Skip to content

Rundtur på Sjælland

april 13, 2014

image

Eva Mari som er ei tøffare og meir handlekraftig dame enn meg, i alle fall når det gjeld bilkjøring, lurte på om me ville bli med på å leia bil og ta ein rundtur på Sjælland. Det ville me absolutt, spesielt dersom ho ville vera sjåføren. I dag kom me oss opp til ein tidleg frokost før me drog til Kastrup for å henta leiebilen. Det viste seg å vera togstans mellom Kongens Nytorg og Kastrup, så det fekk bli taxi i staden for. I dag kosta distansen seksti kroner meir enn då me reiste hit på fredag kveld. Sjåføren ville ikkje ta norske bankkort, og etterpå oppdaga eg at han hadde gitt meg ein hundrelapp for lite tilbake på femhundre kroner. Dersom det var med fullt overlegg, så håpar eg han hadde god grunn til å lura oss, for eksempel at han av viktige grunnar trong ein ekstra hundrelapp ekstra mykje akkurat i dag…

Heldigvis er me i den lukkelege situasjonen at me faktisk har råd til å tapa ein hundrelapp eller to. Då me stoppa på ein bensinstasjon for å få litt hjelp til å finna strandveien til Louisiana, fekk me med oss fylgjande oppfordring:

image

Våren er komen lenger her enn heime. Det var nesten ein berusande følelse å sjå kvitveis, påskeliljer, løvetann, gyvlar, japanske kirsebærtre og noko som eg trur kanskje må vera magnoliatre bløma om kapp. Bjørkene er i ferd med å spretta i nydelege bjørkegrøne nyansar, og graset er i ferd med å bli grønt att. Det var nesten sittande mai- stemning, bortsett frå at dei flagga me såg var danske og ikkje norske.

image

Og her er glade damer på veg mot sommaren…
image

image

Me kjørte fordi ein rar liten butikk som heitte «Fruens vilje», som låg langs vegen heilt for seg sjølv. Der stoppa me og gjekk inn, bare fordi me hadde tid og lyst.

image

image

image

Me kunne gå opp ei smal og bratt vindeltrapp til eit ekstra rom på loftet, der oppe var det klede og gamle speglar. Eg såg mitt snitt til å prøva meg på ein «sjølvi», sidan det er blitt så moderne der eg kjem i frå…

image

Mellom mange rare og meir og mindre brukbare gjenstandar, nokre nye, andre veldig gamle plukka eg med meg tre blomstermalte glasegg, sånn ca på storleik med gåse-egg som eg kan pynta stova med til påske. Før me kjørte vidare måtte eg foreviga nokre av dei fine kvitveisane som vaks som kvite teppe i skogsbunnen ved havet.

image

Me såg både rådyr og flokker med svaner, der svaneungane av i fjor var i ferd med å skifta farge og forvandla seg til nye kvite svaner. Neste stopp var Louisiana, det store kunstmuseet. Då me nærma oss kom det kunstglade menneske i store flokkar nesten som pilegrimar på vandring… Me måtte stå i kø ei stund i vårsola før me slapp inn. Museet var veldig stort og låg i ein fantastisk fin park ned utsikt mot havet.

image

Den store museumsbutikken var i to etasjar og så spennande at det tok tid før me kom oss vidare. Sunniva fann seg jakke, og Ingrid små trykk til heimen.

imageJ

..image

..image

Då me skulle til å gå laus på kunsten, oppdaga me at me i grunnen var ganske svoltne, så vart det rekesmørbrød, te og scones i den fine museumskafeen.

Me bestemte oss for å sjå to av dei mange utstillingane. Først såg me ein med moderne arabisk kunst. Det var ei flott utstilling med installasjonar, bilete og filmar. Her sit me i eit arabisk gjestehus og høyrer eventyr frå «Tusen og en natt», lese inn på arabisk og dansk.

image

og her ser me ei gruppe arabiske musikarar spela på brød…

image

Så gjekk me vidare til hovudutstillinga, ei utstilling av bileta til svenske Hilma af Klint (1862-1944). Ho var for meg ukjend, men vart eit spennande bekjentskap. Ho malte abstrakt og modernistisk som ein av dei aller første, men ho stilde ikkje ut det ho laga. Ho var veldig oppteken av religiøse spørsmål og dreiv med spiritisme, etterkvart vart ho spesielt oppteken av teosofi. Ho opplevde å under ein seanse å få beskjed om at ho var utvald til å mala heilt spesielle bilete. Teikningane til bileta er delvis laga som automat-teikningar, det vil seia at ho følte at det var åndelige krefter og ikkje ho sjølv som styrde blyanten. Dei ti største arbeida hennar er som ei livsfrise der kvart bilete symboliserer ein periode i menneskelivet. Eg likte bileta hennar veldig godt. Fargene og formene var så vakre. Dette biletet symboliserer barndomen:

image

Eg kjøpte med meg ei bok, slik at eg kan lesa meir. Etter den siste utstillinga fekk me i dag og eit møte med Anne Mette og familien. I morgon kveld skal me møta dei og eta middag i lag. Det gler me oss til.

Ferda vår gjekk vidare til den vesle byen Hornbæk, der me handla og spaserte og åt middag på ein italiensk liten kafeteria.

image

image

I denne vesle merkelige bruktbutikken hadde dei formfullendte ballerinaer, utstoppa beverhoder på gamle biblar og gamle loslitne bamsar med gassmaske på…

Så gjekk ferda vidare til Tisvilde med forblåste strender, kitarar og bølgesurfarar, men der gjekk batteriet i i-paden tomt for straum så eg fekk ikkje fotografert verken der eller ved Roskildefjorden. Bilen vart levert i like god stand som då me lånte han, og tolv timar etter at me drog frå hotellet var me heime att. I spisesalen får hotellets gjester gratis te og kaffi heile døgnet, men eg var litt redd for at me strekte strikken for langt då me rigga oss til med bakervarer frå bakeriet i Hornbæk, saman med ost og smør. Eg kjende meg litt skuldbetynga då nattevakta kom inn, men i staden for å kjefta, henta han eit saltkar til oss, og tende fleire stearinlys, som han sa «Kun for hyggens skyld»… Me liker danskar…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: