Gå til innhald

Kari Mari krigsmann

mars 12, 2014

gåsungar

I går på uteskulen hadde me gamle barneleikar, som me fortalde elevane at besteforeldra og oldeforeldra deira nok og hadde leika ein gong for lenge sidan. Gruppene rullerte, og eg stod for gjennomføringa av «Bro bro brille». Eg har merka meg at både tekst og melodi er litt annleis på austlandet, men me song han på den måten eg sjølv lærte som lita:

Bro, bro brille,
klokka ringer elleve,
keiseren står på sitt høyeste slott,
ser ut over land, ser ut over land,
Kari, Mari krigsmann,
døden skal du lide,
den som kommer allersist
skal i den sorte gryte.

Då eg gjekk på forteljarstudiet, lærde me at eventyr skal barna ha, for det førebur dei på det dei kjem til å møta av utfordringar seinare i livet. Plutseleg begynte eg å filosofera litt over denne gamle songteksten, og tenkte at jammen var han litt av eit eventyr om både god og beisk livserfaring, denne gamle leiken og. Stopp meg gjerne om fantasien tar heilt overhand.

Alle veit jo at når klokka er elleve, då er det ikkje langt att før klokka er slagen tolv og alt er over. Når det gjeld utføringa av sjølve leiken, så er den første utfordringa at to skal velgjast ut som dei som skal stå, alle dei andre må takla at dei ikkje blir valde, sjølv om dei fleste har lyst. Den neste utfordringa er at dei to som skal stå klarer å finna eit samarbeidsprosjekt dei kan einast om, to likeverdige svar som dei andre deltakarane må velgja mellom, og dei må dessuten takla å halda kvarandre i hendene og danna ei bru så lenge leiken varer. Den som har leikt denne leiken med nesten seksti seks-sjuåringar veit at ikkje denne delen av leiken ein gong går av seg sjølv…

Neste ledd i songen er keisaren som står på det høgaste slottet sitt, overmakta ein ikkje kan gjera noko med, den høge statsmakta som står der og speidar og driv eit spel ein ikkje kan verken styra eller melda seg ut av. Ein kan til ei kvar tid verta det neste offeret for det som skal skje. I den austlandske varianten vert det sunge, «Fare, fare krigsmann». Det er vel sannsynleg at den vestlandske varianten «Kari Mari krigsmann» er ei misforstått forvrenging av dette, lik den typen forvrengingar som forekjem i kviskreleiken. Likevel er det litt sjarmerande sett frå eit feministisk synspunkt, at det er blitt femininisert til Kari og Mari. Kanskje det har ein samanhang med at tradisjonelt sett så er leiken leika mest av jenter?

I den austnorske varianten heiter det så kjekt:»Ut du skal å stride», i den vestnorske går ein meir direkte på. «Døden skal du lide…» Kven hugsar ikkje kriblinga i magen når ein, styrd av straumen ein ikkje hadde makt over, gjekk på lang rekkje og song: «Døden skal du lide»? Kor langt fram var det til dei som stod? Var det din tur til å hamna i «Den sorte gryte?» Dette må vel vera ei nokså direkte konfrontering med at me alle skal døy ein gong? Nesten rett og slett ei bearbeidig av barnet sin intuitive dødsangst?

Så går det dit går med alle til slutt: Det er din tur, du blir fanga. Utgangen frå den sorte gryte finnest ikkje lenger… «Den sorte gryte», må vel vera ein omskriving av døden på høgtideleg gammaldags høgtideleg språk. Her vest om fjella burde det for lengst ha endra seg til «den svarte gryte», eller eventuelt «den store gryte», men nei, «Den sorte gryte» høyrest då langt meir skrekkinngytande ut… Etter å ha blitt fanga, så blir ein stilt på det som langt seinare i pedagogisk litteratur blir kalla eit aktivt verdival. Her må ein velgja å svara på eit spørsmål utan å vita kven som tidlegare har vald kva og kven sitt lag valet vil føra deg ut i. Slikt ska visst nok vera både sunt og bevisstgjerande. I mi tid skulle ein ofte velgja mellom ei gullskei og ein sølvkopp, eller mellom eit eple og ei pære. I går høyrde eg at vala var: «muffins eller bolle?», «kanin eller kattunge?» «surt eller søtt smågodt?» Etter å ha avgitt sitt svaralternativ fører valet til kva for ei rekkje ein må stilla seg opp i. Av dei som står, krever leiken at ein må bita saman tennene og stå i det, sjølv om alle som vil velgja pære skulle stått i ryggen din, og alle viser seg å heller villa ha eple… Denne problemstillinga fekk fart på to-tre tårer i går… Til slutt, når alle er fanga og har tatt sitt val, så blir det drakamp mellom dei to rekkene, og det laget som har mindretal må kjempa i si avmakt som David mot Goliat. Dessutan gjeld det å halda godt fast rundt livet på personen foran slik at lekkja ikkje brest og ingen dett… Eg ser ikkje vekk frå at denne valsituasjonen og drakampen opprinneleg kan ha vore knytta til kampen mellom godt og vondt, konsekvensen av eigne val, og til og med til læra om den dobbelte utgang…

Og kven seier nå at Bro bro bille er ein veldig tannlaus nonsens- barneleik for veldig små barn?

Kanskje nokon heller seier noko om å overtolka noko langt ut på viddene og endå lenger… Og det kan det vel kanskje vera at eg gjer, men tankebanane er då litt fascinerande…
Seier ho som ikkje på nokon måte er matematikar med som elska å laga merkelege statistikkar over befolkninga i Andeby og omegn som barn… Kva for ei av heksene var onkel Skrue oftast i konflikt med? Kor mange av dei menneskeliknande figurane hadde «hundenase og hengjeøyrer»,» grisenase og hatt» eller «sildenase»? Det siste var ein personleg definering av nasar med form som likna på ei steikt sild, avlang og på toppen…

Eg innser at det kanskje er på tide å ta natta…

image

Heidi

One Comment
  1. For ein kjekk tekst! Ikkje for at eg har tid til dette, sitja her å lesa berre for moro skuld, men eg kunne ikkje stoppa… Eg tenkjer (som alltid) at me skulle hatt ein nynorsk versjon – og slik ein finst til og med, i songboka til Odd Nordstoga, Song for deg og meg.
    Ungane må læra utanåt på sitt eige skriftspråk. Dei må få ei nynorsk røyst i hovudet som snakkar til dei når dei skal skriva. Er det litt på sida her, tru? I alle høve, det må seiast, om att og om att. 🙂
    Eg har elles ein fin nettbutikk med fair trade-varer. Det må og seiast om att og om att skal ein nå ut. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: