Frå ende til annan
… så har dette vore ei fin helg. Eg skulle gjerne ha halde ho fast litt lenger. I går var eg ute og kjøpte roser, både fordi me skulle på middagsbesøk om kvelden og fordi me hadde litt av kvart å feira. Ein lang tur ut vart det og tid til.
Det er så fint å sjå nye vårteikn kvar einaste dag.
Endene var i form i parken, og klovnar og gjøglarar gler seg nok til det blir full vr der med masse rhododendron. Det passar meg fint å bu i ein liten by med mange gjøglarstatuer. Eg har eit nært og godt forhold til klovnar, narrar og gjøglarar.
Og her er bekken i frå eg var lita. Litt lenger nede har eg fiska med ei fiskestong laga av ei grein med hyssing i. Naturleg nok, trur eg aldri me fekk fisk…
Eg måtte ein tur innom Ingrid og Oddvar og, når eg først var ute. Her sit Oscar bak den nye glasdøra inn til stova og gleder seg til å ynskja skikkeleg velkomen.
Om kvelden var me i eit kjempetriveleg selskap hos Margunn og Ulf. Nydeleg middag fekk me og. Lammekjøt med gratinert sopp, gode salatar, ovnssteikte småpoteter og masse gode grønsakar. Det vart ganske seint då me kom heim, så i dag har eg hatt ein kort føremiddag.
I dag hadde eg avtale med Gunhild Malena om ein tur ned til Hå gamle prestgard. Det var tett, tett skodderegn ute, og då er det greitt å ha regnklede. På veg ned kjørde me forbi ein stor flokk med kvite svaner som kvilte på eit jorde. Dessverre passa det ikkje å bremsa ned bilen akkurat då, så me fekk ikkje fotografert dei. Me ville gå ned til sjøen, men turkameraten min hadde høge elegante sko, så me bleir ståande litt framfor hengebrua og lura på om ho var for våt og sleip til å gå over i dag. Medan me stod der og vurderte kom det susande ei jente på eitthjulssykkel som utan å nøla tok rennefart over den lange brua med armane ut. Då var det ikkje meir å lura på, me gjekk over…
Lenger nede såg me plutseleg eit heilt kvitt dyr, det kan ha vore ein røyskatt, mår eller snømus. Skiftar dei to første farge om vinteren? Det kikka forvitent på oss, men stakk av og inn under eit gammalt hus då eg tok opp mobilen for å fotografera. Dyret kan så vidt skimtast på dette biletet, men eg innser at her ser det neste ut som ein hund eller ein katt… Som om nokon prøvde å lyga på seg den eine store naturopplevinga etter den andre…
Eg liker dei mange steingardane på Jæren som ligg der og vitnar om hardt arbeid. Dei er så fine å sjå på.
Og eg liker havet i grått ver. Fargane blir så fine og mjuke i sånn skoddeaktig lys.
Eg skunda meg heim for å ordna med postane til bønnevandringa me skulle ha i kyrkja. Dei siste fire timane av dagen vart brukte i kyrkja. Det var ei flott økumenisk gudsteneste. Eg unnar alle ein plass å koma til med trua si.
Her er eit par av bønnestasjonane:
Det kjennest meiningsfullt å ikkje bare bruka ord i kyrkja. Mennesket er så mykje meir enn øyrene sine.
Dersom eg er kjappare enn lynet med å få på ein oppvaskmaskin, så rekk eg kanskje å lesa litt på senga… Det hadde vore koseleg.
Heidi