Gå til innhald

Tjueni år sidan

februar 12, 2014

Scan 58

I dag er det tjueni år sidan eg forlova meg med ein ung mann som såg omtrent slik ut… Me kjøpte dei billigaste, glatte, smale gullringane me fann, for dei hadde me råd til. Eg lurer på om dei kosta 380 kr for dameringen og 420 for herreringen, men sikker er eg ikkje. Me var glade og letta fordi me hadde bestemt oss, og bittelitt vettskremde over kva me kasta oss ut i… Eg trur me stod ute på gata ein stad i Oslo og sette ringane på kvarandre, eller kanskje det kunne ha vore ein kafé. Eg hugsar i alle fall at det første levande vesenet me såg etterpå var ein logrande kongepuddel, kjærasten min meinte at det heilt opplagt var eit godt teikn, for han var i den fasen djupt fascinert av kongepudlar. Korleis begivenheten vart feira er eg usikker på, men dagen me hadde vald var Leif sin 25- årsdag, og eg meiner me kanskje feira det med kake i jentefellesskapet på Etterstadsletta der eg budde på den tida saman med Astrid og Anne Mette.

Eit par veker etterpå sette me datoen for bryllaup i mai, for nå hadde me jo bestemt oss, og på den tida tenkte ingen, i alle fall ikkje me, på å bruka mange år på å førebu eit bryllaup. Eg kjøpte metervis av silke for å sy meg brurekjole for for ei dame som vågar å gifta seg, er det å sy brurekjole nesten ikkje modig i det heile tatt. Som hos Askeladden dukka det opp mange gode hjelparer på vegen mot kjole og vigsle, men det er ein annan historie. Eg veit at ein australsk keramikar som eg nesten kjende ei veldig kort tid var med på å setja i knappenåler for å heisa kappeskjørtet opp på ein asymmetrisk måte, men størst ære for at me kom i mål med det litt halsbrekkande kjoleprosjektet hadde nok Eva Mari og svigermor. Nå skal det nemnast at eg hadde teke ei årseining i tekstilforming året før, så sjølvtilliten på større syprosjekt har aldri vore høgare verken før eller seinare.

Og sidan min kjære fylde år på denne datoen for 29 år sidan, så gjer han det i dag og. Me har feira i familien. Sunniva henta meg på skulen klokka halv fem etter ein foreldresamtale, og heime venta dei andre med kjempegod spaghettimiddag og salat. Dessert og kaker hadde døtrene ordna i butikken. Så gjorde me noko veldig kjekt, resten av feiringa fann stad på Hå Gamle Prestegård der kunstnaren bak fotoutstillinga «Tid til å vente», Elin Høyland, hadde foredrag om fotoutstillinga om Edvard Bjelland og garden hans, og om andre fotoprosjekt. Det var masse folk der, og det var veldig kjekt. Kjekt var det og at alle unntatt Halvard hadde lyst til å bli med, og at alle etterpå, som det skrive står, var enige om at det hadde vore ein fin tur. 🙂

Heidi

2 kommentarar
  1. Me følgjest i så mangt, eg og du. Same dagen, den 12.2., var det 30 år sidan eg vart trulova med min kjære. Og veit du kva! Det var min 25-årsdag! 🙂 Så gifte me oss i september, men me hadde bunad, begge to, og eg hadde røsslyngkrans og -bukett. Buketten har eg ennå. Men, du, Heidi, kva blir det neste? Det dukkar nok opp noko meir, trur eg. 🙂

  2. Det er verkeleg spennande med alle desse rare samantreffa… :-O

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: