Skip to content

Det er denne ømheten i smilet

mars 17, 2014

Hav i mars

Det er denne ømheten i smilet

Det er denne ømheten i smilet,
det er dette mørke glitteret,
det er dette smilet i ømheten,
det er dette glitrende mørket.

Dønninger går i brønnen.

Kjetil Gjessing

Nå har eg hatt Kjetil Gjessing si lyrikksamling «Slik pila synger i flukten» på skrivebordet mitt i fleire veker. Som eit ledd i lyrikkspalta mi hadde eg bestemt meg for å ta det med i det første blogginnlegget det passa inn i. Sidan det liksom aldri passa perfekt inn, så tek eg det med i dag. Eg har hatt tanken i bakhovudet i ettermiddag: Mon tru kva eg skal skriva om i dag.

Så fann eg ut at eg ville skriva om noko eg har tenkt på ei stund at eg ville skriva om: Korfor i all verda skriv eg blogg? Eg høyrer mange rista på hovudet over bloggebølgja og seia at dei på ingen måte forstår seg på at folk vil utlevera seg på den måten… Eg har og tenkt på HC Andersen sitt eventyr om svinedrengen. Der blir det fortald om prinsessa som ikkje var i stand til å skilja det ekte frå det falske. Ho ville ha falske roser i staden for ekte, for dei falske var finare. Då ho oppdaga at nattergalen ho hadde fårr i gave var ekte, ville ho ikkje ha han. Hadde han vore kunstig derimot…

Det eg tenkte på med dette eventyret var at svinedrengen hadde fått tak i ei gryte. Gryta var slik at dei som hadde denne gryta kunne få vita kva alle i byen skulle ha til middag, dei spurde bare gryta, og så kjende dei lukta av svinesteika eller sviskegrauten dei andre skulle ha. Fordi hoffdamene og prinsessa var så hjelpelaust forvitne, var dei villige til å gjera omtrent kva som helst for å få tak i den gryta… Ein kan jo lura på om HC Andersen var profetisk begava… Nå har me den gryta i nesten einkvar heim under namnet digitale sosiale media. Mange seier: Kva i all verda skulle eg ha slags interesse av å vita kva andre folk har til middag eller kva barna deira driv på med…

Eg er interessert i menneske og i menneskeliv, og eg sluttar aldri å forundra meg over kor forskjellige og kor like menneskeliv er. Sidan eg høyrde om Kristianiabohemen har følgjande doktrine interessert meg: «Du skal skrive ditt liv.» Sidan eg aldri har likt tanken på å sleppa tida og dagane frå meg, har eg nesten heile livet skrive dei ned i eit forsøk på å halda dei fast.

Sjølvsagt er eg veldig glad i å skriva, elles så hadde eg aldri halde fast på eit prosjekt som dette, og på same måten som musikarar øver i timesvis kvar dag for å bli endå flinkare og for å halda presisjonsnivået ved like, så har eg tru på at eg treng å skriva, helst kvar einaste dag, for å bli endå flinkare til å skriva… Men det viktigste er kanskje at dette blir min talarstol. Her kan eg skriva om det eg synest er viktig, det eg vil utfordra andre til å tenkja igjennom og det eg gjerne vil tenkja på saman med andre. Då eg las bøkene til Dea Trier Mørk om livet i eit dansk svært venstreradikalt kunstnarmiljø, elska eg det. Eg tenkte på at veldig få har skrive om mitt miljø, om ein måte å leva på som eg kan kjenna meg att i. Om lett kaotiske jærbuar midt i naturen her med tankar om mangt og mykje og ei sterk tru på Gud og på at det gode går an. Om eit lite lærarliv fullt av elevar, golvvask som ingen tek for meg og alt det ein alltid burde… Ofte har eg tenkt at det såkalte «kristenfolket» slik det blir skildra på framsida av VG, og slik det framstår i ein god del romanar, kjenner eg meg over hodet ikkje att i… Og sidan så få har skrive om eit liv eg heilt og fullt kan identifisera meg med, så får eg gjera det sjølv…

Men vit likevel at eg til ei kvar tid skriv om det eg har lyst til å skriva om. Det eg ikkje har lyst til å skriva om, eller ikkje kan skriva om av omsyn til teieplikt og andre menneske, det skriv eg heller ikkje om. Dette er ein redigert rapport om ein kvardag som er min. Men alt er sant, i alle fall ut i frå mine objektive sanningar, og dei kan det vera mange av.

Og eg skriv med låg faktor av sjølvforsvar. Det eg skriv er ofte veldig upolert, av og til grøssar eg over eigne skrivefeil, som er der fordi eg ikkje har teke meg tid til å lesa skikkeleg gjennom. Det aller meste som står her er heilt ubearbeida, middels gjennomtenkt. Å laga finslipte tekstar har eg rett og slett ikkje tid til. Det eg har tid til er å skriva det som fell meg inn i ein halvtime kvar dag. Det byr eg på.

Og dersom dette er høgtideleg usjølvhøgtideleg, så får eg le litt av det og. Nå har eg henta Sunniva som har vore på dobbel jobb i dag, slik er det å vera vikar, plutseleg er det bruk for ein både tidleg og seint. Eg syntest ho fortente å bli henta halv elleve når ho har vore nesten samanhangande på jobb sidan åtte i dag morges. Nå kom eg på noko anna eg har lova nokon å gjera i dag… Då vart det med dette… For å dra sirkelen: «Med denne ømheten i smilet.» Som eg har skrive i eit dikt. «Eg samlar smil på gata. Eg plukkar dei frå ansikta til folk, og gøymer dei i lomma. Ikkje alle er til meg, men det betyr lite…»

Heid

2 kommentarar
  1. Ja, veldig kjekt at du deler. Det er til å kjenna seg att i, og derfor stadig til trøyst. 🙂 Eg skjønar rett nok ikkje at det går an å få gjort så mykje som du gjer, og gjera det så bra, men i alle fall, eg gler eg over tekstane dine.
    Men korleis kan eg abonnera utan å måtta gå om facebook? I går blei eg kasta ut av den språkgruppa. Det var dumt – skjønar jo kvifor, men tenk om folk kunne vera litt romslege… Ja, ja, skjønar at det kan bli vanskeleg. Det gode er at det var ein tidstjuv som forsvann, så eg skal nok vera glad til. Men eg fekk i det minste eit brukande svar – så nå sel eg Tøflar, filt, blå med store grøne prikkar 🙂 Berre trykk på namnet mitt, så kan du sjå dei, trur eg. 🙂 Her inne er det heilt sikkert berre snille forståingsfulle folk, men eg droppar lenkja i teksten. 🙂

    • Vart du kasta ut på grunn av tøffelbiletet? Fy så strengt. Her får du gjerne leggja ut bilete for meg i alle fall. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: