Gå til innhald

Sosial- fest- og feriedepartementet

februar 23, 2014

tulipanar og appelsin

Dei første vinterferiedagane har vore hypersosiale med islett av litt langrenn og skiskyting frå OL. Det var så fint å ta turen til farmor. Denne gongen var eg så heldig at me fekk med oss ein tur til det nye huset til Lars, det eldste søskenbarnet mitt som eg gjerne skulle sett meir til, og Astrid Anne. Dei har nettopp gitt frå seg garden og flytta inn i nytt fint hus. Medan me sat hos farmor og prata etter at me hadde drukke ettermiddagskaffi, fekk eg ei melding frå Jane, barndomsvenninna mi, om at ho gleda seg til kvelden. Med eit lite kvardagssjokk gjekk det opp for meg at dette var den datoen eg trudde var i mars ein gong. Me skulle ha barenskulevenninnetreff heime hos Jane. Me hadde leitta lenge etter ein dato, og eg hadde som vanleg vore den vanskelege som aldri kunne. Så hadde me funne ein dato alle var fornøgde med, og eg hadde gløymt han. Nå sat eg i farmor si stove klokka fem og var uendeleg langt unna. Då eg sette far inn i situasjonen, sa han at dersom me kom oss i bilen med det same, skulle han få meg fram sånn ca til klokka åtte. Som sagt så gjort, me fekk forklart farmor korleis ting låg an, og ho såg heldigvis humoristisk på det, og me stupte ut i bilen. Framleis var eg ikkje heilt godt hjulpen, for eg hadde jo ingen bil på Ålgård, men eg ringde til Sunniva, som lova å koma og henta meg. Det ordnar seg for snille jenter så lenge dei aller næraste er minst like snille…

Kledd til fest og morro var eg ikkje, men eg fekk teke med meg sjølv og det fekk vera det viktigste. Eg stod på trappa bare litt over ein halvtime for seint, og fekk tilgjeving, deilig kyllingsuppe og vaniljepudding med friske blåbær. Det vart ein veldig koseleg kveld, og klokka halv eitt vart eg plukka opp av snille Sunniva.

I går kveld var eg ute med tre andre venninner, plutseleg skjer alt på ein gong. Me var på teater og såg eit merkeleg og surrealistisk stykke «Black rider», basert på songane til Tom Waist. Dette er henta frå omtalen på internett:

En musikalsk fabel av Tom Waits, Robert Wilson og William S. Burroughs
The Black Rider er fortellingen om Wilhelm, en ung bokholder som forelsker seg i skogvokterens datter. Men for å kunne gifte seg må han bevise sitt verd som jeger. Dessverre er Wilhelm fullstendig uerfaren med skytevåpen, og han har ikke mange sjanser for å få sin elskede. Men så får han et tilbud fra en ung mann som nettopp har ankommet skogen i en svart sportsbil – og som presenterer seg som Djevelen. Wilhelm inngår en pakt med ham om magiske kuler som alltid rammer sitt mål. Men i den dystre og kullsvarte skogen er ingenting som det ser ut til å være, og det store spørsmålet er om Djevelen virkelig eksisterer? Dersom svaret er ja, er det da helt ok å inngå en pakt med en ung mann i en svart sportsbil, som kanskje har helvete under panseret…
Bli med på en mystisk reise i en mørk skog akkompagnert av Tom Waits fantastiske musikk!

The Black Rider er basert på det tyske eventyret Der Freischütz, men deler visse selvbiografiske trekk fra forfatteren William S. Burroughs liv. I 1951 drepte han sin kone, da han prøvde å skyte et vannglass av hennes hode, i et forsøk på å gjenskape Wilhelm Tell-myten.

***
Det er noko av det merkelegaste eg nokon gong har sett på ein scene, og det seier ikkje lite. Men visst var det fascinerande. Den polske djevelen, i skikkelse av ein fantastisk rolletolkning av ein polsk skodespelar, hadde akkurat klart å overbevisa oss om at djevelen og vondskapen eigentleg ikkje finst, då det skjebnesvangre inntrer; ei pakt med djevelen krever sitt offer… Eg anbefalar teaterglade menneske å koma seg i veg og sjå stykket, men gå med eit ope sinn…
Etterpå var me på kafeen på det nye konserthuset og åt heilt fantastisk mat; Kamskjell med hasselnøtter og trøffelkrem og steikt kveite med risotto og parmesanost. Maten var ein sann fryd. Vel heime var det min tur å vera snill med Sunnva og henta henne og ei venninne på toget klokka to om natta. Etterpå vart me sitjande og prata litt på kjøkkenet etter å ha avslørt kor Leif hadde lageret sitt med kald eplemost.

Som den gode nordmannen eg av og til er, så hadde eg vekkerklokka på ti over halv åtte for å kunna sjå på femmila. Eg må nok ha duppa av innimellom, for dei to timane gjekk styggfort og plutseleg fekk eg med meg spurtoppgjeret der det vart tredobbelt russisk. På nytt norsk idrettspråk heiter det nå at «russerne tapetserte pallen». I går var det oss som «tapetserte pallen» på damene si tremil. Det seier sannsynlegvis mest om meg at eg finn reportarane sitt språk like interessant og til dels irriterande, som sjølve idrettsprestasjonane. Eg på innrømma at eg irriterer meg litt over påstandar som «Langrennsgutta har ikkje levert». Kva då levert? Og at det blir omtalt som ein stor tragedie at beste nordmann var fem meter frå å ta gullmedalje på femmila i OL. Og så må idrettsjefane på den nasjonale grillen for å forklara korfor dei «ikkje har levert», eller tapetsert for den saka si skuld. Tidlegare utøvar, nå OL-reportar på TV2, Odd Bjørn Hjelmesth er forresten ein fyr med skikkeleg glimt i auget som eg har stor sans for.

I dag har eg kost meg med Ingrid og Sunniva, og me tok den lettvinte varianten å henta inn både Oddvar og fire porsjonar kinesisk take- home- mat som me koste oss med. Om kvelden var eg og Sunniva på Ogna scene der eg skulle lesa dikt. Det vart ein fin kveld som eg kunne ha skrive mykje om, men nå er eg litt for trøytt. Det var masse variert program der og ein pause der ein kunne kjøpa seg varm mat. Havet kokte kvitt og skummande då me kjørte bort, det er flott å sjå på. For eit fint hjørne av verda eg har busett meg på. Det var koseleg å få selskap av Gunn, Karin og Kathy Ann. Då me kjørde heim klokka ti var det for mørkt til å sjå noko som helst av havet, men me spelte vamp i bilen heim, og måtte ha eit stopp på ein busshaldeplass for å laga oss ei speleliste til vegen heim. Det einaste «fornuftige» eg har gjort i dag, bortsett frå å vera opplesar, var å laga eit passe langt diktprogram for framføringa. I morgon blir det den flinke dagen. Då skal eg rydda, vaska, pakka og skriva litt. Ein tur bør eg og få til å koma meg ut på. Det har vore vidunderleg å praktisera eit par «gjera-bare- det-du-har-lyst-til-dagar». Men før eg går hen og blir flink, skal eg unna meg ein morgon der eg søv så lenge eg vil og ein kveld der eg les på senga så lenge eg bare orkar… Det er godt med ferie, ja… Eller avspasering som ein kanskje burde kalla det…

napoleon

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: