Gå til innhald

Anna Malena på kalosjene sprang

mars 13, 2014

Eg veit ikkje heilt kva det er eit teikn på at eg til dei grader går i barndomen her inne akkurat nå… ,men… då Ingrid og Oddvar rydda loftet i huset dei har overtatt fann dei ein del «gammalt rot», deriblant barnetallerkenen eg hadde då eg var lita, den med elefanten på, frå Figgjo fajanse, så klart.

image

Han hadde forsvunne frå tankane mine for lenge sidan, så det vart eit kjært gjensyn. Dei fann faktisk to tallerkenar. Eg skulle ynskja at eg var sikker på at begge var mine, men dessto meir eg tenkjer på det, dessto meir sikker blir eg på at den eine, den som er djup, tilhøyrte broren min…

image

Eg er sikker på at både han og eg og amnge andre av oss som vaks opp på denne kanten av landet, lenge var overbevist om at melodien «Gammel jegermarsj», eigentleg heitte «Anna Malena på kalosjene sprang.» Teksten på denne, kunn eit kvart barn i Stavangerområdet, vil eg tru. Dei første to linjene er uproblematiske:

Anna Malena på kalosjene sprang,
nerijønå Søragadå itt`an Johan.

Dei to neste linjene var ikkje heilt stovereine:

spend`an i bagen
så an feis littegran…

I alle fall har eg alltid trudd det var slik, heilt til eg såg at ein barnehage eit stykke her i frå song gamle lokale barnesongar med ungane. Det slo dei til med ei endå grovare tredjelinje:

spend`an i rauå
så an feis littegrann…

Så kanskje eg likevel kunne salongvarianten, eller til og med har selektiv hukommelse… Men det som finnest av tekst blir runda pynteleg av med ei gjenteken førstelinje:

Anna Malena på kalosjene sprang.

Då eg gjekk på turn i gymsalen på Ålgård skule, truleg i utgangspunktet eit trekk frå foreldra mine for å gjera meg litt mindre klossete og litt meir grasiøs, marsjerte me rundt i salen med turndrakter og turnsko og song til gammal jegermarsj:

Anna Malena på kalosjene sprang nerisgjønå Søragadå… Dei to neste linjene vart sungne ekstra høgt, og ei av dei som var meir rappkjefta enn meg ropte til læraren: «Me kan altså ikkje noge for atte sangen æ sånn…» Men marsjen er lang, og når teksten tok slutt ville indtruktøren at me skulle synga vidare på fylgjande måte:

«Å Anna Malena, å Anna Malena, Anna Malena, Anna Malena, Å Anna Malena…» Då vart det heftige protestar: «Nei, sangen æ ikkje sånn, dæ høyres bara domt ud».

Eg har lurt på kor denne songen kjem i frå, er det eit uttrykk for spontan barne-gate-song? Er det ei revyvise? I så fall er det rart at teksten ikkje er betre, fem linjer sang, med nødrim på kjøpet» til ein så lang marsj er vel ikkje så veldig imponerande?

Som vaksen så har eg lese at det låg eit gledeshus eller mindre fint sagt ein bordell i dette området, og at Anna Malena var ei av dei som jobba der. Kanskje ho sprang etter Johan fordi han prøvde å snika seg unna betalinga?

Eg hugsar forresten at moster, den sta, stridige og uendeleg høgt elska grandtanta mi som eg møtte i eit gammalt fotoalbum her forleden, som fylgjande til meg då eg var lita:

Anna Malena på kalosjene sprang
nerijøna Søragadå ittàn Johan:
Du får`kje røra badnet dæ æ syster mi sitt…

Var niesa til Anna Malena i ferd med å gli inn i det same yrket som tanta si, med det resultat at den første potensielle kunden vart kjeppjaga nedover ei viss gate av ei illsint tante?
Eller var det rett og slett ein spontanvariant til ære for meg, som på sett og vis var badnet til syster mi, sett i synsvinkelen til ho som song? Har nokon andre høyrt den varianten?

Då eg var sånn omtrent sju år var eg heime hos Trude, ei venninne eg likte veldig godt å vera heime hos. Ein dag stod bror hennar i gangen nede og song med høg røyst:

Anna Malena på kalosjene stod
Hu konn`ikkje halda sæg hu måtte på do,
om nåttå ska me såva, me skak`je gå på do…
Anna Malena på kalosjene stod.

Eg lurte veldig på om han bare fant på songen mens han song, for det hende det at eg sjølv gjorde, men han var heile to år eldre enn meg, så eg torde ikkje spørja… Men verset har eg hugsa heilt til nå…

«Der æ møje løye i værdå…» Sidan så mange hadde tankar om «Bro, bro brille», så øynar eg nå håpet om å få vita meir om Anna Malena og. Er det nokon som veit meir enn meg?

image

Og for å runda av på ein naturleg og grei måte… Slik såg det ut i Storgata vår i dag, fine plakatar!

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: