Skip to content

Du e nu steike mæ ett kvinnfoilk etter mitt hjerte…

februar 17, 2014

Ender i Frøylandsvatnet

Det over får stå som dagens kompliment. Eg har eit eigenarta forhold til Statistisk sentralbyrå, og feirer dagens innsats for fedrelandet med eit bilete frå noko i nærleiken av den lokale andedammen, sjølv om me faktisk har ein endå meir lokal ein, om me skal vera nøye på det.

For nokre år sidan sa eg ja til å vera med i ei statistisk undersøking om nordmenn sitt forhold til påske, og vart litt skuffa då eg oppdaga at undersøkjinga i grove trekk gjekk ut på kva eg tenkte om påskemarsipan, kva eg åt av slaget, kva merke eg foretrakk, og kva tid eg meinte det var passande tid å leggja det ut i butikkane. På eit eller anna vis vart eg slusa inn i «Den store norske undersøkelsen» og fylde ut sånn omtrent ein liten telefonkatalog av avkrysningsskjema. Nokre sider handla om samfunns- og verdispørsmål og var ganske interessante, men mesteparten var gradering av typar hudkremar eg aldri hadde høyrt om og mitt syn på Zalo i forhold til Sunlight. Av og til lurer eg på om det er noko gale med meg på sånne telefonundersøkingar. «Kor ofte tippar du?» «Aldri» «Kor tid kjøpte du siste eit flaxlodd?» «Eg kjøper aldri flaxlodd» osv…

Eg har prøvd å slusa meg ut, men har blitt fortald av samfunnet er heilt avhengige av å halda på informantane sine over ein tidsperiode for å kunna forska på samfunnstrender, og kven har samvit for å blokkera informasjonen av samfunnstrender. Eit år fekk eg direkte kjeft av han som intervjua meg fordi han meinte det var heilt forkasteleg at eg ikkje visste kva slags rente me hadde på huset, kor mange kvadratmeter det var eller kva verdi det ville hatt på marknaden. Eg kunne ikkje svara på kor fornøgd eg var med banken fordi eg aldri var i kontakt med dei, og var usikker på kva eg hadde i årslønn. Han har sikkert rett, men med tynn stemme forklarte eg at eg hadde mange andre veldig viktige ting å tenkja på og at eg ikkje hadde tenkt å selgja huset uansett…

Men nå har eg fått meir dreisen på det. Eg veit sånn nokonlunde kva dei kjem til å spørra om, og prøver å lata som om eg sjølvsagt veit ein del ting eg skvisar han eg bur i lag med i siste øyeblikk. «Kva er nå årsløna mi? Kor mykje straum betalar me i halvåret? Kva har me av faste kommunale utgifter?» Av ein eller annan merkeleg grunn veit han svara.

Desse samtalane passar i grunnen aldri og det har vore dagar eg har følt meg forfulgt av Statistisk sentralbyrå. Eg har opplevd å bli oppringd tre gonger på ein dag av ulike intervjuarar og avvist alle tre. Nå har eg funne ut at det er litt underhaldande å få dei som intervjuar meg på gli. Sist eg vart intervjua var det om senger og madrassar, og då fekk eg vita kva slags madrassar mannen i den andre enden foretrakk, og om kameraten hans som liker å sova direkte på stovegolvet…

I dag var det ein entusiastisk mann nordfrå eg snakka med. Eg veit ikkje om det var informasjonen om kva parti eg siste stemde på, at eg på ein skala frå ein til ti gav ein tiar for kor mykje eg stolte på folk og ein null for kor mykje eg trudde folk var ute etter å lura meg. Eller kanskje var det rett og slett det at eg lo høgt av vitsane hans. Han sa at ut i frå låtten og energien i stemmen så hadde eg svært god helse på ein skala med god helse, ganske god helse, ganske dårleg helse og dårleg helse. Det gav eg han rett i og der ein plass kom komplimentet i overskrifta, og eg lo sjølvsagt endå høgare, svak som eg er for smiger. Det ende med at eg fekk livshistoria hans og gjekk glipp av halve andreomgangen i laghopp. Me får seia det ende ein -ein. Han fekk eit menneske på plass i statistikken og eg fekk ei livshistorie. Eg samlar som sagt på slike. Og eg ler av den friske intervjustilen. Han sat jo der med alle opplysningar frå tidlegare intervju. «Og huset, det eig du sjølvsagt i lag med hain Leif Christian? Og han har ikkje fløtta sidan sist eller har planar om å reis?»

Ein har som kjend ikkje meir underhaldning enn den ein er i stand til å sjå i dette halvvegs surrealistiske livet me lever, og eg er heldigvis lett å mora. Nå skal eg øva inn HC Andersen sitt eventyr om «De vilde svaner», mitt absolutte favoritteventyr då eg var barn, men eg har aldri fortald det før. Litterære eventyr er litt vanskelegare å øva inn enn folkeeventyr fordi dei har fleire «ubetydelege detaljar» enn folkeeventyra som er blitt skikkeleg glattslipte gjennom generasjonar av forteljing. Medan eg sat her og skreiv ringde dei frå Nærbø og spurde om eg kunne koma og lesa dikt første oktober. Sidan livet mitt er velsigna fritt for avtalar i oktober, svara eg ja. På sundag skal eg lesa dikt på Ogna scene klokka sju. Det blir spennande.

vilde-svaner

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: