Skip to content

Corpus Christi Mysticum

januar 4, 2014

rennende vann

Eg gløymde å slippa til dagens lyrikar, tyske Gertrud von le Fort, som døydde i 1971, nittifem år gammal. Ho har skrive ei bok som kom ut då ho var førtiåtte  år gammal; «Hymnen an die Kirche», på norsk «Hymner til kirken.» Ho var opprinneleg hugenott, men konverterte til den katolske kyrkja i vaksen alder. Ho hadde studert filosofi og kyrkjehistorie. Dikta hennar er kanskje ikkje av dei aller lettast tilgjengelege, men gje dette ein sjanse. Då eg bladde i boka og fann ut at ein del av dikta hadde temaet «Corpus Christi Mysticum», tenkte eg at det måtte bli eit av desse som vart dagens dikt, ut i frå overskrifta på det innlegget eg akkurat hadde skrive.

Corpus Christi Mysticum IV

Din stemme taler:
Vær nu bundet, du himmelens Veldige
du Allmektige av Allmakten,
du Ene av den Tre-enige
du datter som ikke er blendet
av glansen som ikke kan blende:

Kjærlighet, jeg føyer deg inn i min sjels lenker,
gå inn i det mørke hjerte hos den mørke menneskeheten!
Måtte ingen smerte forløse deg, ingen skam redde deg,
ingen død utrydde deg fra mine armer:
Vær fange av den som for evig er din fange.

Gertrud von le Fort

*

Dette er store ord, som er fjerne frå dei orda eg pleier å bruka, men av og til liker eg å prøva å la store ord gripa meg og kanskje til og med å la dei forandra meg litt.

Heidi

From → Poesi, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: