Skip to content

Kampen om tida

januar 18, 2014

image

Eg prøver å slutta å operera som tidstjuv. Eg prøver å stå med opne armar og ta i mot tida som er mi utan å gjera forsøk på å tilrana meg det dobbelte. Dagen i dag- eg har så mykje eg ville ha brukt han til og visst er eg i gang. Tidsoptimist som eg heldigvis er, så har eg ein plan over ting eg har tenkt å rekka i dag, men så vidt eg kan sjå viser det seg allereie at tidsskjemaet alt har sprukke grundig. Eg har brukt ein time på å rydda og har rukke sånn ca ein femtedel av det eg hadde planlagt å rekka. Eg fortel meg sjølv at at det er veldig oppdragande og rett at ein ryddar og vaskar i sitt eige rot, og at sånne som oss må kunna klara å få det unna i eit hus utan småbarn. Og det klarer me vel-, på eit vis i alle fall… Problemet er bare at eg er ein tidsfråtsar som heller vil bruka timane til fri disposisjon til å lesa, skriva, mala, strikka, koka kaffi, gå turar, invitera folk, reka gatelangs og sitja på tog og bussar og kikka på folk og høyra kva dei snakkar om.

Eg må bare innsjå at eg ikkje hadde passa inn i Kardemommeby, der alle spiser middag klokka to. På Sandnes vidaregåande skule, hadde eg ein lærar, viss namn ikkje skal nemneast her, på grunn av at eg ikkje veit om eg sjølv ville lika å bli skriven om ved namns nemning på sosiale medier av tidlegare elevar. Men uansett, eg hadde sansen for mannen, veldig sansen til og med, og mykje av det han sa hugsar eg framleis. Men på eit punkt var me på kvar vår planet. Hans mantra i livet var: «Ordenssans, du kommer ingen steder i livet uten ordenssans». Eg trur han hadde som eit særprosjekt å prøva å læra meg akkurat det, men med fasit i hand må eg rett og slett seia «Sorry, lektor…, du klarte det ikkje… » Han gav meg forresten eit av mitt livs store kompliment før han gjekk over i å bli oppdragande. Ein gong sa han fylgjande «Du er ei flott jente frøken Strand…», ja han haldt på å kalla oss frøken og så etternamnet, noko som forsåvidt var eit sjokk for oss som kom frå Ålgård, og var vane med å kalla lærarane våre Ola, Torjus, Ole og Bjørn, men altså: «Du er ei flott jente frøken Strand, det er liksom noe hulderaktig over deg, flink er du også, du kunne bli hva som helst, frøken Strand, men ordenssans har du ikke, og det kan ødelegge mye for deg…» Eg trur setningen kom i ein kontekst der det midt i fagforelsninga hans datt eit pennal på golvet og tusen tusjar, fargeblyanantar og viskar datt ut over golvet, og eg, etter eit strengt blikk frå katetaret, låg i kneståande og plukka saman tusjar… Ved sida av pulten hadde eg sikkert den vesle korga med garnnøster i førti forskjellige fargar, som eg bar over armen medan eg gjekk omkring og strikka tynne ullgenserar i regnbogefargar. Ja, eg strikka i timane og, men i hans timar trur eg ikkje eg våga…

Den første timen me hadde han fortalde han korleis han strukturerte dagane sine. «Fra syv til ti på halv åtte spiser jeg frokost…, fra halv fem til kvart over seks snakker jeg med min kone…» Han meinte at ein gjennomstrukturert tidsplan var nøkkelen til å få brukt tida si optimalt. Den første leksa me fekk, og som eg trur han av prinsipp gav alle nye elevar, var å laga ein detaljert tidsplan over korleis me kunne disponera ei veke for å få gjort alt me ville. Eg hugsar framleis at Guro kveiskra til meg: «Kva gjer mannen dersom det ringer på døra?» Eg laga sikkert samvitsfullt ein tidsplan som eg aldri var i nærleiken av å fylgja…

Og ein skal ikkje le av dyktig tidsplanlegging. Slett ikkje. Det ligg liksom bare ikkje heilt for meg. Eg ser at ei av døtrene mine er veldig strukturert når det gjeld å leggja opp dagane sine, eg kjem truleg aldri til å bli det fordi eg akkurat som Albert Åberg «skal bare» heile tida. Og visst har eg tru på at når det ringer på døra, då opnar eg eit rom i dagen som eigentleg ikkje finst, så går eg inn i det, og tenkjer at vindauga kan ein då vaska ein annan gong, neste helg kanskje… Det er ein fin filosofi, reint bortsett frå at vindauga har ein tendens til liksom aldri å bli vaska…

Og til dei som lurer på om eg bare har sett meg til å skriva utan vidare medan eg skulle vaska huset, så kan eg fortelja til dykkar forundring, og sikkert min gamle lektors store glede, at eg har gitt meg sjølv ein halvtime på å skriva og at alarmen på mobiltelefonen går om akkurat femti sekund… Men først skal eg bare… Ta med dagens lyrikar, for det er vel på tida å fortsetja reisa gjennom bokhylla mi og presentera dagens lyrikar. Han heiter Harald Foynes og diktet hans handlar om tid.

Enkel mystikk: Å stå under trær.
se månen rulle over åskammen i vest.
Rund. Mørkerød.

Den fremmede tenkemåten
i gamle eventyr.
Fortellinger over hav og hundreår
som fikk oss til å vakle
mellom gåsehud og glede
helt til sansene lukket seg
rundt det trivielle.

Midt i en tanke begynner regnet.
Jeg fortsetter nedstigningen
til min egen tid:
Parkeringsplassen. Trafikkmaskinen,
Storbyen i det fjerne.

Halvard Foynes
***

Biletet øverst er forresten eit foto av eit kort me fekk frå Torun og Torbjørn til jul. Det er ein Kristusfigur av Birgitte Raen Foynes. Eg synest biletet på ein måte romar alle tider, fødsel og død på same tida.

Heidi

2 kommentarar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: