Skip to content

Barndomsvinter og mormorkjøkken

januar 18, 2014

image

Bare fordi eg kan og har tid, må eg skriva litt til i dag. Odd Christian har vore heime og ete middag i lag med oss. Me har tend bål i peisen, og eg har oppdaga at det rådet nokon gav meg om å bruka ein stearinlysstump for å få fyr i peisen, var eit utmerka råd. Nå tek eg dagen ned for landing. Det eg ikkje har rukke får venta, i alle fall til i morgon. Pingvinen over laga Ingrid då ho var fem og eit halvt år. Ho fekk farga ark og sa: «Åh, eg må laga ein pingvin!» så laga ho denne heilt aleine utan å ha noko å sjå etter. Det kvite feltet på magen hjalp eg henne med på instruks, alt det andre gjorde ho heilt aleine, og fann uta at faemor skulle få han.

Bak på pingvinen står det skrive med mi handskrift etter diktat frå kunstnaren:

Kjære farmor.
Eg gler meg så veldig til eg skal koma.
Det er fem dagar til nå.
Du skal få denne pingvinen som eg har laga.
Helsing Ingrid

Sidan hang pingvinen på veggen heime hos farmora saman med andre gåver frå barnebarn. Då me rydda ut av huset tok eg han med, og har ikkje hatt hjarte til å kasta han. Kasting er ikkje mi sterke side, og det tek bustaden eit visst preg av. Kanskje eg skulle kjøpa ei enkel glasrame og henga han opp ein plass.

Eg måtte henta meg ein ny dagens lyrikar. Ho heiter Bente Gahnstrøm, og viser seg å vera frå Egersund. Med andre ord er me nesten naboar, og eg har ikkje kjend til henne før akkurat nå. Diktboka er ei av ganske mange som eg har kjøpt ein gong for å lesa seinare, og nå var tida komen. Dette diktet er eit av fleire som eg likte godt:

Boller med rosiner

Trett arbeidsdag
i voksenlandet.
tre mennesker sitter
på kanten av stupet,
sier at alt er bra
og blir stadig bedre.

Varme boller
med rosiner
på bordet.
Det har luktet nybakt
over hele huset
i dag.
Kaffen er god.

Barndomsvinter
og mormorkjøkken
lister seg inn,
setter seg
i et hjørne
og ser på oss.

Det var
der
vi skulle
vært
nå.

Bente Gahnstrøm

I går snakka eg på chatten med ei venninne om det å plutseleg bli overmanna av saknet etter nokon som ikkje er der lenger. Merkeleg nok kan eg framleis plutseleg kjenna at eg lengtar etter mi mormor som døydde for tjue år sidan. Tenkja på korleis det var å vera på kjøkkenet hennar. Kjenna smaken av varm sjokolade og av risgraut med sukker og raud saus og morfar sine nysteikte arme riddarar. Då kan eg hugsa luktene i huset og kor mjuke hender bestemor hadde. Eg og bror min var så heldige at me vaks opp saman med besteforeldrene våre. Me flytta litt før eg fylde seks år, men framleis budde dei så nære at eg såg dei minst ein gong i veka og ofte var hos dei i helger og feriar. Då eg sjølv fekk barn vart me nesten naboar att, og eg gjekk ofte til bestemor med barnevogn. Ho rakk å bli kjend med dei tre eldste før ho døydde, og Odd Christian var augnesteinen hennar frå den dagen han vart fødd.

Heldige meg som fekk veksa opp med besteforeldre eg såg henholdsvis heile tida og ganske ofte. Det gjorde at eg kjende meg heime i tre heilt ulike heimar då eg vaks opp. Eg håpar, viss eg sjølv skulle få barnebarn ein vakker dag, at eg får bli like godt kjend med dei som eg var med besteforeldra mine. Og faktisk, framleis er, sidan farmor er der den dag i dag.

image

Det er forresten veldig triveleg at Sunniva har teke med seg tekorga si og er på mellomlanding i heimen. Og januarstormar kan vera trivelege dei og når ein har på seg godt med klær, eller kikkar ut på dei frå innsida av eit hus.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: