Skip to content

Heldige meg!

mars 14, 2014

image

Heldige meg som kjenner så mange flotte folk. I dag var eg invitert til skikkeleg gourmetlunsj hos Anne Kristine. Me drakk te og åt heimebakt foccacciabrød. I tillegg serverte ho heimelaga leverpostei, heimesylta raudbetar, heimelaga eplemos og eplechutny med chili, som var nydeleg til blåmuggost, heimelaga rekesalat og til slutt jordbær og druer. Det smakte fantastisk godt. Eg fekk høyra melodiane ho hadde laga til tekstane mine, dei var så fine. Me snakka om at me lurde på om me snart kom til å få svar på korleis det hadde gått i barnesongkonkurransen til Ung kirkesang, der me deltek med fleire tekstar.

Ikkje før var eg komen heim, før eg fekk melding frå Anne Kristine om at eg måtte ringa henne. Då hadde ho fått telefon frå leiaren av prosjektet om at ein av våre tekstar var blant dei tjue songane dei hadde vald ut av 130 innsende bidrag til konkurransen. Teksten vår skal trykkjast i eit hefte som skal brukast i songkor med veldig små barn, frå tre år og oppover. Det var ein kjempekjekk beskjed å få.

Vel heime så var det å skriva vidare på idéboka i skapande skriving som eg arbeider med. Eg ser at det er mykje arbeid med å laga ei slik bok, men dette har eg bestemt meg for å gjennomføra. Leif har skrive fleire lærebøker, så eg har god tilgang til råd og tips. Innimellom vart det tid til ein koseprat på kjøkkenet heime med Sunniva, vikaren som stod utan oppdrag i dag. Men nå har ho fått seg helgejobb annankvar helg same plassen som Ingrid, så ein fridag sånn innimellom kan ho ta seg råd til å ta i mot med takk.

image

Det passa godt at eldsteguten stakk innom for i dag var det ein stabel nysteikte pannekaker på bordet. Me måtte jo feira seieren litt. Det har regna nokså tett sidan i føremiddag, og meir regn skal det bli, men det er eit deilig vårleg drag i lufta, og lyset har me fått tilbake. Dei neste to helgene skal eg til Oslo på seminar, så nå skal eg nyta ei helg i heimen. Her er nok å ta fatt i, for å seia det slik. Anne Kristine har begynt på billedvevkurs. Eg fekk kjempelyst til å setja i gang eg og. Håpar ikkje biledvevramma mi som eg kjøpte for tretti år sidan har havna på Fretex…

Heidi

2 kommentarar
  1. Åh, gratulerar till den antagna texten!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: