Skip to content

Her er sol og glede

april 3, 2014

image

Når det plutseleg er varmt, høg sol og vindstille, så trur me nesten ikkje det er sant. Men sant er det, sjølv om folk måtte skrapa rim av bilane sine i dagmorges etter ei frostnatt. Kveldane er plutseleg lyse, det er fantastisk, sjølv om det må innrømmast på det same utpustet at morgonane har vore frykteleg tidlege denne veka. Eg må og innrømma at denne veka kjendest det godt å vita at helga skulle tilbringast heime i mitt eige hus, spesielt var det godt å slippa å pakka kofferten seint onsdag kveld for å vera reiseklar klokka elleve neste dag etter å ha vore på jobb tre timar først. Det har vore ei veldig travel veke, eg har mest ikkje vore innom huset. Eg har rett og slett vore litt stressa fordi det skjedde så mykje samtidig, men nå slepper det taket, kjenner eg. I går hadde eg tid til å koma meg ut ein time mellom to arbeidsøkter, eg sat på benken på torget og åt ein improvisert middag beståande av brød og banan. Det var så fint i sentrum, og den vesle sundagsprinsessa til Fritz Røed strålte bronsebrun i parken, der det og var kome opp store mengdar påskeliljer. Det er ikkje kvart år påskeliljene rekk å stå i bløming før påske.

image

I ettermiddag reiste eg og Sunniva ned til sjøen for å få oss ein tur i den fine ettermiddagssola. Det var forbausande varmt og vindstille på stranda. På markene ved sanddynene flaug vipene lågt over markene med sine lange litt klagande vi-ip, og lerka song. I alle fall trur eg at det var lerka. Eg er ikkje flink nok på fuglelydar, men har lyst til å læra. Det er tydeleg at naturmaktene har jobba hardt i det siste, for landskapet på stranda var heilt forandra sidan sist eg var der. Sanden hadde flytta på seg, og sjølve strandlinja kan eg ikkje hugsa å ha sett så smal nokon gong. Det må ha vore skikkeleg høgvatn. Med ein lufttemperatur på ca 10 grader og med nattefrost dei siste nettene, går eg ut i frå at sjøen var iskald, men ein gjeng tenåringsjenter hadde likevel bestemt seg for at dette var dagen for årets første bad.

image

Sjølv hadde me det varmt og godt med vinterjakkar og skjerf, men på Orre møtte me ein varmblodig bonde som var ute og gjekk tur i T-skjorte og badeshorts. Ein smule kaldt såg det ut til å vera, men all respekt for alle som synest at vinteren har vore lang nok og viser det så tydeleg.

image

I kveld har eg vore saman med gode kolleger og ete ein utruleg god treretters middag med bruschetta, svinefilet og rotmos, og pannacotta med masse friske bær på toppen. Lufta hadde eit ganske skarpt drag då me gjekk heim ein halvtime før midnatt og nymånen hang som ein sigd over Rosseland skule. Nå er det skrivedag i morgon, og det er ikkje feil i det heile tatt, ettermiddagen skal brukast til øving før tiandeklasseforestillingane i neste veke. Stykket heiter «IRL, Det ekta livet», og er ein framtidsdystropi om eit samfunn der alt foregår digitalt og ingen er i stand til å dyrka mat, bygga hus eller hogga ved lenger. Straumen går og internett klappar saman. Ei gruppe tenåringar, som bare er vane med å omgåst med folk via internett må prøva å læra ein ny måte å leva på. Det er alltid spesielt å sjå ei teaterforestilling eg har vore med på å laga materialisera seg og ta form. Nå er det bare ei veke til premieren. Sidan eg har slutta som dramalærar er eg ikkje hovudansvarleg for teaterdelen lenger. Eg er bare med på øvingane nå i innspurten. Det kjennest heilt greitt, og eg gler meg til å sjå resultatet av all øvinga om ei veke.
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: