Gå til innhald

Ta deg tid til å komme hjem til deg selv

mars 6, 2014

image

Eg fekk ein bordkalendar der ein får eit nytt ord for kvar dag av Odd Christian til jul. I dag var det eit ord der som eg gjerne deler med andre:

«Ta deg tid til å komme hjem til deg selv hver dag.»
Robin Casarjian

Eg synest det høyrest ut som ein god leveregel. Det same er dagens råd frå Charles Ringma:

«Det første vi trenger er et åpent, mottakelig rom der noe kan skje med oss,

et mottakelig rom i vårt indre,
et sted for stillhet, åpenhet, forventning og håp.»
Charles Ringma.

Forfattaren skriv at me dessverre ventar med å opna dette romet til kvar gong me er desperat slitne, i staden for å praktisera det å opna dette romet kvar einaste dag, – og på dagar med mykje overskot og livsglede.

***
«Grine du, Heidi?», kviskra ein litt forbausa førsteklassing til meg då me var i aulaen og høyrde fjerdeklasse synga konserten sin i det årlege prosjektet «Songskattane». Eg er eigentleg ein person som grin sjeldan og lite. Det skal veldig mykje til før eg grin av sorg, fortviling, sinne eller sjølvmedkjensle. Det skjer nesten aldri. Derimot er tårekanalane vidopne når det dreiar seg om sentimental rørelse…
«Nei,» kviskrar eg tilbake. «Det er bare fordi dei syng så fint.» Så tørkar eg den heilt synlege tåra eg faktisk har på kinnet.

Temaet for konserten var fuglar, og få ting har så sterk direktelenke til tårekanalane som syngande barn. Same kor tåpeleg det høyrest ut, så vart «Lille Måltrost», «Vesle lerka», «Simseladimbamba-seladuseladim», «Vårdag i skogen», og «To trøytte fuglar», rett og slett for sterk kost i dag. Snart er det vår, snart er desse ungane og blitt store, nye ungar skal synga dei gamle songane og eit liv går alt for fort…

Sånn var det med den saka…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: