Gå til innhald

Dejlig i Danmark

april 12, 2014

image

Eva Mari ankom i titida, og så var me klare for storbyen. Det var strålande sol og blå himmel, sjølv om vermeldingane har gått ut på regn og overskya. Med Eva Mari som partnar, så gjekk det ikkje lenge før eg hadde fått meg svart bluse med rosa bomber, lang svart jakke og svart kjole med psykedelisk stripemønster? Eg trong litt ny sminke, og plutselig stod eg der og fekk lagt full sminke av ei dame som kunne det? Eg handla litt meir enn eg hadde tenkt der og, og vandra ut med ein pose eg akkurat nå oppdaga at eg ikkje har lenger…

image

Den oppdagelsen gjorde meg ein smule stressa, så nå har eg rekonstruert bevegelsane mine, søkt på nettet, funne telefonnummeret til staden me åt, og på stotrande dansk- norsk, på ei dårleg linje fått vita at posen låg att der og kan hentast. Det føyer seg inn i rekka med min sedvanlege flaks, med gjengløymde gjenstandar. Takk og lov for det.

image

Det er nok meir dansk enn norsk å servera kundane sjampanje ein laurdag føremiddag på varemagasinet…

Og her er staden der dei har både god mat og ærleg betjening som tek vare på gjengløymde posar med dyr sminke …

image

Denne veske franske restauranten låg skikkeleg idyllisk til.

image

image

Der åt eg deilig ostetallerken, og jentene omelett. Me var der saman med broren og svigerinna til Eva Mari som bur like i nærleiken. Det var kjempetriveleg. Eva Mari åt fiskesuppe.

image

Me var langt frå dei einaste som flannererte på Strøget mellom gatekunstnarar, musikarar og pannekakesteikjarar. Det var tett i tett med folk ute. Nokre i shorts og sandalar, og nokre med vinterjakkar og store sjal. På Illum Bolighus møtte me Anne Mette, Kristina og Torje og fekk ein hyggeleg prat.

Jentene hadde lyst til å setja seg ned ein plass og kvila beina og kanskje eta litt is. Me ende opp på ein stad son heitteBeirut, der folk nok primært kom for å røyka vannpipe, lytta til eksotisk musikk og spela sjakk med gode venner. Eva Mari vart glad for å oppdaga at det stod påskegule skåler med påskeharer på fulle av gratis lakris. Lakris er nemleg yndlingsgodteriet hennar.

image

Det var bare det at lakrisen viste seg å ikkje vera lakris, men kullbrikettar til vannpipene. Ho opna heilt fortørnet munnen og både tenner og lepper var svarte av kull. Nokre av oss fekk fullstendig latterkick. Sunniva fann ein serviett ho kunne spytte kullet diskret ned i før dei oppdaga kva me hadde gjort, og ei flaske vatn til å skylda av og ned med. Etter det var stemninga veldig lettbeint mellom nordmennene. For ordens skuld så har eg fått lov til å skriva dette…

image

Og me koste oss lenge der med te, franske vafler, is og saltstenger.

image

Så gjekk me heim att via Gråbrødretorvet, ein stad eg er innom kvar gong eg er i København. Like ved der me bur, går ein lettkledd keisar parademarsjen sin i eit utstillingsvindu… Og eg skal snart gå parademarsjen tilbake for å henta gjengløymd sminke. Ingrid pyntar seg til kvelden. I kveld skal me eta indisk og i morgon er planen å leia bil.

image
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: