Skip to content

Lenge leve livet…

mars 5, 2014

image

Jo då, nå er det tidleg vår rundt i blomsterbeda. Eg synest klosterklokker er så fine, men eg har ikkje fått dei til her hos meg. Eg har fått laukar av folk fleire gonger, men til nå har dei ikkje kome opp, dessverre. Det einaste som finst i bedet mitt så langt er fem krokus og ei einsleg snøklokke, – men det er då langt meir enn ingenting. Snøklokker er og veldig fine.

I dag var dei kommunalt ansatte inviterte til livsgledearrangement i Storstova. Først fekk me servert litt god mat, og så var det underhaldning frå scenen. Først fekk me møta svenske Pär Johansson som starta «Glada Hudik teatern». Ei teatergruppe for «utviklingsstörda och normalstörda». Han og gruppa hans har sett opp fleire store teaterforestillingar og laga fleire spelefilmar. Det var veldig inspirerande å høyra at det som kan virka umogleg faktisk kan gå an, og at leik, kreativitet og pågangsmot kan ein leva lenge på.

http://www.youtube.com/user/GladaHudikTeatern

image

Så fekk me høyra operasong av Berit Mæland og Beth Iren Byberg. Det var veldig fint det og, og det hjalp kanskje fleire enn meg å få skuldrene på plass. Eg skulle gjerne ha sitte der endå lenger og høyrt på fin song. Frå i dag av er det fastetid i kyrkjeåret. Eg har lurt litt på kva det skal innebera for mitt vedkomande. Eg trur svaret blir å prøva å få endå meir tid til stille og ettertanke og til å bli flinkare til å gå mykje for å få tid til å tenkja og få litt meir fysisk aktivitet. Eg prøver å fortelja meg sjølv at det skal bli veldig fint. Eg skulle ynskja eg hadde det same drivet til å driva fysisk trening som til å skriva og lesa… Men i periodar har eg gått veldig mykje. Nå har det vore ein svært blåsande vinter med mykje godt innever, men det er på høg tid å koma seg ut att.

Heldigvis så ser det ut til å vera litt meir plass for diplomati i Ukraina enn det var for eit par dagar sidan. Med jamne mellomrom hender det ting som får meg til å stoppa opp og halda pusten i bøn om verden ikkje må gå heilt av hengslene denne gongen heller. Det er ikkje tvil om at det er mykje gale i verda. For ein del år sidan høyrde eg ein person på radioen. Eg trur han var fredsforskar. Han hadde optimistisk tru på at verda langsomt ville bli betre, og brukte som eksempel at dei fleste nasjonar ikkje lenger praktiserer blodhevn, og at ein stor del av verda har avskaffa dødsstraff. Me som vaks opp under den kalde krigen, kjenner vel mange av oss, at mykje følest mindre truande enn det gjorde då. Likevel, me lever på ein skjør og sårbar klode. Fattigdomsproblematikken er kanskje det som plagar meg aller mest. Korleis kan me fortsetja å leva som me gjer så lenge så mange menneske på jorda framleis lever under fattigdomsgrensa.

Eg har ingen gode svar, men eg liker mottoet til «Changemakers»: «Det er klart jeg kan forandre verden!» Det trur eg på. Det er bare ikkje kvar dag det viser like godt.

image

I dag fyller mi yngste tantejente Tonje 17 år, det er ufatteleg kor fort åra har gått. Bortsett frå mine eigne eigenfødde barn, så har eg aldri gledd meg så stort å uhemma over nokon barnefødsel som akkurat den. Eg hugsar at eg gråt av glede då eg fekk sjå henne. Eg lurer jammen på om det var den første kvelden etter at ho var fødd. I tilfelle nokon ikkje har oppdaga det; Nyfødde barn er det aller vakraste eg veit…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: