Skip to content

Fortel meg kven eg er

mars 24, 2014

ender med vengene ned

Fleire enn meg har sikkert site på facebook eller på andre nettstadar, og mest for underhaldningsverdien si skuld, teke testar som kan fortelja oss kven me er i Mummidalen, kor me burde bu, kven som ville vore vår perfekte livspartnar, kva som er vår mentale levealdar, eller kva slags sko me er… Om nokon måtte lura, eg er ein blanding av Snorkfrøken, Mummimamma og Snusmumriken, min mentale alder er 21 år, og eg er eigentleg ein conversesko. Me speglar oss i «likar» på facebook og instagram, og me speglar oss ofte og stikk innnom diverse stadar for å finna ut kva slags hud me har, kva for ein joggesko som er perfekt til vår løpestil og kva som er feittprosenten vår eller vår fysiske levealder. Eg må innrømma at eit par av desse komponentane har eg ikkje ein gong lyst til å vita, langt mindre til å leggja ut på facebook. Me har kanskje aldri før vore så opptekne av å finna ut kven me er og av å bli bekrefta?

På laurdag høyrde eg på Magnus Malm, som er ein klok mann, med masse erfaring frå retreatrørsla, der han har vore leiar og rettleiar. I kristen retreat ligg det dette å trekkja seg tilbake frå kvardagen sin i eit kortare eller lengre tidsrom for å be, tenkja gjennom livet sitt og skaffa seg ein oversikt i lys av tid til ettertanke. Han er i mine auge ein veldig klok mann. Eg har høyrd han fleire gonger på korsveifestivalar, og lese fleire av bøkene hans. Det var fint å høyra på han denne gongen og, fint og utfordrande. Han har nemleg ein del tankar som er alternative og utfordrande direkte inn i tida vår.

Han fortalde om ei interessant oppdaging. På eit stort arrangement for ungdom og unge vaksen opp til i trettiårsalderen, hadde mange kome fram for å få ein sjelesorgssamtale eller forbøn. Påfallande mange hadde kome med fylgjande problemstilling: «Eg veit ikkje kven eg er. Korleis kan eg finna det ut?» Dei lurde på kven dei skulle vera, kva dei skulle tru på, kva dei skulle stå for og kva dei skulle meina. Magnus Malm som har møtt menneske på denne måten gjennom mange år gjorde seg tanken: «Korfor er så mange så opptekne av dette akkurat nå?» Det var då ikkje den problemstillinga folk hadde pleidd å be om hjelp til å finna ut av for ti år sidan eller for tjue år sidan?

gullspurv

Han snakka om dette enorme behovet for å bli bekrefta, vera vellukka, prestera sitt liv… Noko som i seg sjølv er nok til å gjera einkvar frykteleg sjølvsentrert. Me lever for å få bekrefting og anerkjenning? Koss har me i så fall vikla oss inn i dette uføret. Magnus Malm meiner at marknadskrefter og reklame alltid vil hendvenda seg til det som er bresten i eit menneskeliv. Der me er redde for å koma til kort. Hans diagnose er at samfunnet er i ferd med å vikla seg inn i eit system som særleg er tungt å bera for ungdom, som ikkje har så mange motforestillingar: Du skal vera ditt eige varemerke. Du skal skapa deg eit image og ein profil som held mål, der du marknadsfører deg sjølv som om du var ein vare. Til slutt står du i fare for å bli akkurat det: Ein vare du skal selgja på marknaden slik at nokon kan få profitt av deg.

Han meinte og at me tenderer mot ei tid der det gjeld å framheva seg sjølv og sitt eige image på bekostnad av fellesskapet og av andre menneske. Og kom med fylgjande vesle humoristiske betraktning: «Världen har visst inget sentrum, så då kan det inte vara jag…»

Eit slikt samfunn har nytte av at me speglar oss mest mogleg, derfor heng det oppe «speglar» overalt som kan fortelja oss kven me er. Dessto meir me speglar oss i dei og i kvarandre, dessto likare vil me enda opp med å bli, og dessto meir vil det kreva av oss å vera bra nok…

Og kva er så medisinen for eit slikt samfunn? Så langt heng sikkert mange med og kan nikka bekreftande, men i det fylgjande kan ein nok koma til å bli provosert. Malm meiner at ein av diagnosane våre er at me har mista grepet på kven me eigentleg er, fordi me ikkje lenger set grenser for oss sjølve. Viss ingen fortel oss kor «eg-et» startar og sluttar, mistar me grepet på korleis me har rett til å breia oss ut og ta plass og prioritera oss sjølve framfor andre. Hans råd til menneska i dag er å bruka meir tid til bøn og ettertanke. Hans gudsbilete inneber at det finst ein Gud som er større enn oss og annleis enn oss. Om me tek seg tid til å trekkja seg unna alt som kokar rundt oss, så kan Gud få sjanse til å justera oss og visa oss kven me er. Hans påstand er at me treng bøn og ettertanke for ikkje å gå oss heilt vill i eit samfunn som løftar ideal som ikkje nødvendigvis er verken sunne, idealistiske eller solidariske. Hans påstand er at viss me bare speglar oss i kvarandre og dei speglane «forbrukarsamfunnet» har hengd opp for oss, vil me til slutt bli heilt like. Tek me oss tid til å trekkja oss tilbake til «heilage rom», ikkje for å isolera oss, men for å henta inspirasjon og styrke, vil me kunne utvikla oss til dei originale menneska me er tenkt til å vera.

Eg ser sjølv at dette er ganske provoserande tankar, men eg trur det er sunt å tenkja dei, og så sjå kva tankar dei føder i oss. Sei gjerne kva du tenkjer om dette. Sjølv har eg fått inspirasjon til å «våga å vera annleis» og til å prøva å bruka meir tid til å vera stille. Sei gjerne kva du tenkjer om dette. Eg lyttar med interesse.

måke

Og helga med gode venninner var heilt fantastisk. Eg avsluttar litt rundt, slik det ligg i min natur med ein korpsskulptur frå St Hanshaugen og fylgjande kloke sitat frå danske Benny Andersen:

«Lær mig hvor jeg skal falde ind når den store musik begynder…»

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: