Gå til innhald

Figgen for hundre år sidan

mars 7, 2014

Bru på gamle Figgen

I dag har eg skrivedag. Det er noko av det finaste eg veit, men det er mange ting ein må prioritera og avgjera. Ideane boblar over inne i meg, og det kan vera hardt å halda fast i ein idé ein har sett i gang med i staden for å gripa fatt i alle dei nye. Eg har arbeidd litt med barndomshistoria til bestemor, som eg for første gongen skal fortelja for barn på tysdag. Det er kjempespennande. Eg lever meg meir og meir inn i korleis det måtte vera å veksa opp i det vesle, relativt nyoppstarta industrimiljøet på «Figgen» på begynnelsen av 1900-talet. Folk med bakgrunn frå smågardar på Jæren, i Gjesdal, og sikkert Sandnesområdet kom til Figgjo for å få jobb. Der vaks det fram eit heilt lite samfunn som til å begynna med var tenkt å kunna fngera med felleshushaldning, det var spisesal og kjøkken i kjellaren på den første fabrikken. I 1986 var det førtito mannlege og 15 kvinnelege arbeidarar der. Eit par år seinare kom mine oldeforeldre, Bendiks og Anna Kristina gåande med flyttelasset sitt frå Anda i Klepp for å busetja seg der. Dei hadde lånt hest og kjerre og på lasset sat det ei lita jente, Teline Edvardine. Anna Kristina hadde såvidt fyllt 20, medan Bendiks var gått opp i trettiåra. Etterkvart vart det bygs mange små trehus kring fabrikken der folk budde, det vart starta eigen skule for fabrikksbarn der dei fekk opplæringa på riksmaal, og det vart bygd bedehus og forsamlingshus.

Etterkvart var det badedraktar DFU på Figgen var kjende for, men til å begynna med var det ein trikotasjefabrikk som laga ting av ull, underklede, sokkar, strømper og barneklede. Det er litt rørande at dei ansette ei «Barnesykepleierske», søster Emilie som skulle vera med og utvikla modellane. Det vart reklamert med at ho hadde jobba med barn i ulike aldrar og av ulik etnisitet… Onkelen min sa at folk på Figgen aldri vart veldig opptekne av å strikka, fordi det kjendest som ei befriing og letting av arbeidsbyrde at dei slapp å strikka eigne strømper og kofter.

Bestemor fortalde meg mykje, men eg skulle øsnkja eg hadde spurt om endå mykje meir. Med min ibuande trong til å stikka hovudet langt inn når eg går i gang med eit prosjekt, så lurer eg på kor mykje eg kan finna i bøker og kor mange fotigrafi det finst frå denne tida. Eg får lyst til å skriva billedbok eller ei anna barnebok om det, og eg får lyst til å laga ei skikkeleg forestilling med forteljing og rekvisittar og kanskje litt teater… Men utgangspunktet er altså at eg skal fortelja elevane i første klasse om gamle dagar. I grunnen er det ikkje meir enn det, men det slår meg at mange av dei som har visst mykje om denne tida ikkje er her lenger, og at nokon burde halda fast på den relativt nære fortida på Figgjo for hundre år sidan… Så viss nokon veit meir enn meg om dette, så får dei gjerne kontakta meg…

image

Det andre prosjektet eg jobbar med er boka om skapande skriving. Eg er har klar ein disposisjon og er i gang med å skriva. Eg har skrive føreord og litt til, og eg innser at dette kjem til å ta uhorveleg mykje tid å ro i land. Men spennande er det. Eg har vald å bruka den arbeidsforma at eg først skriv eit avsnitt på nynorsk, så skriv eg det same på bokmål i eit anna dokument før eg skriv vidare. Om det er ein god arbeidsform vil visa seg.

Nå kom akkurat Sunniva heim frå vikardag på Orstad skule. Nå vil eg gå og høyra korleis ho har hatt det, og snakka litt med henne om eit stort skriveprosjekt ho er i ferd med å avslutta. Både ho og Halvard liker å skriva. Det er spennande.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: