Gå til innhald

Vinterbarn

januar 8, 2014

Bilde

I går morges kom barna våre våte og med kalde kinn til skulen etter å ha gått i vintermørket under gatelyktene medan regnet silte ned. Me hjalp dei av med våte klær på gangen, og prøvde å henga refleksvestane, slik at dei kunne få tørka litt før me skulle ut att. Inne var det tende stearinlys og roleg musikk. Temaet for dei komande vekene er naturleg nok vinter, men det er ikkje alltid like enkelt for våre elevar å identifisera seg med det som er «norsk vinter» i lærebøker og på fjernsynet. Me starta dagen med å sjå kortfilmen om «Vinter i Mummidalen», der Lille My og Mummitrollet mot alle odds vaknar midt på vinteren medan resten av mummifamilien søv vintersvevnen sin med granbar i magane. Lille My er sjølvsagt overmodig på alle vis og set utfor stup på heimelaga ski og hoppar rundt på isflaka yr av vinterglede. Mummi er meir forsiktig og lettare å identifisera seg med for mange av oss. Då dei legg seg første kvelden og Lille My engstar seg for at «Tenk om me ikkje vaknar i morgon tidleg, men søv heilt til våren,» så svarar Mummi at «Det er vel ikkje så verst å sova heller…»

På toppen av alt får dei besøk av ein veldig friskfyraktig hemul, som elskar vinteren og alt han fører med seg, og dessutan synest at det er deilig forfriskande å hogga hol i hav -isen for å få seg eit forfriskande bad… For Mummi og My opnar det seg eit skikkeleg vintereventyrland. Elevane ser på med store auge, medan det faktisk sluttar å regna der ute og me får den blå morgondemringa utanfor glaset og dei koselege levande lysa inne. Me snakkar om at hos oss er det slik at me ikkje alltid har slik vinter som i Mummidalen, hos oss har me vintermørke, og ein morgon eller ettermiddag kan vinteren plutseleg vera her med frost og snø og etterkvart skeiseis. I fjor var vinteren kald med masse is, men korleis han blir i år kan me ikkje vita. Me kan i det minste synga om snøen og håpa at han snart er her. «Sneen dalte lett og fin, og strøk mildt mot ruten min i morges da jeg drømte på min pute, vi tok skjerf of votter på, hastet veldig med å gå, snart var det tusen barnespor der ute…»

Elevane har fått ei veke på seg til å frysa vatn til is i mjølkekartongar og isboksar, og neste tysdag skal me bruka isblokkene til å laga isskulpturar utanfor skulen sjølv om det framleis er plussgrader. Ryktene seier at det kan tenkjast at frosten kjem til då, så i beste fall blir det full klaff. I alle fall kan dei ha med seg kakao på termos, og me kan kanskje laga bål på bålpanna. Dersom det regnar kan me til og med ha bålpanna under taket på gapahuken…

Etter Mummifilmen laga dei sitt første tankekart om vinter. Då var det eit problem å bokstaveleg talt få kartet til å passa til terrenget… Det vart mange juletre og julegavar på tankekarta, for til og med førsteklassingar forstår at på eit tankekart om norsk vinter kan dei ikkje skriva regn, våte refleksvestar og søkkvåte huver. Men tankekart vart det, og me vaksne var skikkeleg stolte over å sjå at etter ein juleferie sat dei der og lyderte og skreiv og var meir enn nokongong i ferd med å knekka både lese- og skrivekoder.

***

image

***

I dag er det salig Gustaf Fröding som levde for to hundre år sidan som er dagens lyrikar. Han har skrive eit kort regnversdikt, som rett nok er eit sommardikt, men det passar likevel betre her enn vinterdikta hans.

Regn

Surlar, sorlar, susar
sommarregnets sorl
alla trädens våta
blad och knoppar gråta
dropp- dropp- dropp

og därnedan rusar
bäck i sorl och porl,

bäck i sorl

Gråbergssång

Strå
grå,
strå

grå,
stå
grå
stå
grå,
stå
grå-å-å-å
Så är gråbergs gråa sång
låååång-

Gustaf Fröding

***

Og så trur eg jammen eg kostar på oss ei bøn frå julegåvebøneboka i dag og. Omsett frå svensk til nynorsk på direkten.

Gjev oss
eit reint sinn
så me må sjå deg,
eit audmjukt sinn
at me må høyra deg,
eit kjærleg sinn
så me må tena deg,
eit truande sinn
så me må leva deg
.

Du
som eg ikkje kjenner
men høyrer til.

(Frå Silvias bönbok)

***

I dag skal det for ein gongs skuld bli ein tidleg kveld «heilt på skikkeleg». Det krever si dame å begynna på jobben etter ein lang ferie.

                             Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: