaven fekk eg frå Halvard. Han hadde komponert musikk til meg med tittelen Beauté de l`abstrait. Eg er utfordra til å laga tekst til melodien, og det tek eg som ei utfordring. Me er einige om at stemninga i musikken er bittersøt.  Det eg må finna ut er korleis songteksten skal gå. Skal songen fylgja melodilinjene eller skal melodien vera komp til ei forenkla vokallinje? Eg kan ikkje musikkspråket, så eg uttrykkjer meg i beste fall kronglete.

imageI morgon har me invitert resten av storfamilien klokka to, og timane før det må nok brukast til litt fiksing og ordning, så når klokka nærmar seg halv tre er det vel på tide å ta kvelden. Sunniva og eg har gått på same døgnrytmen nokre dagar sidan ho er litt døgnvill etter latinamerika, men i kveld har ho rett og slett lagt seg før meg. God natt frå her og gledeleg jul. Det er visstnok det ein helsar med etter skikk og bruk når ein er midt i julehøgtida, meiner eg å ha høyrt ein eller annan plass…

Heidi

From → Barna mine, jul, Mat

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: